Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
Carl Butler
USA

1. juni 2005 kl. 17:27
Researhing Nils Olso Stadheim family

Z
kjedlaren has Ivar

1. juni 2005 kl. 19:41
Ja ja kara... Det er godt å sjå at vitet vende attende på alle og einkvar. Men til deg Oddgeir vil eg seia at når ein sit her i navlen (so du so vakkert seie) so gir ein blanke fan i tjøyne andre stadar på kroppen!! Eg kan opplysa om at underteikna, Darky, Søbben, Vevmeistaren og Geddyen var samla til ølkveld i vevmeistarstova førre laurdag. Det gjekk som seg hør og bør fint for seg, med litt hetsing av omkringliggjande prestegjeld og med den gladromantiske slåtten "Budeiene på Vikafjell" på øyra vart det ein minnerik kveld for oss trongsynte inni fjorden.

tux
bendix

1. juni 2005 kl. 21:37
Er de åst på skjeva i helga? Hansa-muskelen vrir seg i lengt etter Plenpils på Vodl! Har du nokre bilde på gang?

arne sunde
rosendal

2. juni 2005 kl. 14:34
Utruleg bra nettstad! Har diverre ikkje vore innom før! Fantastisk flotte bilete. Gartulerer!

Paul Butler
USA

2. juni 2005 kl. 18:10
I've pointed your website out to my uncle, Carl. He traced our roots back to Vik i Sogn and would be interested if there is anyone who can do research there for him.

On another issue, what is the source of drinking water there in Vik? Do the farms have wells or do they rely on streams? Also, does the fjord contain sea (salt) water or fresh water?

Paul Butler
USA

3. juni 2005 kl. 0:07
I appreciate you taking the time to answer my questions regarding Vik. I am afraid my interest in Vik has produced a lot of questions.

As I read various records from Vik, I come across the following farm names: Vange, Vangen, and Vangestad. Are these different farms or are they variations of the same farm?

Carl Butler
Illinois USA

6. juni 2005 kl. 3:18
I would like to send you a printed copy of the Nils Olson Stadheim descendants that I have printed out from Family Tree 2005. Where would I send it to?

christelle
Angers - France

7. juni 2005 kl. 16:42
Hello !
I'm not writting a lot of "blabla", because it's not realy simple for me, (i hope you understand everything !), but my friend and me wanna ask you one question ! This summer, in august we'll come in Norway, and more specificly in Vik, in Tistel camping to see Annbjork and her friends ! And we want to thank you for your website and your so beautifull pictures, and by this way, offer you a bottle of french wine !!
But what do you prefer ? white, red, "rosé" or sugar wine ? Good question isn't it ""

Are
7. juni 2005 kl. 18:00
Eg kan levande sjå det føre meg. Vevmeistaren sit i skrivarstova med lusekofta og tøflar, medan han sipper billig fransk "sugar wine", vin han har "vunne" i ei ikkje utlyst tevling.
Kan han drikka slikt skvip han er blitt tilbudt frå utanbygds folk, endatil mennesker frå SYDEN?
Dette blir spanande, - heng med!

HC
ODDA

7. juni 2005 kl. 20:31
Koselig å sjå bilder på vikjaveven, det får meg til å lengta t Vik. Skal dessverre ikkje heim i sommar så eg får ha denne sida som erstatning.
Var ein tur t Varden for nokre daga sia, ser ut t at eg var den første der oppe i år, fint skareføre, så det var lett å gå for meg og bikkja.

Paul Butler
USA

7. juni 2005 kl. 22:51
I understand that during the 1800's people took the name of the farm where they lived. This "last name" could change as they moved. Was their an urban portion of Vik where people could own a house without living on a farm? Could someone buy a house in town, move from the farm where they were born, and set up a business? If so, what determined their last name without a farm?

Paul Butler
USA

7. juni 2005 kl. 23:00
I don't see a tremendous amount of trees in Vik. Did there use to me more or less? Was the whole valley originally wooded and slowly cleared for farms? I've read that the Vik farmers relied on bark and twigs to supplement their livestock feed. So, trees were a necessity. But, what kept this resource from being depleted? Also, what did our ancestors burn to keep warm? Thanks.

Paul Butler
USA

8. juni 2005 kl. 17:56
I have read of an Engum and Bolstad in Kvamsøy, Vik. I read from your site that Kvamsøy was transfered to Balestrand. However, I cannot find Kvamsøy. Can you point me in the right direction?

I've also read the terms Gronsberg, Blystakk and Henjum. Do you know where these are located? Takk De.

tux
bendix

9. juni 2005 kl. 0:21
Sukkervin er ikkje bra for hårfeste, du blir doven og lat og må akklimatiserast med øl på fat, skvipet kan du dele ut til dårlige gjeste!

Erik van den Hoek
Soest Holland

11. juni 2005 kl. 23:58
Hei

Dette er helt sikkert en av fineste hjemmsider i Norge !
Bra job !!!!!

hilsen fra Holland

Erik & Margot

( Norge forelsked siden mye år )

Z
hite me hitt folkje

12. juni 2005 kl. 9:35
God morgon godtfolk! Kor fan er alle henne? Veven er byrja å verta ei infoteneste på ukjent mål om kulturlandskap, blåjymmer og kva vatn det er i fjorden! Tux er smått frampå, men kvar er resten? Har "sjnomælarkongen" lagt seg i sjnohola si? Har Tor floge lukst til helheimen? Har Darky drukna i ein "dark ale"? Ha na Louvisa knytt atte strikkatrøya? Sjølv om det er sumar og ølkonsumet til karadn dreg seg mot uante høgder bør ein kunne klatte nedpå nokre ord om tilstanden rundt om i det ganske land! Einaste ein stakkar i aust kan vera sikker på er at i kjedlarstova ligg ein krabat godt tilbakelent på sauefedl, plukkar ein sneip frå askebegeret, fyrer opp og lyttar til rockemusikk medan ein kvit kaffitraktar putrar og går borti kroken. God helg!

P Butler
USA

13. juni 2005 kl. 1:42
What is the difference between "Vik i Sogn" and "Vik, Sogn og Fjordane"?

Z
oslo

13. juni 2005 kl. 16:35
Å fri og bevare meg vel! No må de på bana kara!

Riintjee
Heerenveen

13. juni 2005 kl. 21:41
Wee that ar used too flat terrain, there is faboulous to see thiis fantastic web-site witth a lot of steeper than steep mountain-sides falling directly to the fjord (fresh or salt, i don't care). Keep up the good work of yourselves, and roam aroun' take pictures of whatever you want for the viewers!
Fantastic!

Darky
austanfor sol, vestanfor måne

14. juni 2005 kl. 12:03
Rykta om mi drukning i mørkt, alkoholhaldig fluid er særs overdrevne.

Det var imidlertid så hardt å vere heime i Vik at eg måtte ha ei veke ferie etterpå for å komme meg igjen.

jarek
polen

15. juni 2005 kl. 16:21
zawsze bede tu wracał

Holy
Bøørgen

15. juni 2005 kl. 18:11
tiss iss a verry nais peidsj ju hæv. ai visj tu kåmm tu jår plais såm taim, meibi ju hæv bir får(sau?) me?

Darky
Where the sheeps have no name

16. juni 2005 kl. 9:01
Dei er søte medan dei er små. Seinare gjere dei seg best blanda med spekk, salt og krydder, og vakuumpakka i raude pakkar med "Vossafår" på etiketten.

Vevmeistaren
Vodl

16. juni 2005 kl. 10:59
Ein lyt atter minna om at her på veven er Vevmeistaren allmektig, og at ein sit på kraftige våpen i kampen mot kritiske og spitige debattantar. Sletting av innlegg er sjølvsagt nærliggjande. Men det beste verktyet er IP-filter. Det inneber at eg kan sperra ute ein heim eller ein heil arbeidsplass.

Det næraste eg har vore å ta i bruk dette masseøydingsvåpenet var under snjomælarkrisa i mai då Z i kampens hete presterte å kalla snjomælarkongen ein "dustetittel"! Å sleppa Z innpå gjesteboki er som å leggja ein tornekvist i handa åt den blinde tenkte eg då. Han veivar vitlaust med tornekvisten sin for å råka motdebattanten, men ser ikkje at folk fell til høgre og venstre. Kva ville du sei, Z, viss du kom på nattskift ein kveld og ikkje fekk opp gjesteboki? Eg ser føre meg den lange mannen, tidlegare so kjekk og kveik, luska seg krylryggja inn på Deichmanske for å avlevera sine bitre og hemngjerrige innlegg.

Z
periferien

16. juni 2005 kl. 17:13
Ay ay ay... Her treng ein visst nokre oppklårande ord! At eg kalla den fantastiske tittelen "sjnomælarkongen" ein dustetittel var sjølvsagt langt over streken. Dette ber eg om orsaking for, men det var i frustrasjon over eiga tipping og det var også i "kampens hete" som vevmeistaren korrekt påpeikar. Eg har stor respekt for både den høgthengande tittelen og samningen som vann!

Men å kalla meg ein blind med ein tornekvist i hand pga mi kritiske røyst, er tant og fjas! Utan kritiske røyster vil eit kvart samfunn snubla i sitt eige ego og sakte men sikkert svinna hen. Å vabba rundt i brennenåta utan å spyrja seg kva ein kan gjera for å komma seg hit på plenen er inkompetent og latterlig. Når reinsflokken har retning utfor stupet pga at leiarbukken har det, hadde det vore til flokken sitt beste at ein liten fan midt inni flokken hadde komme med det opprørske spørsmålet: Kva viss heile gjengen spring langsetter kanten istaden? Dette kunne kanskje fått resten til å tenka seg om både ein og to gonger. Eller kva vevmeistar?

So lenge vikjaveven og innbyggjarane her inne eksisterar skal den kritiske røysta til Z ljoma utover monitorar frå Myklagard til Eirik Raudes land!

PButler
USA

16. juni 2005 kl. 18:27
I have been reading the 1801 Vik Census and have found words that are not in my Norwegian dictionary. Can you help? For example, "Beboer og bruger gaard". I can see "resident of ---- farm", but I don't know what "bruger" is.

Other words are huusmoder, ugivt, tienestepiger, naerer sig ved arbeid.

Is gaardbeboer translated "farm resident"?

tux
bendix

16. juni 2005 kl. 23:42
Ein dag her i forrige veke, stod eg å pisste på ei klynge med brennenåte. Kvifor eg gjorde det skjønte eg ikkje før i etterkant. Det var ikkje akkurat hyggeleg gjort mot planta tenkte eg eg eit sekund før blandinga av planta si lukt og mitt eige avfall nådde nasen. I eit blenk såg eg meg sjølv, 8 år gamal på sykkel, inn mot Neset. Eg let augene kvile eit augeblink for lenge på naboen sin forhaustar, mistar styringa og rasar i grøfta med sykkelen over meg. Rundt meg på alle kantar står svære, sultne og velfødde eksemplar av denne stikkande planta. Den er ikkje tung og be og bit seg fast i den stakkars skrotten som ligg å kavar kun iført sjårts. Hendinga set sine spor, og i etterkant er eg ikkje tung å be når sjansen byr seg, på veg frå skule, trening eller anna. Eg stoppar opp, legg sykkelen frå meg, og ladar kanonene. Pumpar brennesla full i piss! Hevnen er søt og eg bedriv den i lang tid, ikkje før i dei seinare år har eg gløymt, og latt denne planta stå i fred. Men min eminente luktesans har vekt noko i meg, i sommar skal eg ikkje gløyme det som ein gang var! Oppmoar med dette alle lesarar om å benytte anledningen, vist den skulle by seg fram, om å skyte med skarpladd kanon. Ser du ei klynge eller ein kvast ikkje nøl!

Strending
Bergen

17. juni 2005 kl. 8:15
Er det slik om å gjere å gjødsle brenneneslene slik då? Er dei ikkje store og vonde nok?

tux
bendix

17. juni 2005 kl. 17:43
Dei skapar balanse gut. Pissinga er ei symbolsk handling. Om me skvettar litt i sommar, trur eg neppe me klarar å utrydde buskene, men skvettinga er presisjonsfremjande og gjev meg sjelefred.

Are
17. juni 2005 kl. 20:37
Ei herlig tid me har no, Tuxegutten!
No kan ein jo sjå denne djevelske planten sjølv midt på natta, for ikkje å snakke om dei sokalla seine nattetimer (les: små timer) Denne tida på døgeret blir jo ellers i året brukt til meiningslaus pissing i tilfeldige buskas.
No er det 24/7. Til glede og presisjonstrening. Død over Brenn-nesla(?)!

Strending
Bergen

17. juni 2005 kl. 21:20
Ja, ja, om Vik vil verta kjend som brenneneslebygda so...hald dekan heller til gamalosten seier eg! Den smakar i det minste betre, i alle fall så lenge all brennenesla-suppa i bygda har ein bouquet (eller korleis ein stavar det...) av piss.

Vevmeistaren
Søbbejordet

20. juni 2005 kl. 10:45
Fyrst av alt vil eg orsaka mitt seine svar. Eg har vore ute på ei av mine hyppige reiser og har vore avskoren frå sivilisasjonen.

Vidare vil eg ytra at eg godtek Z si unnskyldning, og at eg ikkje har noko mot at han nektar å ta inngrodde dogmer for god fisk, så lenge han let mine og Vikjaveven sine dogmer vera god fisk. Trass i alt, hadde det ikkje vore for slike som Z hadde jordi enno vore flat (kva det no er som er so gale med dét).

Darky
niri dessa londi

20. juni 2005 kl. 15:09
Tvi vøre! Himmelen forby at jordi (og andre ting) skulle vera flate!
Nei, berg, bakkar, og runde former skal det vere!

Ellers så verkar det som Z har fått noko på vevmeistaren, for eit slikt knefall har vel ikkje verda sett på eit stund.

tux
bendix

20. juni 2005 kl. 15:16
Når du er på Søbbejordet, du kan ikkje klare å sjå om 4-mannskøya sentralt i Søbbe er i drift?

PButler
USA

20. juni 2005 kl. 17:54
Thank you for the link. Very useful. Is the 'beboer og bruger gaard' simply the manager of a farm for the land owner or does he own the farm?

Z
på ei rund jord

21. juni 2005 kl. 1:10
Hallo i natta! Endeleg ser det ut til å verta litt fres i gjengen, brennenåt var det som skulle til!

Og eg kan roa Darky med at eg har ikkje ein skit på vevmeistaren. Og at sistnemnde kallar meg ein villfaren neste får ein berre registrera, det prellar av som ordensreglar på anarkistar!

tux
bendix

21. juni 2005 kl. 14:56
Eg ventar svar. Skal skrive særoppgåve om hamskifte i Kjedlarstova. Treng innspel frå invidde. Frå hyttemøbel, kaffitraktar og saueskinnspels til 4-mannskøye under open himmel. Kan "Kjedlarstova" brukast når inntak av øl skjer i næraste omegn? Eller er det ikkje "Kjedlarstova" men kjedlarstova?
Kjør debatt!

Z
solo

22. juni 2005 kl. 0:20
Flott initiativ tux, og godt val av særoppgåve! Eg meinar Kjedlarstova er ein institusjon for øldrikking i indre Sogn, ikkje berre ein spesifikk stad ein møtest for å preika skit. Og dermed kan også namnet nyttast sjølv om ein svingar roleg fram og attende i 4-manns køya i hagen. Ein er ikkje nøydd å sitta i hyttesofaen, eller lena seg attende på sauefellen for å vera i Kjedlarstova. Noko anna du bør merka deg som skjer når søbbe skiftar ham frå trauste hyttemøblar til brasiliansk 4-manns køye er musikken. I den mørke årstida går det i rock n' roll, gjerne beinharde greier som hadde fått sjølvaste gamle-Eirik til å falda hendene i sauefellen. No når Kjedlarstova har flytta utandørs kjem rytmane og smilet fram gjerne representert ved Bob Marley, Sly & Robbie og Peter Tosh. Lukke til med oppgåva!

tux
bendix

22. juni 2005 kl. 11:05
Takkar for responsen frå Z. Her er det mykje å ta tak i, men er det kritiske røyster der ute, så er eg vel så avhengig av dei som av tilbedarar som meg sjølv og Z. Treng også veiledar undervegs, for ikkje å gløyme relevant litteratur . Er det nokon som kan stø meg på vegen?

PButler
USA

22. juni 2005 kl. 23:46
I've come across a passage in the 1958 Bygdabok for Vik i Sogn (p. 504) for Bendik Sjurson Undi (Bruk nr. 2) that puzzles me. It reads, "Bendik var elendig krøbling, vert det sagt".

My rough translation is that Bendik was crippled with a saw. But, I can't find "elendig" in my Norwegian dictionary. Can you translate? Also, there are occasional words which appear in angled brackets. What do the brackets signify? Thanks.

Darky
The Emerald Isle

23. juni 2005 kl. 8:10
"Elendig" translates to "lousy" or "miserable" or words to that effect.

Tuxipux, det er med yrande forventning me no ser fram mot denne oppgava di. Det er eit særs viktig og vanskeleg tema du har valgt, så dette blir bra snus.

PButler
USA

23. juni 2005 kl. 20:38
I incorrectly thought that "sagt" was an archaic form of "sag". In English, the word "saw", when used as a noun, is a cutting device. But, when used as a verb, it is the past tense of "to see". Is this the same in Norwegian?

I find that the Old English spelling of "saw" is "sagu". I wonder if the English word is from Nordic influences. Thanks for your quick and tactful responses. I see that I have got to get a bigger Norwegian dictionary.

at
23. juni 2005 kl. 21:09
Bendik Sjurson Undi (Bruk nr. 2). Minnar om Tyrkia-hit'en "Undi-brokji tao" frå 1999.

tux
bendix

23. juni 2005 kl. 22:38
Ikkje rart han var ein krøpling, 2 undebrøke ekje nok når ein sagar ved i 10 minus!!!

Torstein
Vodl

23. juni 2005 kl. 22:46
Paul, I found this note about Bendik Sjurson Undi in his father's probate record: "Krøpling, men god forstand".

Vevmeistaren
Søbbejordet

24. juni 2005 kl. 11:44
Dei som frekventerer Vikjaveven kjenner godt til Vevmeistaren sin kjærleik for tal, systematikk og statistikk, og det er med gledestårer i augo eg no registrerer at Tux de Luxe har tenkt å analysera Kjedlarstova i filler. Lukka til! Eg skal forsyna deg med ei databaseløysing som kan presentera dei uhorvelege mengdene med fakta som du grev fram.

Are
24. juni 2005 kl. 19:01
God forstand, og god forstand.. Eg veit ikkje heilt, men å tre på seg beggje undebrøkjena samstundes utan tanke på å skaffe seg "back-up" resulterte jo i at han vart gåande "commando" i vekesvis. At dette til sjuande og sist resulterte i førkrøpling kom ikkje som ei bombe.

Z
under sola

26. juni 2005 kl. 9:51
Ja då er det kun timar igjen til underteikna og adm. dir. i Kjedlarstova legg ut på tur til nabolanda for å lytta til rockemusikk! Kanskje kjem det ein reiseskildring her i løpet av veka.. Eg skal observera støtt og stadig i tilfelle du Tux vil ha noko info til særoppgåva når den raude tråden snellar seg ut av landet!

Gandatråddle
Klyv

27. juni 2005 kl. 22:54


Ja ja,,,,so va no da !!
Da va eia gaon eg var pao Haong,eg jorde ikkje ant enn å kokka og spraong.

fritt itte ,ser pivle

Strending
Bergen

28. juni 2005 kl. 7:54
Per Sivle ja, han røra litt han også før han skaut seg. Men han vart no i alle fall reinkarnert i Amerika som Elvis og vart stor stjerne! Belegget for det er jo først og fremst namnet, kva vert Sivle baklengs kanskje?? Og dessutan, Sivle skreiv "Berre ein hund", medan han som Elvis song "Nothing but a hounddog". Elvis var (er?) altså strending frå Stalheim!

Jack Riber
East Coast, Australia

29. juni 2005 kl. 13:57
Svært imponerende! Nydelig arbeid Torstein.

Hadde vært enormt hvis alle boplasser rundtom kloden hadde denne form for kvalitetspresentasjon.

Takk for inspirasjonen og gleden ved å se flotte bilder av moderlandet.

Masse hilsener fra
Jack/Down Under.

Keith
South Cave

30. juni 2005 kl. 10:40
Enjoyed reading about your area very interesting, Great site.

Leslee Lanne Hoyum
Rockford, Minnesota, USA

30. juni 2005 kl. 20:40
I can't tell you what a beautiful web site you have. It's incredible. My husband's family is from Vik and Fresvik. It would be nice to know if any of the folks searching your site could assist us in locating the farm from which his family immigrated. Legend has it that their name was Jacobsen in Norway, but I'm not even sure of that.

We'd love to be able to purchase an oil painting from the area showing the beautiful surroundings or be able to purchase some of your photos. Can you help us out?

Best regards, Leslee Ellen