Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
Vevmeistaren
Heidrun

4. august 2003 kl. 4:24
Som den vakne lesaren nok allereie har sett, har eg laga ny gjestebok. For deg som brukar betyr det ikkje ein pøkk, men for meg som vevmeistar betyr det meir kontroll over form og innhald. Ein ting er nytt forresten, det er at du kan setja inn eit småbilete frå fotoalbumet når du kommenterer eit bilete derifrå. Og smilefjes lyt ein ha.

Elles lurer eg på å laga det til slik at brukarane kan lasta opp eigne bilete, t.d. ufordelaktige bilete av naboen eller andre folk i kompromitterande situasjonar, og få vist det fram til heile verda gjennom gjesteboki.

Linnert
Junaiten

9. august 2003 kl. 8:17
Nuh!
Har vore grenselaust oppteken med huskjop og jobb saa eg har putta \" Eg har lagt ut nye bilete \" i diverse boksen min paa mailen men i kveld har eg sett paa kvart einaste eitt og Torstein , veven blir meir og meir gjev !
Kjem heim om knappe 2 veker haapar aa sjaa mange kjente fjes

skriva dao .. !


Utflytta sognajente
Stavanger

29. august 2003 kl. 14:41
Hei
Er like spent etter kvar einaste oppdatering. Utruleg mange fine bileter, men fotografen har ei eventyrleg evne til å unngå å få med det tidlegare slaktehuset i Vik. Av alle dei tallause bileta av Vik som ligg i arkivet, kan eg ikkje finna eitt einaste eitt der dette flotte huset er med. Godt gjort!