Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
1.klasse
Noreg ,Flatbygdi

2. januar 2002 kl. 13:24
Takk for dei fine sidene!

Vi skal bruka dei i undervisninga når vi får datamaskin på klasserommet.

Linn
USA

8. januar 2002 kl. 3:22
Hei Torstein! Har sett paa sida di no og grete ein skvett, bilde av Mysestokken i maaneskinn,mann!

Skal du bu i Vik?For eg flyttar heim saa fort sjansen byr seg!Vik!Vik!Viiik!!

Noken andre?

Svar:

Det var synd du ikkje var heime i lofra. Som du såg fekk me med oss den sedvanlege turen på Ramberhytttene og. Når det gjeld å flytta heim, er det i allefall sikkert at ein lyt ut av trengselen etter kvart, anten det blir til Vik eller ei anna bygd. Dess fleire av vår generasjon som vil heim, dess meir freistande blir det.

Lars Ove Utigården
Norge

17. januar 2002 kl. 9:44
Hei! Må først få takke for en fin side. Lurte på om du kunne svare på noen spørsmål? Hvilket web-program du bruker, hvilket fotoprogram og hvilket program du bruker for å lage kartene dine. Nice work!!!

Mvh Lars Ove :-E

Svar:

Takk for skryt! Svaret kjem litt seint ser eg, det ser ut til å vera epostvarslinga til meg som har svikta.
Då eg byrja med heimesider for snart to år sidan brukte eg Microsoft FrontPage 98. Etter kvart blei eg meir fortruleg med koden, og etter at eg byrja å bruka ein del java-appletar og javascript har eg gått over til å redigera koden manuelt i Notepad. Avanserte program er ofte "overintelligente" og endrar koden din.
All grafikk, foto og kart er redigerte i Adobe Photoshop.