Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Kalla-

["kadla-]

Kallakråna er på Gunnarsete. Kalla- er vel helst verbet kalla = ropa, lokka. Og i Vik seier dei "kalla på kyrne", og kråna her kan ha vore nytta til det.

Ordet kar knapt vera gen. pl. av gn. karl m, her oppe i utmarka - hadde det vore på Øyri t.d, var det ei anna sak.

I gamalnorsk førekjem Kalli som aukenamn. O. Rygh meiner det er utmerkingslekk i nokre gardsnamn, kanskje er det det me har i Kallakråna og.

Kjel-

[kjI:l-]

Kjelvatnet ligg eit stykke nord for fjellstølen Vikjadalen. Førelekken er anten namnsnamnet Kjell (gn. Ketill) - som iVik vart uttala kjel - eller kjel m. av gn. ketill m.

Aksenten kan tyda på at det er mannsnamnet som ligg til grunn, for kjel laga samansetjingar oftast med komposisjonsvokalen ao og har aks. 2 også om vokalen er synkopiert: kjelahaldet, kjelloket, men kjelsost. Men aksenten er i dette høvet eit usikkert kriterium, for uttalen kjel har me og i Kjelhaugen som er namn på ein rund haug, og her må Kjel- uvisseleg vera jamføringsord til kjel m (jmfr. Kjeroldhaugen)

Ei seiande soge forklarar namnet såleis at ein mann skulle reida ein stor koparkjel til fjells ein gong. I den bratte fjellsida opp for vatnet datt kjelen av hesteryggen. Han sokk i djupet og sågst ikkje meir.

Kjengja-

["kjaingja-]

Kjengjasete er ein nedlagt fjellstøl litt nord for Nummestolane. Namnet må kom av gnr. kengr. m = bukt, bøyging. Stølen ligg i ei hole.

Kjengje f kalla dei ei ølskål av tre med to rundvorne. innoverbøygde handtak. Er stølsnamnet jamføringsnamn til kjengje f, er det vel helst ungt. Men Kjengjasete er truleg ein svært gamal støl, og om han då ikkje har skifta namn, kan me uvisseleg rekna med at førelekken er gn. kingr m.

Klukjen

['klu:kjen]

Klukjen er det gamle namnet på Turvollstølen. Same namnet skrive Kluken (også med aks. 1) har ein gard i Verdalen (N.G. XV) og eit fjell i Meråker. Kluk finst som gardsnamn eit par stader i Jemtland. I Feios har me stølen Klukjen eller Berrdalsklukjen.

Gardsnamna Kluke i Biri (N.G. IV 2) og i Vang (N.G. III) vert både av Hj. Falk, O. Rygh og A. Kjær tydd som det nokså vanlege gardsnamnet Kruke av dialektordet kruka f = romet mellom to samanhaldne hender (Ross) me kan i alle høve sjå bort frå det her. S. Bugge meiner at gardsnamnet Kluken i Verdalen opphaveleg er eit fjellnamn slik Kluken i Meråker er det, og han meiner dei kan førast tilbake til gn. *Kludki avleidd av eit ord som svara til ags clùt n = "klippe".

Ei anna tyding kan - etter mitt skjønn - ha like mykje for seg, ei tyding som ikkje byr på språklege vanskar i det heile: Frå Shetland har J. Jakobsen kluk vb = byggja opp lauseleg og berre for ei kort tid, t.d. eit gjerde. Færøyisk har klùka vb = setja høy opp i lause stakkar i slåtten og klukur m = laus stakk av høy. Islandsk har klùka f = liten stakk eller dunge og klùka vb. = sitja på kanten av eit sete, sitja på eit fallande sete, hengja. I Vik vart kluka f (etter H. Skjørvo) før bruka om eit uvanleg dove kvinnfolk her har me visseleg å gjera med ei tydingsoverføring frå tjukk og vid til doven.

Stomnen klùk- har truleg hatt tydinga dunge, eller liten haug. Frå Shetland har J. Jakobsen Klukistakk som namn på eit skjer, og han tyder Kluki- som haug, "stabel" Klukjen tyder då anten beinveges haugen, eller dersom det er jamføringsnamn, og det er det truleg, staden som ser ut som ein dunge. Namnet høver på Klukjen i Vik, for her er ein rund grasbakke og ikkje berg og sva som det er rundt om.

Ei anna tolking kunne òg tenkjast for både Berrdalsklukje- og Klukjen i Vik er vårstølar og ligg ikkje langt frå heimegarden det ligg difor nær å tru at stølane har fått namn etter mellombels og lauseleg oppsette hus, om då ikkje klùk- har fått den tydinga etter at ordet kom til Færøyane og Shetland. Men sidan islandsk har verbet kluka i tydinga sitja på eit laust sete, kan me vel tru at tydinga laus- i motsetnad til fast, stabil- også må ha funnest i Noreg. Formelt må Klukjen vera bunden form av eit hankjønnsord Kluk.

Kolgrov

['kållgrå:v]

Kolgrov er ein nedlagd heimestøl til eit av bruka på Brekke. Kolgrov finst som gardsnamn (med utt. kal) i Solund, Hyllestad og i Vannylven. Alle desse namna er tolka av gn. kolgrof f =grav eller graven hole i jorda til å brenna kol i (Fritzner) Namnet vårt tyder visseleg det same, staden talar òg for det. Det underlege ved namnet er uttalen o eg har ikkje funne noko anna døme frå dialekten på overgang av gn o > o. Men i N.G. X s 225 skriv O. Rygh "Kol udtales ellers nu som 1ste Led i stedsnavne alm. i Gudbrandsdalen med lukt o." Uttalen i vårt Kolgrov må vera ein parallell til den gudbrandsdalske.

Krakjen

["kra:kjen]

Dei bratte bakkane nordaust for Målsete heiter Krakjen. Her går stølsvegen i krok og krek opp gjennom. Namnet kan mogeleg ha samanheng med krake m som Ross har i tydinga "en vid, flad Enerbusk", for det veks mykje slike buskar i bakkehallet her. Som appellativ finst ikkje krake i målføret no anna enn om ein lang, tunn person (gn. kraki m = tunn stav, grant menneske), og ei samanlikning mellom Krakjen og ein grann stav har ikkje noko for seg. Derimot har me kraka vb = gå seint og smått. "Da va' so vidt da krakte". Aasen har kraka = "gaa seint og daarligt, kravle seg fram". Sidan det er så tungt å koma seg opp Krakjen, er det mest truleg at namnet kjem av ein krake laga til verbet kraka og med tyding stad der ein krakar seg fram. Både utanfor og heimanfor er det lett og fint å gå.

Kroppe

["kråppe-]

Kroppedalen er eit svært ulendt og steinet gjel eit stykke frå heimestølen Gunnarsete. Det gamalnorske sterke verbet kreppa tydde å krypa saman. I dialekten har me kropen adj., som helst blir bruka om ty som har kvorve i vask o.l. Ross har det inkoative verbet krupna i tydinga minka, "skrumpa inn". Å føra Kroppe - attende til denne tydinga av kreppa - kroppinn kan tykkjast urimeleg om me ikkje kjem i hug at tinga gjerne blir ujamne når dei krympar i hop engelsk ha crimp = rukka og Falk & Torp fører opp liknande tydingar av same rota frå andre språk. Tydinga høver sers godt med naturtilhøva for der er urdet og ujamt og stygt å fara.

Aasen har det inkoative verbet kropna i tydinga "bli kroget (om Lemmer)". Det finst i vikjamålet: "Han kropna heilt i hop". Aasen har krupp m = kroket tre og Ross krupp m = ei skarp bøyging som lagar ein spiss vinkel. I gn. har me det linne intransitive verbet kreppa = klemma, trengja som Aasen har = "indknibe, gjøre smalere". Ross har krepp m (kreppa f) = "Indsnævring, især af Farvand". Desse tydingane må vera sekundære i høve til dei som fyrst vart omtala. Det kan godt vera ei slik tyding som ligg til grunn for Kroppedalen, for dalen er ikkje berre ulendt, han er trang og i-hopklemd og.