Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



udaom, eit ["u:dao:m] - normert udåm  o
Uskap, styggedom. Døme: "Da va noke te sjao ein slike fot so han drogst mæ". Han hadde hogge seg i knesjeli å so sette da seg udaom i saore" (HS).

uhitt, adj ["u:hItt]  o
Uvandt å finna vegen, lett å finna fram (HS).

uhøgt, ["u:høkt]  o
Uhøveleg lite i samsvar med det ein er van med. Døme: "Da æ uhøgt fy' henne å arbeia, ho so ikkje ha vo' vand å gjera noke" (HS).

uksatapse, ein ["Uksatapse]  o
Liten ukse. Sjå tapse (HS).

ulder, ein  o
Vrimmel, myriade. Sjeldhøyrt (HS).

ulen, adj ["u:l*n]  o
Når kjøt (helst) var lite salta og det hang i eit rom med lite trekk eller luftskifte, vart det ofte som ein myglasmak av det. Då sa dei gamle at det var ult (HS). Sogn og Voss.

umloga, ei ["Ummlå:ga] - normert omloge  o
Buska under gjøringane på eit høy- eller halmlass (HS).

umskot, ["Ummskå:t] - normert omskot  o
Når eitkvart har brotna av, og endane har kome forbi einannan, segjer dei at det har kome um skot, eller at endane har kome um skot (HS).

umun, ein ["u:mU:n]  o
Lite atterslag, skadeleg verknad. Ein gamal mann fortalde meg denne stubben: Det var tvo hardhausar av det gode gamle slaget, som var komne i havsnaud. So sa den eine: "Me faor prøva be". "Å dæ æ kje noken nytte i da fyr' oss, tvila meg fyre", sa den andre". "Jau, me faor no prøva. Da kan ikkje gjera noken umun." (HS).

undaoslag, eit ["Undaosla:g] - normert undanslag  o
Undanbakke (HS).

undesetna, ein ["Undesetna] - normert undersetnad  o
Underlag, stød, grunnlag. Døme: "Da vanta kje pao atte merri hadde goe nokk bul, men da sto atte pao undesetnaen" (= beinsetnaden) (HS).

undesette, adj ["Undesette] - normert undersett  o
"Da staor kje pao han, han e so gott undesette", segjer dei gjerne um ein som har ervt eller lagt seg upp mykje pengar (HS).

unòpe, adj ["u:nå:pe]  o
Nok, rikeleg. "Unope me mat" - mykje mat (AIS). Nynorsk nopen = 'særs nøyen, knapp, knipen'.

uppefloten, adj ["Uppeflå:t*n] - normert oppefloten  o
Upprådd, ibeit. Døme: "Eg sto uppefloten fy' ljao" (HS).

upptètt, adv - normert opptidt?  o
Granska, utgreidt, lagt klårt upp i dagen (HS).

urga, v ["Urga]  o
Trega, ha vondt av eitkvart (HS). Sogn.

usjaodle, adj ["u:Sjaodle] - normert usjåeleg  o
Uflidd, rusken, lite sjåande (HS). Ogso andre målføre.

uta, v  o
(uka). Køyra ein hest attlengjes, ryggja (HS).

utre, eit ["u:trI:]  o
Eit rangvist, ubyesamt menneske (HS). Sogn og Hardanger. Eigentleg eit vride eller lite brukande tre el. trestykke.

utslàma, - normert utslama  o
Avgjord, daudtrøytt, utsliten av arbeid (HS). Sogn og Hordaland.

utsvar, eit  o
Avgift, leigegodtgjerdsla for jordveg eller tufter (HS).

uværige, adj [u:ve:rIge] - normert uverdig  o
Ulag, vantrivnad. "Eg æ so uværige med da" = eg er ikkje tilfreds med det, eg trivst ikkje med det. (Han er uværig, ho er uværig) (HS).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms