Eigarar på 1930-talet: Brekka bnr. 4; Hopperstad bnr. 18.
Sendefossen og Holesvingane i bakgrunnen. Vossastølen Hola ligg på den andre sida av elva Grunga, dvs. bak til høgre. Det var to gardsbruk i Kvassdalen fram til slutten av 1700-talet. Sidan har staden vorte brukt til støl. Vikjene kalte stølen Halsane, eit namn som er gått ut av bruk.