Namnet Seljestø kjem truleg av trenamnet
selja og
støl. Gardane på Seljadalen har vorte rydda seint, og før dei var gardar har truleg dei eldre gardane i Flatbygdi, særleg Sæbø, Vange og Hove, hatt stølar og eigedommar her. Sjølve namnet Seljadalen tyder sannsynlegvis 'stølsdalen'. Gardane har nok vore busette i 'skarafydlingjen', tidi før svartedauden, men låg nede til 1500- og 1600-talet i den folkefattige perioden etter pesten. Seljestø har vår- og sommarstøl på Flateng saman med Grønsberg.
The name Seljestø probably derives from
selja 'sallow' and
støl, 'spring farm'. The farms in Seljadalen were populated relatively late, and before they became separate farms, the older central farms in Vik (particularly Sæbø, Vange and Hove) have had their spring farms and pasture land there. The name Seljadalen itself most probably means 'the spring farms´ valley'. Many of these farms were populated in the times before the Black Death, but were abandoned for 2-3 centuries due to the severe reduction in population after the plague. Seljestø have their spring- and summer farms at Flateng together with the Grønsberg farms.