Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



alvelta, ei ["allvelta, "aolvelta]  o
Ålvelt stode, når sauene vert liggjande på ryggen og ikkje klarar snu seg (HR).

aomøra, v - normert avmødra?  o
Venja ungane av med å suga (AIS).

audvyre, eit ["eu:dvY:re] - normert audvyrde  o
D-ljoden tydeleg uttala. Eit lite krek, ein misvekstring (av folk eller dyr). Noko som er lite vyrdt (HS). Norrønt auðvirði.

baossa, ei ["baossa] - normert båsse  o
Puta under ein kløvsal (HS). Formi bosse f er meir vanleg elles i landet.

barsøl, ein - normert bersele  o
Vidje-ring til å hengja ei reidsleflaska eller ei meisfast i salen etter (HS). Fleirtal 'barsøledna' (AIS).

belg, ein [belg]  o
1) Den hinna som ligg kringum eit føl når dei vert fola (kjem til verdi) (HS). 2) Dei seier og "drita i belg" når t.d. eit lam har forstoppelse. Her tyder belg 'buk, vom' (TH).

berrbaka, adj ["berrba:ka]  o
Når ein øyk ikkje har sal (eller sæle) på seg, segjer dei at den øyken er berrbaka. Det ordet vert helst brukt um øyker som fyl med, t.d. til støls, og ikkje har kløv eller sal på seg (HS). Jamfør norrønt bakr m 'rygg'.

blaotenne, f pl ["blao:tenne] - normert blåtenner  o
Fyrste tennene hjå grisen (HS).

blodhelte, ein ["blo:helte]  o
Dei gamle tala um at øykjene hadde blohèlte (hèlte = halting). Eg er ikkje radt viss på um det var "vannspatt" eller galle dei meinte med det; men ein av delane er eg viss um det var. Kanskje var det båe (HS).

blodskei, ei ["blo:Sjai:]  o
Ta blodskeidi or han, ta siste blodsgranden or han. Har truleg dette upphavet: Når ein hadde opna ein gris som var slakta og fått ut lungone og hjarta, tok dei ei skeid og auste ut blodet som hadde samla seg i brysthola (HS). Ogso kjent frå Nordfjord som skjemt, "eg trur ungane teke blodskjeida utu meg", dvs. sprengjer meg.

blodslutr, eit ["blo:slUt*r] - normert blodslutter  o
Blod som vert spillt når ein slaktar, blod som mengjer seg med væta og skit. Sjå slutr (HS).

brotsaor, eit ["brå:tsao:r]  o
Gnagsår etter sal eller sèle. Når ein hest får eit slikt gnagsår, segjer dei at han er broten (HS).

brugda, ei ["brUgda]  o
Tverrstykke på ein ridesal (HS). Nynorsk 'brugd, brugde'.

buvidle, adv ["bu:vIdle] - normert buvill  o
Dette ordet vart truleg fyrst brukt um beist som var komne på "rek", komne frå laget sitt. "Han gjekk buvidle" eller "han danste buvidle" segjer dei no um ein som er komen på avveg, ein som lite veit kvarhelst han er avkomen eller kvarhelst han har etla seg av. Vert ogso brukt skjemtande um ein som ikkje veit kva sida han skal halla til, t.d. i politikken (HS). Ordet er vanleg i nynorsk.

doggboka, ei ["dåggbå:ka] - normert doggboke  o
Bukflesket på ein gris (HS). Sisteleddet tyder feittlag og er i slekt med engelsk 'bacon'. Ordet er elles kjent frå Sunnfjord.

dokkeskot, eit ["dåkkeskå:t]  o
Hovsjukdom hjå hesten, ringhov (HS). Frå Voss og Sogn.

dov, ei [då:v]  o
Lend på hesten (AIS).

draott, ein [draott] - normert drått  o
Reim i hesteselen, det ein heng tindlane innpå (AIS).

einbedling, ein ["ai:nbedling]  o
Einaste barn, åleina barn. Når sauene har berre eit lamb, segjer dei at dette lambet er einbedling (eller ogso, og kanskje rettare, einburd) (HS). Opphavleg må einbelling ha tydd det same som halvbelling, 'ein som har berre ein testikkel, ein boll'. På eit tidspunkt har dette vorte mistydd eller spøkjefullt brukt om eineborn (TH)

fetling, ein ["fetling]  o
Aasen: "Fod paa en Hud, Skindet af Dyrenes Fødder eller Lægge" (AIS).

fleinhyrnt, adj ["flai:nhYnnte]  o
Når fenadbeisti er breide millom horni (d.v.s. når horni har vokse ut til sides) segjer me at dei er fleinhynte (HS). Ordet er og nedskrive i Telemark, Agderfylki og Ryfylke. Av nynorsk flein m 'horn som vender attyver eller ut og nedyver'. Norrønt fleinn 'hake på pil, ankerklo'.

fleskatoka, ei ["fleskatå:ka]  o
Toka er hudi på ein gris. Sjå toka (HS).

fotablaosa, ei ["fo:tablao:sa] - normert fotblåse  o
"Fosterhinden" hjå kyr (HS).

, ei [fU:] - normert fud  o
Kyns-lemer (vulva), på hodyr, t.d. på marar; bakende og kynslemer (HR). Norrønt fuð- i sms.; jamfør islandsk fuð, nord-engelsk fud 'bakside, vulva'.

grisesnjedle, ein  o
Sjå snjedle (HS).

grysja, v ["grYSSja]  o
Grysja i seg - eta mykje frukt. Når beisti et mykje råe potetor eller næpa eller rått gras, segjer ein at dei grysjar seg (HS). Ogso nedskrive i Hordaland i same tyding.

hagl, ein ['hag*l]  o
Hagr, grovt hår på halen og manken åt hesten, mest kol. Av hagr etter påverknad av tagl.

halvklapping, ein ["hallklapping]  o
Hest med berre eit eista (pungstein) (HS). Uttrykket 'klapphingst' var visst meir vanleg blant hestekarar i fylket. Adjektivet 'klapp' vart brukt i tydingi 'gjeld'. Frå Fjaler har me fylgjande definisjon på å 'klappa/kloppa': "Aasens 'klakka' 3. Gjelda ved å leggja eista eller lettare sædstrengene millom t.d. tvo jarnstaurar og banka på so dei vert øydelagde".

helnale'i, f pl  o
Hovled, "kodeledd" hjå hesten (HS). Normert 'hælneledi'? 'Hælna' må vera ei gamal genitivsform i fleirtal av 'hæl'. Sisteleddet er fleirtal av led 'ledd'.

holeisting, ein ["hå:laisting]  o
Når ein hest ikkje er reinskoren, som dei segjer, d.v.s. når det eine eista ligg der det skal liggja i pungen, segjer dei det er ein holeisting (HS). Fyrsteleddet kjem av at eista ligg oppe i bukhola. Berre notert i Sogn.

huldabrend, adj ["hUldabrende] - normert huldrebrend  o
Det hender stundom at kyr som er svarte med ei kvit sletta etter ryggen får det kvite skambrent av soli, slik at hudi flaknar av og det vert store sår. Dette kalla dei gamle huldabrent. Dei trudde fullt og fast at kyri hadde vore i haugen og vorte skambrend av huldrene. Dei hadde endåtil ei motråd mot sjukdomen: dei brende eld under kyrne um sumaren (HS).

hyvre, eit  o
Aasen: "Mellemstykket i en Hestesæle" (AIS).

jomfruspene, ein ["jUmmfruspe:ne]  o
Liten kyrespene (eller sauespene) som det ikkje er mjølk i (HS).

jura, ei  o
Talgi (feittet) kringum juret på ein sau eller ei kyr (HS).

jurfriskje, ein ["ju:rfrISSje]  o
Når kyrne tek til å laga seg: gjera jur, segjer dei ofte at det tek til å verta jurfriskje under deim (HS).

kallsask, ein - normert kalvsask  o
Rundt trebidne med eitt hald, brukt til å gje drikka i til kalvar (AIS). Jfr ask, bidne.

kallslæje, ein - normert kalvslægje  o
Etterburd (AIS).

kjøl-lenda, adj ["Kø:lenda]  o
Når ein øyk har kvast og "avskytande" kryss, segjer dei at han er kjøl-lenda (HS).

klauvhelte, ein ["kleu:helte]  o
Sjukdom i klauvene so beisti haltar av det (HS).

klauvtrakk, ["kleu:trakk]  o
Skit som kyrne eller andre klauvdyr trakkar upp millom klauvene sine (HS).

kolikk, ein?  o
Hestesjukdom, utførselsgangane tetnar til. Også torrbola f (HS).

kragafeita, ei  o
Eit feittlag på halsen hjå smalen (HS).

kraokao, f b ["krao:kao] - normert kråka  o
"Strålen" (i ein hestehov) (HS).

kut, ein  o
Når eit ungdyr (helst smågris) har fått vantrivnad og sluttar å veksa, segjer dei at det har fått kut på seg (HS).

kvigjor, ei - normert kvidgjord  o
Aasen: "Buggjord i en Hestesæle" (AIS). Islandsk kviðgjörð, same tyding. Kvid er eit gamalt ord for buk.

læreid, ein  o
Pute under ein kløvsal (HS). Notert i Vik og Aurland. Fyrsteleddet heng saman med nynorsk ljo f og islandsk ljena f, same tyding.

mauraknip, eit ["meu:raknI:p]  o
Når ein øyk var høg på krysset og lendi (partiet yver svangen) var låg og sers smal, sa dei gamle at han hadde mauraknip (HS).

miggjete, adj - normert midjete?  o
Dei gamle sa at ei myrklita kyr var miggjete når ho hadde ei kvit sletta yver ryggen og ned på kvar sida. Dette ordet held visst på å døy vekk (HS).

miskjefta, adj  o
Når nedste kjeften åt beisti (helst smale og svin) er stuttare enn den øvste, segjer me dei er miskjefta (HS).

mismjelka, adj - normert mismjølka  o
Når ei ku mjølkar mykje eit mål og lite det andre,segjer dei at ho er mismjølka (HS).

monstø, eit ["må:nstø:] - normert manstøde, månstøde  o
Monroti hjå ein hest (HS). Jamfør hårstøde 'hårfeste'.

mosavetrang, ein ["må:savettraong] - normert mosevetrang  o
Dette ordet vert no berre brukt til kalling. Upphaveleg tyder det visst eit årsgamalt fenadbeist som for det meste vart fødd med mose, og som hadde utsjånaden deretter. Som kalling tyder det eit stakkars krek, ein som berre sovidt heng i skinnet. Sers vanvyrdjande (HS). Sisteleddet vetrung av norrønt vetrungr 'årsgammalt dyr', ei avleiing av vetr 'vinter'.

nekkja, ei ["neKKa] - normert netja  o
Netja. Feitthinne som ligg rundt innvollane i dyr (AIS).

nuta, ei ["nu:ta]  o
Krossbein (krysset) på hest og ku (AIS). Meir generelt "hyrna som sting fram; òg utvokster på bein, tre, stein" (HR).

nyva, v ["nY:va]  o
Baisti nyve itte kverandre - dvs. dei stangar etter kvarandre (AIS).

nyvle, eit ["nyvle]  o
Lite horn (AIS).

pòka, ei ["på:ka]  o
Hud på svin, svord (Vik, Hafslo i So). Sjå toka og boka. (HR).

purkegaong, ein - normert purkegang  o
16 veker, graviditetstidi for ei purke. Dai va vekke ain haile purkegaong (AIS).

skankeled, eit ["skaonkelI:]  o
"Bakknæledd" (hjå hesten) (HS).

skaold, ein  o
Horntapp, hornslo, den mjuke beintappen i roti av eit horn (HS).

skaua, ei ["skeu:a]  o
Sjukdom i skauhuset. Sjå skauhus (HS).

skauhus, eit  o
Opningen for kynslemen hjå hestar. Skauao = sjukdom i skauhuset. Denne sjukdomen kjem seg av at det kjem skit inn i skauhuset, som trutnar upp slik at hesten ikkje får ut kjønslemen. Sjeldhøyrt (HS).

skjaorøyta, v ["Sjao:råi:ta] - normert skjårøyte  o
I gamle dagar svalt smalen ofte reint fælt. Desse utsvoltne smalane miste ulli, so det var berre blanke skinnet att. Då sa dei at smalen skjaorøytte (skjårøytte) (HS). Ogso Hordaland.

skjedda, ei ["Sjedda]  o
Liti og turrvaksi merr (HS).

skjena, v ["SjI:na]  o
Skjena. Søkja avkjøling, om krøter (AIS).

skjævete, adj ["Sje:vIte] - normert skjævet  o
Flekkut, "broget", helst kvite flekkjer i raud lit (HS). Hardanger, Nordhordland og Sogn

skòn, ei [skå:n]  o
Nedste delen av eit øykjehovud, øykjemule (HS).

skùrma, v ["skUrma]  o
Eta mykje frukt, grysja i seg. Når beisti et råe potetor, rånepa eller rått gras, segjer ein ofte at dei skùrmar i seg (HS).

slymbe, eit ["slYmbe]  o
Eit uhøveleg stort og ulikleg vakse beist. Døme: "Da va eit stort slymbe so injen kan fydla mæ mat". Sjeldhøyrt (HS).

solelyte, eit ["so:lely:te]  o
Eit lyte som set eit dyr, som skal seljast, ned i pris (HS).

spana, v ["spa:na]  o
Når øykjene kjem i dans på blaut mark og trakkar stygt upp, segjer me at dei spanar upp marki (HS).

stadlstyra, ei ["stad*lstY:ra] - normert stallstyrde  o
Når øykene var utsvelte og dei hadde stade lenge i ro i stallen, vart dei stive og styrde i beini. Då sa dei gamle at dei hadde stadlstyrao (HS). Sisteleddet styrde tyder 'lamming i føtene'.

stokka, v ["ståkka]  o
Dei gamle tala um at øykjene stokka når dei tjukna i beini, "fyllte", når dei gjekk på beite eller når dei vart sette på stallen um hausten (HS).

stremba seg, v ["stremba se:g]  o
Beisti blæs opp magen og rettar føtene ut frå seg, t.d. når ein stramma salen for hardt på hesten (AIS).

søl, ein ["sø:l]  o
Fosterblæra, hjå kyr, vatskalven (HS).

takskjèrre, adj ["ta:kSjerre] - normert takeskjerr  o
Folkevar, sky, vand å få tak i (HS). Særleg om hest. Sisteleddet er skjerr adj 'reddvoren', norrønt skjarr.

terrsam, adj ["terrsa:m]  o
Dei segjer at beisti er tèrrsame på mat eller drikka. Etter nøgje gransking er eg komen til det at dei gamle la sovori meining i ordet: Beisti har so god nos at dei kjenner det på lukti um maten eller drikka ikkje er godt. Eit ord som var mykje brukt fyrr: "Eg hadde tèrten ao da" = eg kunde lukta det, eg hadde tèven av det" (HS).

tidna, ein - normert tidnad?  o
"Han ha goe tidna pao kydna (kyrne) sina" = han har god lukka med kyrne sine, dei kalvar på eit heldig bel (om hausten) (HS).

tòka, ei ["tå:ka]  o
Hudi på ein gris. Purketoka, flesketoka o.s.b. "Eg skal reia tokao di, eg", sa dei ofte fyrr når det var einkvan dei skjente eller kytte på (HS).

torrbola, ei ["tårrbo:la?]  o
1) Hestesjukdom, utførselsgangane tetnar til. Sjå og kolikk (HS). 2) Aasen har tydinga 'eit slag burknegras' frå Hordaland og Sogn.

trantavidja, ei ["trantavIGGa]  o
Vidja som dei sette um tranten på grisene og drog dei ut etter når dei skulde slaktast. Snjèdla er også brukt i same tyding (HS).

tveigjæring, ein  o
Tvoåringshest (HS).

tøvver, eit?  o
Sjukdom på kyr, dei et ikkje, reagerer ikkje (AIS).

uta, v  o
(uka). Køyra ein hest attlengjes, ryggja (HS).

vegavàre, adj ["ve:gava:re] - normert vegvar  o
Når ein hest går og småskvett og ikkje er å lita på etter vegen, segjer dei at han er vegavar (vegvar) (HS).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms