Det er dei to gardsbruki på Limmesand som har stølsrett på Nygot. Biletet er teke mot vest, i bakgrunnen ser me innløpet til Fidnafjorden. Selet tilhøyrer Jens Tistel og seltufti som kan skimtast til venstre i biletet tilhøyrer garden til Asbjørn Vaage. Sisteleddet i stølsnamnet må vera 'gota' f, og må tyda at ei gote eller ein sti har vorte flytta, gjerne i samband med jernvinna i området. Om det er namnet eller stølen som er eldst, er ikkje godt å sei.