Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



aol, ein [ao:l] - normert ål  o
Djup fure i botnen av ei elv (AIS).

aorekjinne, ein ["ao:reKInne] - normert årekinne  o
Tett, lang og beinvaksen åreskog. Sjå kjinne (HS).

bar, ein [ba:r] - normert bard  o
Rainebard - reinekant (AIS).

bas, eit [ba:s]  o
Høgt gras, tett småskog, t.d. eit aorebas. Når engi vert nedslegi av regn, segjer dei at ho vert nedbast (HS).

bede, ein ["be:e]  o
Haug eller tjukt lag av jord, sand og liknande. "Elvi hev lagt ein sandbede på åkeren". Indre Sogn (HR).

bjørkekinne, ein  o
Tett, lang og beinvaksen bjørkeskog. Sjå kjinne (HS).

blaome, ein ["blao:me] - normert blåme  o
Mørk regnsky (HS).

blaominkande, eit ["blao:minkande] - normert blåminkande  o
Sist i minkande måne (HS). Ogso kjent frå Voss og Balestrand.

bòa, ei ["bå:a] - normert bode  o
Banke uppe i vassflata (jamfør sandbode). Indre Sogn (HR).

byting, ein ["by:ting] - normert butung  o
Butung, blanding av aure og laks, skil seg serleg frå laksen med di han hev tverr spord, tverrspord (HR). Uttalen er sermerkt for Vik.

bøysa, ei ["båi:sa] - normert bøyse  o
Strid eller hard skur, brose. Indre Sogn (HR).

dagsmei, ein ['daksmai:]  o
Det som soli vinn tina upp av snjoen ein vårdag. Døme: "Han gjære mykje berre dagsmeien uppi markji no" (HS). Kjent frå heile Sør-Norge, men oftast som hokjønn. Norrønt dagsmegin 'full dag', eigentleg 'dagsmakt'.

dòe, adj n ["då:e] - normert dove  o
Dåe ver - stilt ver. Eit dåe rom - eit rom med lite trekk og luftskifte (HS). Dette er inkjekjønnsformi av doven. Verbet dova v 'mildna, stilna, um vind' er kjent frå Voss og ført opp med uttalen "daaa" - altso med stum v som i vårt adjektiv.

eldgeit, ei ["eldjai:t]  o
Sotgneiste under grytebotnen. Når der var eldgeiter under grytebotnen skulde det verta uver, sa dei gamle (HS). Same ordet og trui er skrive ned frå Salten.

elvaraok, ei ["elvarao:k] - normert elveråk  o
Elvefar (HR).

feigdaknapp, ein ["faigdaknapp]  o
Kvitkløver (HS). Jamfør trui ovafor. Dette namnet på kvitkløveren er ikkje oppskrive andre stader.

fivedl, ein ["fi:vedl]  o
Myrfivedl. Frøull (AIS).

fjellrana, ei ["fjellra:na]  o
Kanten, bruni av eit langt flogfjell, kan og tyda lang og smal fjellkjeda. Sjå rana (HS).

fjellrima, ei  o
Bye-vêr med småe elingar etter fjellryggene. Berre frå Vik (HR).

flisiling, ein  o
Liti regnbygja som går snøgt yver,regnbygja som berre rekk yver eit lite umkverve (HS).Ikkje nedskrive andre stader. Fyrsteleddet kan tenkjastå vera flepa 'storgråta'.

flogard, ein [flo:ga:r]  o
Rusk som ligg att i fjøra og syner kor langt sjøen har flødt upp (HS). Ikkje notert andre stader.

floggard, ein ["flå:ga:r]  o
Evja og rusk som ligg att på elvebardane og syner kor langt elvi har gått upp i eit elveflog (flaum) (HS).

flòt, ei [flå:t]  o
Flate, flat og jamn mark. Fleirtal flete (HR).

gandur, ei ["gandU:r]  o
Tettpakka ur av småstein, forhekst ur (HS).

gjytta, ei ["jYtta] - normert gytte  o
Aasen: gjøtt- "Huulning, Hule" (AIS). Brukt om tronge stader i terrenget.

glysja, ei ["glYSja]  o
Liti riva, sprekka, t.d. millom tvo plankar i ein vegg (HS). Hans Ross har ført opp dette ordet i Vik og Aurland i tydingi 'glytt millom skyene, klår flekk'. Avleidd av norrønt glys n 'glim, pynt, stas'.

gnadd, ein [gnadd]  o
Tett samanpakka småstein, svært små stein som sit støtt i jordi (HS). Nett denne tydingi er berre notert i Vik, men ordet tyder elles i alle målføre noko hardt. Til dømes ein bergnabb, ein stubbe, ein hard kar eller frosi jord. Uttrykket 'gnaddande hard' er og vorte brukt. "Raud-auren og gnadd-i-gnadd".

gòna, ei [gå:na]  o
Strid vindflage; ogso regnbye. "No kjemme da ei gåna pao Liabakkjen". Vestlandet (TH).

grim, eit [gri:m]  o
Fin nedburd av snø eller regn, med veik vind (jamfør snøgrim, regngrim) (Vik i So, Vo) (HR). Til grime. Jamfør shetlandsk grima 'tunt snølag'.

grymja, ei ["grYmja]  o
Samanrørd myrje, røre, serleg av snø og grus (Vik, Fjærland o.fl. i So) (HR). Jamfør shet. grum, hop av småe ting; grums, uklårleik, myrker; sv. målf. grum, innmat i fisk, botnfall, dsk. grums, gyrme.

haglbrest, ["hagg*lbrest]  o
Haglver. Dette ordet har eg berre høyrt i eit gamalt ordtak: "Nordvest, haglbrest" (HS). Sisteleddet må visa til at skyene brest.

héla, ei ["hI:la]  o
Rim på marki (AIS). Vestlandet og fleire.

hiskjen, adj ["hIssjen]  o
Grå, kald, om ver (AIS). Ogso kaldhiskjen.

kaldglya, ei ["kallgly:a]  o
Kaldt ver med eit tunt skylag. Vart ogso nytta som kalling. Ei kaldglya - ein tungleg, kaldtekkjeleg kar (HS). Ogso notert frå Valdres i fyrste tyding. Adjektivet kaldglyen 'gråkald' høyrer til.

kaldhiskje, adj ["kaldhISSje]  o
Kaldhiskje ver - gråkaldt ver eller kaldt regnver (HS). Sjå hiskjen.

kjinne, ein ["KInne] - normert kinne  o
Tett, lang og beinvaksen skog. Ein aorekjinne, ein bjørkekjinne osb. (HS). Berre notert i Vik.

knodl, ein ['knåd*l] - normert knoll  o
Rund fjellknaus, låg og rund fjelltopp (HS).

knolt, ein [knålt]  o
Stein som ligg oppi dagen (AIS).

kul, eit [kU:l]  o
Dei gamle tala um eit vindkul. Når einkvan har drukke seg full, segjer dei: "Han ha eit godt kul". Vert og nytta um eit sinne- eller lunerid (HS). Merk uttalen med open u. Brukt over heile Vestlandet, men vanlegvis som hokjønnsord. Berre Sogn og Sunnfjord har halde på inkjekjønnsformi som i norrønt kul n 'gust, veik vind'.

kulpastein, ein ["kUlpastai:n]  o
Liten, rund stein (AIS).

kusa, ei ["ku:sa]  o
Klase av blomar o.l.; liten krull av tre (Vik, Lærdal o.fl. i So) (HR).

lauvskol, eit ["leu:skå:l]  o
Fælt regnver um hausten eller fyrst på vetteren, regnfløya som skolar rotalauvet av marki og or grovafar, som har lege turre um sumaren (HS).

leigd, ei [laigd] - normert lægd  o
Lang, smal strimla med grasmark, t.d. millom tvo hamralag (ufsar) (HS). Ordet heng saman med låg og siktar til at staden ligg lågt i lendet. Norrønt lægð.

lena, v  o
Bli mildare, om ver (AIS). Jamfør lin/len adj 'mild, lempeleg, linn', norrønt linr.

lomund, ein ["låmm(h)Und]  o
Lemen. Sogn og Valdres. Kanskje frå norrønt *lômund (TH).

lòn, ei [lå:n]  o
Ross: "dybt Vandstade i Bæk" (AIS).

lya, v ["ly:a]  o
Da lye opp - det vert varmare (AIS). Norrønt hlýja, same tyding. Ogso om at det held opp å regna (HR).

læverspipa, ei ['le:verspi:pa]  o
Plistrande læta i varmen, helst når ein brenner råved. Merke på læver og regn (HS).

minkande, eit  o
Dei tvo siste månekvartali (HS).

mjødl, ei - normert mjøll  o
Turr snø (AIS). Vestlandet. Norrønt mjoll i same tyding.

nybba, ei ["nYbba]  o
Kvass stein. Ross: "skarp fremstaaende Kant el. Spids." I fjellskråningi opp til Seimsfjellet er det ein stein som vert kalla Grautanybba. Når soli skein på denne steinen, var det på tide å eta dugurd i Sæbø (AIS).

rana, ei  o
Er brukt i samanhengen: Ei fjellrana = kanten, bruni aveit langt flogfjell. Kan ogso tyda ei lang og smal fjellkjeda (HS). Hankjønnsvarianten 'rane' er nedskriven i Nordhordland med same tydingi.

reinebar, ein ["rai:neba:r] - normert reinebard  o
Reinekant (AIS).

rennesva, eit  o
Langt, bratt eller halvbratt svad (HS).

robba, ei ["råbba]  o
Liten rygg eller rabb. Tåflekk som stikk upp or snjoen. Det er helst når det er tale um fjellet dette ordet vert brukt. "Da va te seia yvekvitt, du saog berre inkor robbao". Når det tek til å syna tåflekker på fjellet segjer dei at det er "tekomme å robbast" (HS). Dette ordet er berre nedskrive i Vik. Hokjønnsform for rabb

robbast, v  o
Sjå robba (HS).

roglast, v  o
Når snøen reiser, seier ein at det tek til å roglast. Sjå og rovla (HS). Berre notert her.

rovla, v  o
Når snjoen reiser, og det tek til å syna seg ein og annan tåflekken, segjer dei at det tek til å rovla seg (HS). Somme stader i Sogn.

skaold, ein [skaold] - normert skåld  o
Regn (AIS).

skjedla, v ["Sjedla]  o
Når skylaget sprekk opp, sa ein at skyene skjedla seg. Sjå skjedlete (HS). Når det var eit skylag yver heile himmelen og dette skylaget liksom skilde seg i småe dottar, slik at ein såg ein glytt av himmelen imillom, sa dei gamle at "han" var skjèdlete" (HS).

skjedlete, adj ["SjedlIte]  o
Når det var eit skylag yver heile himmelen og dette skylaget liksom skilde seg i småe dottar, slik at ein såg ein glytt av himmelen imillom, sa dei gamle at "han" var skjèdlete (HS).

skut, ein ["skUt]  o
Lang, flat stein som skyt fram yver eit lite berg eller ein låg hamar (HS).

slups, eit? [slUps]  o
1) Snjoslups. Våt snjo, halvt snjo og halvt regn. 2) Skamlaust og ufyse kvinnfolk (HS).

slupse, adj n ["slUpse]  o
Vått, slabbe, ufyseleg ver (HS).

snjogald(en), ein ["Snjo:gald*n]  o
Dette ordet var mykje brukt fyrr; men no døyr det vekk. Dei sa t.d. at smalen sprang ut på snjogalden, eller at dei slepte sauene ut på berre snjogalden. Det var når snjoen låg alle stader, når det ikkje fanst tåflekker (HS).

snjosave, ein ["Snjo:sa:ve]  o
Lite lag med snø (HS).

snjoslups, eit ["Snjo:slUps]  o
Våt snjo. Sjå slups (HS).

snjoslutr, eit ["Snjo:slUtr]  o
Halvt snjo og halvt regn, våt snjo (HS).

solblik, eit ["sol:blI:k]  o
Når soli skin ei liti stund gjennom ei skyrivne (HS).

solmei, ein ["so:lmai:]  o
Når soli legg godt atti ein stad, dvs. når det ligg godt imot soli, segjer dei at det er god solmei (HS). Sisteleddet er norrønt megin 'makt'.

søyggjen, adj ["såiGGen] - normert søydjen  o
Søydje ver - varmt og våtskè ver, "lummert ver". "D'æ søyjje" segjer dei, eller: "Han æ søyjjen i vère" (HS).

vaksande, eit ["vaksande]  o
Vaksande måne = dei tvo fyrste månekvartali (HS).

Vèraokji, f b - normert Ver(r)åki  o
Mjølkevegen (HS). Eigentleg 'Vetterråki', jamfør det vanlegare Vetterbrauti 'vintergata, mjølkevegen'.

vindblaome, ein ["vindblao:me] - normert vindblåme  o
Svarte, stygge stormskyer. (Blåme: mørk regnsky) (HS).

vindkul, eit  o
Sjå kul (HS).

vòk, ei [vå:k] - normert vok  o
Hol i isen på eit vatn (AIS).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms