Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Tirs-

['tirs-]

Tirshaug ligg på austsida av Årebotnvatnet, Fjellet er ikkje så høgt og bratt som fjella sør og vest for vatnet. Dei stuper urdete, snaue og blåe godtså loddrett i vatnet, medan Tirshaug er kledd med grasmark, mose og lav.

Gammalnorsk hadde tirr m med tyding ære, frægd (Fritzner), jamfør også uterligr adj = "uanselig" (Fritzner). Hos Aasen finn me tir m = glans, skin. Hellequist (Etym.) har frå svenske dialektar tira vb = skina, glansa. Dei svenske innsjønamna Tisnaren og Tislången meiner Hellequist er laga med s-suffiks til ei indoeur. rot di = lysa. E. Brevner ("Nårkes Sjønamn") slutta seg til denne tolkinga og meiner at sjønamnet Tisaren kan ha same tydinga.

Temmeleg visst ham me rekna med at førelekken i Tirshaug tyder den lysande, skinande tir- er truleg laga med r-suffiks av den før omtala indeur. rota di´- (ang. tir = glans, herlegdom).

Ei slik tolking stemmer flott med naturtilhøva: Fjella rundt Årebotn har ein dominerande plass i landskapet, nordafor er eit dalføre med nokre låge haugar. Slik legjet er, vert her svært avsølt så snøen ligg lenge, ofte heile sommaren. Fjella i sør og vest viser seg sommardagen sjeldan anna enn blåsvarte med gråkvite striper av fenner i. Den runde og mindre bratte Tirshaug ser mykje ljosare og blidare ut.

Frå dialekten kjenner eg berre tirande adv. i uttrykk som "tirande ljos og fin".

Titla-

["tItla-]

Titlastøl er heimestølen til nokre av brukarane på Tryti. Utmerkingslekken er truleg tistla gen. pl. av gn. tistill m. Her skal vera så utruleg med tistel.

I dalen nedanfor ligg garden Tistel som nok og er oppkalla etter planten, her og er mykje tistel. Titlastøl kan ikkje ha fått namn frå gardsnamnet, for heimestølen til hovudbruket på Tistel heiter Tistel-stølen og ligg lenger nede i lida. Tistel er visstnok ein nyare gard, rudd på mark som før høyrde til Tryti.

Tjobeitane

['kjo:baitadne]

Dette er eit innmarksnamn frå Sæbø.

Fyrste lekken må vera tjor n, gn. tjodr n, nyisl: tjodur n. Aksenten tyder på at ordet er i stomnform. Grunnordet må vera fleirtal av beite n. Slike fleirtalsformer er heilt uvanlege i dialekten, difor er det truleg at ho er ei nylaging til dat. pl.-forma - *beito, på same måte som dei så ofte nemnde Hatlekolane til Hatlekolo o.fl.

Tjøtt-

["kjøtt-]

Ordet finst i Tjøttdalen som var namn på ein liten teig sørvest for Hopperstad-kyrkja. På Hopperstad brukar dei det ikkje lenger, det er visst berre H. Skjørvo som veit om det.

Tjøtt- må vera jamføringsnamn til tjøtt m = den trekanta spissen som går inn i orvet. Appellativet skal delvis ha vore bruka i Vik til no. Aasen har kjøtt frå Sogn.

Ordet må koma av gn. tjo´ n = den tjukkaste delen av låret, og t(tt) vera fastvaksen bunden form.

Tom-

[tåmm-]

Tombakken heitte ein liten nokså bratt bakke på Hopperstad. Dette er eit vandt namn å tyda om Tom- då ikkje kjem av eit personnamn eller eit persontilnamn men eg har ikkje funne noko slikt.

Gamalnorsk hadde tóm n = god tid til å gjera noko (Fritzner). Frå svenske dialektar har Hellquist tom n = lediggang, yrkesløyse. Ei tolking av Tombakken som rett og slett "godtidsbakken" eller med våre dagars talemåtar "fritidsbakken" kan godt ha noko for seg. Han kan godt, slik han ligg til i austskråningen ned frå tunet ha vore samlingsstad for karane på garden kveldabil og helgedagar.

Tonn-

[tånn-]

Tonnhaugen er ein rund haug, som ei stor vorte i fjellsida. Ei tolking av Tonn = gn. tonn f i stomnform kan me sjå heilt bort ifrå. Namnet måtte då ha fått aks. 1. Gamalnorsk hadde berre tann- (tannar) som utmerkingsled, og slik er det framleis i dialektane.

Ross har tona f (utt med å) bruka om ein reiskap "bestaaende af to halvrunde Stokke til at strække Vadmel på". Formelt og tydleg er det mogeleg at tona f utgjer fyrstelekken i Tonnhaugen, men kvifor haugen skulle vera samanlikna med ein slik reiskap, er ikkje godt å seia, om det då ikkje er den halvrunde forma på stokkane haugen er samanlikna med.

Ross har og tona f = tak n "ta ei tona" = ta eit tak. Kanskje er det i den tydinga me har ordet her. Det kunne t.d. vera eit høveleg tak for ein mann å slå av haugen.

Tro-

[tro:-]

På ein haug bak Bøeggi er Trolegdene. Tro- er truleg gn. tro f = uthola stokk eller stein, og staden må ha vorte kalla så av di legdene er noko innhola.

Fyrstelekken kan og vera gn. trod n = stokkar som ligg oppe på sperrene som underlag for nerva. Det appellativet har me i dialekten endå (uttala trou). Her veks noko bjørkeskog no, men kanskje kan her ein gong ha vakse skog som vart nytta til tro. Noko lenger sør og vest i same dalføret er ein gamal almenning som heiter Kambane, der skal det etter segna ha vakse furuskog, no er det berre bjørk her og.

Utmerkingslekken kan og vera gn. troda f = lang, tunn staur. Appellativet er i bruk det heiter m.a. fisketrode f. Dei langsgåande stengene i trehesjane kalla dei troder eller hesjetroder. Kanskje er det slike dei har funne i Trolegdene.

Tro- finst i nokre gardsnamn, t.d. Trodalsstranda i Førde og Trodalen i Balestrand.

Turten-

['tUrt*n-]

Oppe i fjellsida inne på Seimsstrondi er Turtendalen.

Aasen har turt f = ein fjellplante (sonchus alpinue, eller mulgedium alpinum). Frå Sogn har han plantenamnet i forma turtna f. Truleg er det denne som er fyrstelekken i Turtendalen. Me kan tenkja oss ei slik utvikling: *Turtnudal > Turtnedal > Turtndal.

Dette plantenamnet finst (etter N.G. B II s. 103) i mange stadnamn, også i gardsnamn, for di planten var bruka til mat.