Mannsbane er det bratte fjellpartiet på nord- og vestsida av Ygnesdalsfjellet. I Bygdabok for Vik står det at ein rjupeskyttar skal ha rent utfor der på ski i gamle dagar, og at namnet kjem av det. Ein annan stad (som eg ikkje hugsar) står det at nokre eksingedøler fall utfor fjellet og drap seg då dei skulle til Sogn og kjøpa korn under uåra på 1660-talet. Sett frå Rivedalen. Heilt til venstre ser me Ygnesdalsvarden, til høgre Skjelinganosi.