Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



borre, ein ["bårre]  o
Aasen: "Burre, Urt med små Haker paa Blomsterhovedene" (AIS).

gagl, ein ['gag*l]  o
Flokk. Ein rjupegagl t.d. (HS). Dette ordet er nedskrive berre i Vik og i Fjærland. Ei 'gagl' er på nynorsk og norrønt ei villgås, og truleg er vårt ord ei samantrekkjing av eit eldre ord for 'ein flokk med villgjæser', t.d. ein 'gaglflokk'.

gagla, v ["gagla]  o
Gagla seg ihop = flokka seg. Mykje brukt (HS). Danna til ordet ovafor.

gandunge, ein ["gandonGe]  o
Sureple, eple av ein vill apal (HS). Denne tydingi, samt tydingi 'trollsleg, lei unge' er notert berre i Sogn.

grene, eit ["gre:ne]  o
Rovdyrbøle, hi. Røvagrène (Revgrène) - revehi, rev med ungebøle. Dette ordet vert ogso brukt i ei onnor meining. "Da æ eit fæle grène" segjer dei um ein huslyd (eller ei grend) som syndast og held jualevnad (HS). I andre målføre helst i formi 'gren'. Det har vore føreslege at gardsnamnet Grønsberg kjem av dette.

hyvakse, eit  o
Dun som veks på tre (AIS). Av hy, noko lode. Norrønt .

jasageit, ei ["ja:sajai:t]  o
Hohare (AIS). Sjå jase

jase, ein ["ja:se]  o
Hare. Vestlandet og indre Austlandet. Norrønt hjæsi, nytta som tilnamn (TH).

kratlen, adj  o
Kratleskog, småskog, "forkrøbla" skog (HS).

kratleskog, ein  o
Sjå kratle (HS).

kvaoe, ein ["kvao:e] - normert kvåde  o
Kvade, harpiks (HR).

kveldsøva, ei ["kvelsø:va]  o
Kveldsvæve; løvetann (Vik, Underdal i So) (HR).

lævesja, ei  o
Stendigt grønt tekke av mose eller gras yver ei liti kjelde som aldri frys til (jamfør tidvesje) (Vik i So) (HR). Jamfør 'læ' og 'vesje' (tekket tykkjest ihopfløkt).

myla, v ["my:la]  o
1) Småflina, dra på smilen (HS). 2) Når fisken er sovidt upp i vass-skorpa at det vert ein liten ring i vatnet etter han, segjer dei at han myler (HS). Berre i Sogn. Begge tydingane heng saman med mule m

nebbesild, ei ["nebbesIld]  o
Eit tunnvakse, langleitt og kvassnasa kvinnfolk. Kalling (HS). Fiskeslaget horngjele.

nordanskredla, ei ["no:ra(o)skredla?] - normert nordanskrelle  o
Ein trekrjupar (Vik i So) (HR). Ross oppgjer ikkje uttalen, men det er truleg at 'nordan-' vert til [no:ra-] eller ["no:rao-].

nòta, ei ["nå:ta] - normert note  o
1) Brennenote, brennenesle. 2) Um ein spræk kar (Vik, Luster i So) (HR).

punt, ein [pUnt]  o
Fjellgras med lange stive strå, for hestane var det farleg å eta punt, då kunne dei få kolikk/turrbola (AIS).

skarrfugl, ein ["skarrfUgl]  o
Skararjupe (Vik i So) (HR).

skårakong, ein ["skå:rakong] - normert skorakung  o
Plante det vert laga krydder av (AIS). Bergmynte eller oregano (origanum vulgaris).

steindylp, ein ["stai:ndYlp]  o
Fugl som dylpa når han sit, dvs. rykkjer med hovudet (AIS).

to(l)kn, ei [tå(l)k*n]  o
Gjelle (AIS). Ogso i andre målføre.

trollkonesopedl, ein ["trållkå:neso:ped*l] - normert trollkonesopel  o
Tett vase av småe greiner - helst på leggen av ei bjørk (HS).

tvinytla, ei ["tvi:nYtla]  o
Tvo neter (nøtter) som har vakse saman til ei (HS).

vètt, eit [vett]  o
Eggi åt spyfluga. (Indre Sogn: vitt) (HS).

vetterstøda, ei  o
Sjø-aure som vert verande i ferskvatn um vinteren (HR).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms