31.7 °C på Voll i dag, og dermed sette verstasjonen ny pers. Den første stasjonen var sett opp i 2003. Dagens verstasjon er ein Davis Vantage Pro, same typen som mange skular i Noreg har sett opp, og som me har sett opp på Vik Skisenter. Han står i sola, men termometeret er beskytta av ein sylinder med kvite kjøleribber. Ei solcelledriven vifte inni syter for at lufta sirkulerer gjennom sylinderen. Målingane samsvarar godt med eit vanleg termometer på skuggesida av huset. Den svarte sylinderen på toppen er nedbørsmålaren. Om vinteren set eg på eit varmeelement slik at snøen smeltar og vert registrert på rett måte.
Slik kan Vik ha sett ut frå Tenålsmarki på slutten av siste istid, i følgje ei halvkvalifisert gjetning av ein geologistudent. Me veit at sjøen gjekk opp til Tryti og Stadheim/Teigane. Ved Stadheim har det vore eit stort delta som hang saman med Bleiehaugen ovanfor Hovekyrkja. Etter at isen forsvann for ti tusen år sidan heva landet seg raskt, elvane skar seg ned i deltaet og danna dei terrassane me ser i dag.