Gjestebok

Søk i gjesteboki

The guestbook is closed for posting since 2019, due to spam. If you have any comments or questions regarding this website, please leave a message on the open Facebook page for Vikjavev.


Arkiv
Sonja Lagervall Thiel
USA -- INDIANA

4. november 2002 kl. 0:05
This is me because I am not over there in Norway enjoying all of that beautiful scenery.

Thanks for taking the time to share your photography with us! Your photograph is terrific!!

Tor
Oslo-Vik-Oslo-Vik-attogframheiletida

26. november 2002 kl. 12:29
Ny oppdaging på gang;

Bilete ein i Oddgers nyleg publiserte serie visar ein eller annan uinteressant blome på jæren. Men sjå nøye etter. Bak blomen passerar ein liten indianar mot venstre. Han har litt mage(kan tyde på at han har det godt), og ber noko ris og kvast på ryggjen(sannynleg opptenningsved. Kan tyde på at dei bur provisorisk i skjul i ein av dei utallige steingardane som er så typisk for Jæren)

Are Totland
Noreg

26. november 2002 kl. 22:57
Ytterlegare kommentar (til oppklåring):

- Oddgeir har her fanga ein seidmanns-svein som er på veg opp i "trekruna" for å skjære nokre urter til trolldomsdrykken Jærmennerne er så kjend for. Om nokon stussar litt på storleiken til denne karen, må det tilføyast at Jærmennerne ikkje har teke del i den oppgangen i levekår som er vorte resten av landet til del sidan slaget ved Hafrsfjord.

-Altså er dei knappe 12 cm fullt utvaksne(sjå Aukrust), og det er lita von om betring sidan dei framleis ligg i skjul etter det sviande nederlaget!

Vevmeistaren
Norgje

27. november 2002 kl. 18:12

Det er interessant å merkja seg likskapen mellom denne seidmannen og den gamle kallen med ei ris-byr på ryggen som er portrettert på omslaget til Led Zeppelin IV. Eg avslo fyrst dette samantreffet som reint tilfeldig, til eg byrja å røkja nærare etter saki. Ved ein analyse av materialet elles på plata viste det seg at 'Stairway to heaven' - namnet på gallionssongen på plata - baklengs vert 'nevaeh ot yawriast'. Dei som er kjende på Jæren vil no nikka attkjennande, det er nemleg heilt tydeleg at dette er ein litt slurvete uttale av 'ne-øve åt Obrest'. Og kva er Obrest? Jau, nettopp, det er lokaluttalen av Obrestad der Oddgeir tok biletet av kvannplanta.

Tilfeldig? Neppe!

Før eg yverlet vidare gransking av dette til meir kunnige folk, vil eg ogso påpeika at denne nye meiningi er stikk i strid med den opphavelege og engelske.

Vevmeistaren

Oddgeir
Noruega

28. november 2002 kl. 10:47
Hallo altso...

Lenge siden de har tørka fingerfeittet av skjermen eller..? Sjekk og om kontaktlinsene står rett veg i.

Oddgeir, lett oppgjeven

Bånden
Snikkartunet

29. november 2002 kl. 8:35
Eg må nok sei med einig med han Oddgeir her. Det begynnar å bli lovleg mykje tull, tøys og uvesentlegheiter i gjestebokji no, tykkjer eg.

Forresten var det ikkje eit einaste bilete av ho Tussi i siste biletserie i fotoalbumet.

Helsing lettare irritert, anonym bonde på Hønsi.