Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



aogjeings, adj ["ao:jaings] - normert avgjengs  o
I ulag, ute av vanleg gjenge, or hengsli. Døme: "Da va fælt te' runamusk dar hadde vo', laose va øylagt å døri va komi aogjeings" (HS).

aolastokk, ein ["ao:laståkk] - normert ålestokk  o
Tverrbjelke under golvåsane (Vik, Fjærland, Aurland i So) (HR).

aoliv, eit ["ao:li:v]  o
Overliv på bunad, livstykke i underklede (AIS).

avretta, v ['a:vretta]  o
Når dei skjeftar t.d. ei øks, driv dei ein eller fleire kilar inn i enden på skaftet slik at øksi skal hanga betre på. Det kallar dei å avretta. I bygdemålet her vert ikkje dette ordet brukt i nokor onnor tyding, det eg kjenner til. I Indre Sogn heiter det aoretta (HS).

beiteskia, ei ["bai:teSji:a]  o
Dørkarm (AIS). Beiteskiene er dei to ståande stokkane på sida av døri i eit laftahus.

bjakse, ein ["bjakkse]  o
Vegg, bløyg, kile. Årette i eit skaft. Sjeldhøyrt (HS).

bjore, ein ["bjo:re]  o
Overlær i sko (AIS).

blinding, ein ["blInding]  o
Trenagle som held i saman stavane i eit trebidne (HS). Blindnagle.

brasa, v ["bra:sa]  o
Lodda med messing. Gjeva t.d. stålbjøllor ei tunn "forgylling" med messing (HS). Vanleg i nynorsk, jamfør ogso engelsk brass 'messing'.

bumb, ein [bUmb]  o
Vevstong (AIS).

byrsl, eit ['bYrs*l] - normert byrgsel  o
Lås eller anna stengsel for ei dør, ei grind, ei kista eller liknande (HS). Kjent i denne tydingi berre frå Sogn, og mest som hokjønnsord. Jamfør nynorsk byrgsel f 'innberging, serleg um høy og korn' og norrønt byrgja v 'stengja'.

duvlunge, ein ["dUvlonGe]  o
Trenagle som held i saman timbra i ein vegg (HS). Nynorsk duvlung, dublung.

gjeita, ei ["jai:ta] - normert geite  o
Det lyse treet som ligg nærast borken på nåletrei (AIS). Heller vanleg elles i landet.

gjyringamun, ein ["jY:ringamU:n] - normert gyrdingamun  o
Når ein laggar lagar ein det gjerne so at bidnet vert noko vidare i den eine enden enn i den andre, slik at gjordi vert trangare til lenger ho kjem innpå. Det kallar dei gjyringamun (HS).

halshakje, ein  o
Hake til å halda tømmerstokkane i ro og dra dei i hop (AIS).

halvtekkja, ei ["halltekkja]  o
Aasen: "Et Tag som ikke har Møning, men kun udgjør en Skraaflade fra en høiere til en lavere Væg" (AIS).

hikstingarom, eit ["hIkstingarUmm]  o
Slarkerom, ledingarom, det romet det t.d. må vera millom kausen og skruemori (møtriken) um ei kjerrehjul skal kunna snu seg rundt (HS).

innopen, adj ["innå:pen]  o
Når ei trestomn er innhol.

inntru, adj ["inntru:e]  o
Når ei trestomn er frisk tvert igjenom segjer dei her at han er inntrue (HS).

kaldesmed, ein ["kaldesmI:]  o
Ein som klakkar med smedarbeid og ikkje hitar (varmar) jarnet. Hædande namn på ein smed som er duglaus (HS).

kaose, ein ["kao:se]  o
"Bøssing" i eit kjerrehjul (HS). I andre målføre heiter dette kause.

laskaklommer, ei  o
Skrueklemma som dei festa leret i når dei skulle sy (med tvibysting) (HS).

maot, eit - normert måt  o
Verkty ein nytta når ein bygde tømmerhus, ein sette merke på stokkane som skulle liggja oppå kvarandre, og hogg etter streki (AIS). Norrønt mát 'verdsetjing, skyn, form'. Jamfør svensk mäta.

méda, v ["mI:a]  o
Setja merke når ein nytta maot (AIS).

myggja, ei - normert mydje?  o
Mose som ein hadde mellom upløgd material, t.d. i tømmerhus (AIS).

møtrikk, ein [møttrIkk]  o
Skruemor (HS).

rim, ei [rI:m]  o
Aasen: "Stong, Spil". Lagar ribbene i ei grind (AIS). Norrønt rim f 'spildre, båtrip'.

samløypa, ei ["sammlåi:pa]  o
Når det ikkje er noko al i furetimberet, segjer dei at det er "berre samløypa" (HS). Sogn.

saumdrèjèdl, ein - normert saumdregel  o
Spikraslag, stokk som dei spikrar bordkanten fast i (i eit løeskjentil) (HS). Norrønt dregill m 'band, remse, hårband'.

skjeiaklommer, ei ["Sjai:aklåmmer]  o
Form dei nytta når dei laga hornskeier (HS).

skofot, ein ['sko:fo:t]  o
Aasen: "Fodtøi, Sko og Strømper tilsammen" (AIS).

skoning, ein ["sko:ning]  o
Jednskoning. Aasen: "Beslag, Bekledning". (AIS).

slumpatjukke, adj ["slUmpaKUkke] - normert slumpetjukk  o
Når t.d. eit bord er ujamt skore, slik at det er tjukt sume stader og tunt sume stader, segjer dei at det er slumpatjukt (HS).

snèband, eit ["snI:band]  o
Skråbinding millom stav og alestokk i ei løe (HS).

spènsl, eit ['spens*l] - normert spensel  o
Parsperrone i eit hus, dei tvo sperrone som står til møtes (HS).

spøna, ei ["spø:na]  o
Små spon, spon som er spikka med kniv. Dette ordet vert aldri brukt om øksespon eller høvlespon. Øksesponen kalla dei ofte skoraspon. Gamalt ordtak: Sprek eller spøna. "Da fanst korkje sprek eller spøna" (HS).

stedling, ein ["stedling] - normert stelling  o
Stillas (AIS). Ogso andre stader.

svarva, v ["svarva]  o
Svinga rundt, dreia. (AIS).

svarvebeink, ein ["svarvebaink] - normert svarvebenk  o
Dreiebenk (AIS).

tarvende, ein ["tarvende]  o
Verkty, reiskap (AIS). Elles nedskrive på Voss, Hardanger og Hallingdal. Norrønt þarfendi n pl 'naudturvelege ting'.

tekla, ei ["tekla]  o
Også ei diksel. Hammar til å ta ned gjordi på tønner med (AIS).

turla, v  o
Dette ordet har eg aldri høyrt anna i samanhengen "turla og spinna". "Ho sat å turla og spann". Dei la visst noko slikt i det, at det gjekk seint med spinningi, og at det vart lite snu på tråden (HS).

vannesa, ei ["vanne:sa]  o
Fjøl nede på ei dør som hindrar vatnet i å trengja inn. (AIS).

vannkant, ein ["vannkant]  o
"Skår eller hulning i kanten, f.eks. på en planke; et sted hvor der ikke er heel eller fuld kant" segjer Ivar Aasen. I denne tydingi er ordet brukt i bygdemålet her og. Dessutan er det brukt i ei onnor tyding (HS).

veiende, eit ["vai:ende]  o
Fremste tverrtreet på ein slede eller kjelke (HS).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms