Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



vaksande, eit ["vaksande]  o
Vaksande måne = dei tvo fyrste månekvartali (HS).

vana, ein ["va:na] - normert vanad  o
Ubya, skade. Døme: "Lat guten væ, han gjer ikkje noken vana". Sjeldhøyrt (HS). Av eit *vanaðr til norrønt vana, øydeleggja, skamfara; jamfør norrønt vanan f 'skamfaring'.

vandafaren, ein ["vandafa:r*n]  o
Ein som er vandsam og leid å matstella (HS).

vandavegjes, adv ["vandave:jes]  o
Fara vandavegjes = gå til spille, verta øydt til ingen nytte, vera stole (HS).

vannesa, ei ["vanne:sa]  o
Fjøl nede på ei dør som hindrar vatnet i å trengja inn. (AIS).

vanngjerast, v ["vannje:rast]  o
Vanveksa seg, "utvikle" seg i uheppi leid (HS).

vannkant, ein ["vannkant]  o
"Skår eller hulning i kanten, f.eks. på en planke; et sted hvor der ikke er heel eller fuld kant" segjer Ivar Aasen. I denne tydingi er ordet brukt i bygdemålet her og. Dessutan er det brukt i ei onnor tyding (HS).

vannlytt, adj  o
Ille medfaren (HS).

vannmeigd, ei  o
Når eitkvart mislukkast eller gjekk galne vegen, sa dei at "da va vannmeigdi i da". Sjeldhøyrt (HS).

vaog, ei ["vao:g] - normert våg  o
Vekteining, 18 kg (AIS).

vaogagar, ein ["vao:gaga:r] - normert vågegard  o
Gard etter ei ufs eller eit harmralag til trygd for buskapen (HS).

vaol, ein ["vao:l] - normert vål  o
Ein person som er vanhjelpen til noko. Sjå vaola (HS). Sogn, Sunnfjord, Sunnmøre o.fl.

vaola, v ["vao:la] - normert våla  o
Vatla, fjaka o.s.b. Ikkje få arbeid frå hendene. Eit vaol, hjelpelaust, vatlevore, levande (HS).

vaolebrok, ei ["vao:lebrok] - normert vålebrok  o
Hjelpelaust menneske. Kan nyttast når det er noko vedkomande ikkje får til. Sjå vaol, vaola (HS).

vaolekalv, ein ["vao:lekalv] - normert vålekalv  o
Sjå vaol (HS).

vaolende, ein ["vao:lende] - normert vålende  o
1) Velende, Matrøyr (HR). 2) Skjellsord om person som det er lite med (AIS). Nyislandsk vélindi (völendi) n i fyrste tyding.

vaorfem, adj  o
Tidleg vår (AIS).

vaottera, v - normert votera?  o
Verdsetja, "vurdere". Vyrdja. Sjeldhøyrt (HS).

vasskrumme, adj ["vasskrUmme] - normert vasskrum  o
Truten og stiv i nevane av væta og kulde (HS).

vegavàre, adj ["ve:gava:re] - normert vegvar  o
Når ein hest går og småskvett og ikkje er å lita på etter vegen, segjer dei at han er vegavar (vegvar) (HS).

veiende, eit ["vai:ende]  o
Fremste tverrtreet på ein slede eller kjelke (HS).

velfarreis, ei  o
Siste reis. Ordet vart mykje nytta ironisk. Når einkvan hadde gjort ei fæl velta eller eit godt spikk, sa dei gjerne at han hadde gjort velfarreisi si (HS).

velvoren, adj ["velvå:r*n]  o
Raust, romhendt. "Han kom velvoren dan karen" = han kom god, han kom ikkje tomhendt" (HS).

vera ao felde, adj  o
Dativrest som tyder vera på ferde, ute att, særleg om noko gale (AIS).

Vèraokji, f b - normert Ver(r)åki  o
Mjølkevegen (HS). Eigentleg 'Vetterråki', jamfør det vanlegare Vetterbrauti 'vintergata, mjølkevegen'.

veratapse, ein ["ve:ratapse]  o
Liten ver. Sjå tapse (HS).

vèsa, ei  o
Eit veikt og karakterlaust menneske, ein stakkar (HS). Ogso i Nord-Norge.

vetlavinna, ei ["vetlavInna]  o
Fånyttig arbeid, arbeid som ein tjonar seg vekk med (HS).

vètt, eit [vett]  o
Eggi åt spyfluga. (Indre Sogn: vitt) (HS).

vetterstøda, ei  o
Sjø-aure som vert verande i ferskvatn um vinteren (HR).

vidkvorven, adj ["vi:kvårven]  o
Som treng stort rom (Vik i So) (HR).

vikkel, eit  o
Ørlite merke, teikn etter noko. Døme: "Saore hadde grott so fint atte da synte berre eit lite vikkel i hui itte da" (HS).

vimen, adj ["vi:men]  o
Som kjenner seg vimlen; elgen, vimlen (Vik i So) (HR)

vimren, adj ["vImr*n]  o
Som vil brjota seg; som lett vert vimlen (Vik i So). Vimren for brjostet (HR).

vindblaome, ein ["vindblao:me] - normert vindblåme  o
Svarte, stygge stormskyer. (Blåme: mørk regnsky) (HS).

vindkul, eit  o
Sjå kul (HS).

visarkjering, ei ["visarKe:ring]  o
Spåkjerring, trollkvinna (HS).

viska, v  o
Knyta høy og halm i buntar for kyrne. "Viska ain vondedl" (AIS).

vitra, ei ["vItra]  o
Tidend, melding, greide; nyss (HR). Norrønt vitra.

voa, ei ["vå:a] - normert vode  o
Ugreide, rot, røre (HR). M.a. brukt i samanhengen: Ei togavoda, ei snørevoda, ei sladrevoda, ei fyllevoda o.m (HS). Ei fyllevoda = mange fulle karar som går og vimar og held i kvarandre.

vòk, ei [vå:k] - normert vok  o
Hol i isen på eit vatn (AIS).

vòl, ein [vå:l] - normert vol  o
Slagvòl, handvòl. Nytta til å berja korn (AIS).

vond, eit? [vånd]  o
Emne, tilfang til eit sprake- eller risvedgjerde. Ordet er elles kjend, men ikkje frå desse kantar (HS).

vondagar, ein ["våndaga:r] - normert vondagard  o
Emne, tilfang til gjerde av sprake eller risved (HS).

vondedl, ein ["vånded*l] - normert vondel  o
Samanvondla høy. Jamfør viska (AIS).

vospa, ei ["våspa]  o
Tog eller tråd som er kome i ugreida, er vorte ihopvasa (HS).

vovje, ein ["våvje] - normert vodve  o
Gno. voðvi - kjøtrik muskel (AIS).

våfråst, ei  o
24. mars (AIS). Av 'vårfrost'?

vægje, eit ["ve:je]  o
Når dei tala um einkvan, som det stod sers age av, sa dei ofte: "Da va vægje med dan karen". Dette ordet held på å døy ut (HS).

vøykalivet, n ["våi:kali:ve] - normert veikelivet?  o
Mellomgolvet (HS).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms