Garden Fosse sett mot nordaust med Fossfjellet bak. Over husa er fjellpartiet Stopulen. I den katolske tida svara alle bruka på Fosse til saman eit kyraverd årleg til eit kloster i Bergen. I følgje bygdaboki var dette for at munkane skulle lesa bøner, for at Stopulen ikkje skulle bresta ut og gjera skade på jord og hus.