Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

Alden-

['ald*n-]

Berre notert ein gong i samansetjinga Aldenhaug (Sjøtun gnr. 41). Ordet må vera gno. aldin n eller aldinn m som tydde frukt av tre. Aasen har alda f i same tydinga.

Samansetjinga Aldenhaug svarar fullt ut til gno. Aldingardr m. Ein skulle ha venta aksent 2, men ord som er uskjøna, får ofte aksent 1, slik framandord ofte får det.

Hellquist fører aldin tilbake til germ. partisipp *aldena el *aldina til ei rot *altr. = veksa, medan Falk & Torp meiner den germanske rota er *al- nøra, gje føda.

Ein kunne og tenkja på trenamnet older m som ein har i svenske stadnamn t.d. Alderskog. Men det er nokså utruleg at gno. alar gen. av olr m eller aldar gen. av oldar m skulle ha fått nasalert uttale alden.

Older vert i Vik kalla åre m, og er eit svært vanleg treslag som difor er lite nytta i stadnamn.

Ard-

["a:r-]

Ardhausen var ein åker på Damane (Hopperstad gnr. 39). Ved sida av åkeren skal der ha vore eit berg som truleg fyrst har hatt namnet. Bergknausen kan ha likna ein ard, men etterlekken tyder no ikkje på det. Truleg har steinen fått namnet fordi han har strekt seg noko bort i åkeren og vore farleg for arden, jamfør ardstein m som enno er bruka om slike jordfaste steinar som kan øydeleggja arden.

Siste lekken må vera jamføringsord til gno. hauss m om han då ikkje er ein ellipse til hardhaus (gno. hardhauss m) den harde, som i stadnamn kunne tyda, "den som er hard/vriden å ha med å gjera".

Formelt kan utmerkingslekken også koma av gen. arnar til gno. orn f. Førelekken må då helst vera jamføringsord til fuglenamnet slik at namnet rett og slett tyder ørnehausen, for det er lite truleg at ørna ville har våga seg så tett inn til gardshusa. (I dag er det svært lite ørn til fjells og, og soger om ørn har eg aldri høyrt gjete.

Aksenten fortel at ei mellomstaving er synkopert, men det kan like gjerna vera ein samanbindings-vokal som genitivending på -a, ar arstein m har og aksent 2.

Attals-, Skattals-

["attals-, "skattals-]

Det gamle namnet på merkegrova mellom Tryti og Skjørvo skal vera Attalsgrovi. Gamalnorsk har adj. attal=vond, meinsleg, og frå Austlandet har Aasen atall og atalsleg i m.a. same tydinga. Denne grova kan i regnfløyene bli stor og då gjera skade med å riva mark og jord med seg, så det kan høva med eit såvore namn på henne.

Formelt må attals- vera eit substantiv pga. genitivs s-en. Opphavleg har grova truleg heitt atall eller eit liknande namn med sterk form, og det må ha vore oppfatta som hankjønn (t.d. i tilknytning til bekk m som rett nok ikkje blir bruka i Vik i den tydinga no) eller inkjekjønn, seinare har namnet vorte knytt til appellativet grov - så vidt eg veit endar alle grovanamn i Vik på grov i dag.

I Trytistunet, eit lite stykke frå Attalsgrovi, ligg Skattalsberget. Av trytingane har eg berre høyrt denne eine uttalen, men i bygdeboka for Vik meiner O. Skjerven at Skattalsberget er ei forvansking av Attalsberget og gjev det forklaringa det meinslege berget.

Berget, som heiter så, er fleire meter høgt, flatt oppå og stikk seg fram som ein kile. Det er vondt å skjøna at det kan ha vore serleg til meins. Helje Tryti, som har stova si tett attmed, let så vel, det er så lettleg oppå berget, dei ser over heile bygda derifrå.

Aasen har skat n - toppenden på eit tre, og i den tydinga vert appellativet bruka i Vik endå, sameleis har han skata v -smalna av mot enden. Ross har skata v (frå Shl.) = fremskyde, støde frem. Båe desse tydingane kan høva for Skattalsberget. Jamf. gno. skatvida=mastetre. Hellquist fører skate="trätopp, spets, stjärt", tilbake til germ. rot *skat med tyding springa fram.

Skatal- må vera laga med suffiks - ala og opphavleg vera eit adjektiv med tyding "den som har det laget at han stikk seg fram". Namnet på berget har då frå fyrst av vore ei substantivering av adjektivet, seinare må det ha fått tillagt appellativet berg og genitiv s-en.

At namnet blir bruka i bunden form, tyder på at siste lekken kan vera av yngre dato, for berg i stadnamn står ofte i ubunden form: t.d. Veberg, Vonberg, Raudberg o.f.

Auger-

['eu:ger-]

Augerhaug er namnet på ein rundvoren, skrinn haug på Tryti. Auger- må koma av gno. ofugr adj. som både Hægstad og Fritzner har i tydinga bakvend. Dei gamle har nok tykt at haugen har lege avbaksleg til. Gamle folk har høyrt ordet bruka, såleis når dei nytta spettet på ein stein og dei berre fekk eit keiveleg tak på han, tala dei om eit augert tak.

Med omsyn til lydovergangen ofugr>auger er det vanleg at f fell mellom to vokalar, serleg dersom den eine er u: t.d. tufa f>tue f, hufa f> hue f, grufa f> grue o.s.b. Det er mogeleg at e berre har vore lite labialisert, slik at når det labiale elementet f fall, vart det liten overgang o>a, jamf. at gno. hofud n vert uttala hau(d)e i nordvestlandske målføre.