Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



takskjèrre, adj ["ta:kSjerre] - normert takeskjerr  o
Folkevar, sky, vand å få tak i (HS). Særleg om hest. Sisteleddet er skjerr adj 'reddvoren', norrønt skjarr.

tanngjisk, ein - normert tanngisk  o
Ein som fliner og ler åt folk. Kalling (HS).

tannram, adj  o
Vera tannram = ha lett for å snakka, snakka fort (og mykje) (HS).

tannskjol, ["tannSjo:l]  o
Meltingssjuk (HS). Jamfør skjol.

taog, ei [tao:g] - normert tåg, tæger  o
Rot på tre som vart kløyvd og nytta til å stramma ljå med. Fleirtal 'tægje' (AIS). Vanleg.

taokka, ei ["taokka]  o
Bakstehella (AIS). Jamfør takke.

taopa, v ["taopa] - normert tåpa  o
Ta etter, apa etter. Kan ogso tyda å spøkja etter noko. "Da æ 'kje stort før da ska taopa itte", segjer dei stundom når småborn skal freista gjera eit arbeid som dei har sett vakse folk har gjort. Eit anna døme: "Eg ha spaott att'an gje' seg ikkje før 'an gjer inkort illt, å jau taopa da itt' att' eg ska' verta sannspaodde" (HS).

tapse, ein ["tappse]  o
Ein liten veratapse, ein liten uksatapse o.s.b. = liten rusken lurv (HS).

tarvende, ein ["tarvende]  o
Verkty, reiskap (AIS). Elles nedskrive på Voss, Hardanger og Hallingdal. Norrønt þarfendi n pl 'naudturvelege ting'.

tatla, ei ["tatla]  o
Magesekk, vomb. Døme: "No ska du fao i tatlao di" eller "D'æ bra tatla pao 'ne no so mykj' atte" (HS).

tavr, eit ['tav*r]  o
Ein som er lite for seg. Eit tavr ti å eta, sa dei. Sjå tavra (HS).

tavra, v ["tavra]  o
Vatla, gå mødesamt, vera lite god til å hjelpa seg." Døme: "Ho for dar å tavra å visste korkje ut elde in" (HS).

tavren, adj ["tavr*n]  o
Lite for seg, "ubehjelpeleg" (HS).

tavrety, ["tavrety:]  o
Vart nytta om huslyd som var lite fyre seg, lite tiltakssame (HS).

te, v  o
Når einkvan har leitt etter noko, segjer dei gjerne: "Eg tedde kver granden" - eg for yver og granska alt". Sjå upptett (HS).

tèatters, adv [tI:'atters] - normert tilatters  o
Stå til atters - stå "tilbake", ikkje vinna halda fylgje (HS).

tekla, ei ["tekla]  o
Også ei diksel. Hammar til å ta ned gjordi på tønner med (AIS).

tekodl, eit ["tI:kådd*l] - normert tilkoll  o
Tilhald. Sjå lunnhelde (HS).

tèkta,   o
"Ta til tikta" = ta "ad notam", ta lærdom av ei refsing (HS).

tenna, v ["tenna]  o
Plukka neter or hamsen (HS).

tenning, ein ["tenning]  o
Ei nòt (nøtt) etter ho er komi or hamse (HS).

terpentikedl, ein  o
Pendel i ei klokke (AIS).

terrsam, adj ["terrsa:m]  o
Dei segjer at beisti er tèrrsame på mat eller drikka. Etter nøgje gransking er eg komen til det at dei gamle la sovori meining i ordet: Beisti har so god nos at dei kjenner det på lukti um maten eller drikka ikkje er godt. Eit ord som var mykje brukt fyrr: "Eg hadde tèrten ao da" = eg kunde lukta det, eg hadde tèven av det" (HS).

tert, ein [tert]  o
"Eg hadde terten ao da" - eg kunne lukta det, eg hadde teven av det. Sjå terrsam (HS).

tètètt, - normert tiltedt?  o
"Ein gaong sètt æ da tie gaonje tètètt", sa dei gamle". Dei lagde pålag denne meiningi i det: Når dei hadde sett eit ustykkje av einkvan ein gong, vart gjerne den same mistenkt eller skulda for 10 liknande spikk (HS).

tidna, ein - normert tidnad?  o
"Han ha goe tidna pao kydna (kyrne) sina" = han har god lukka med kyrne sine, dei kalvar på eit heldig bel (om hausten) (HS).

tigla, v  o
Spara (AIS).

titlespringa, v ["tItlespringa]  o
Småspringa, gå i diltetrov (HS).

tjon, [Ko:n]  o
Ein duglaus person (AIS). Jamfør tjona.

tjona, v ["Ko:na]  o
Øydeleggja, fara ille med. Kjona vekk nåke - tapa noko, mista (AIS). Jamfør tyna.

tjubeitt, adj ["Ku:baitt]  o
Naten, beitt å koma seg til å gjera noko ein ikkje har lov til (HS).

tjøste, ein ["Køste]  o
Blåsing el. stynjing i halsen som når ein talar heilt andsloppen; hæsing (HR).

, ei [tå:] - normert tod  o
Tøde, gjødsla mark (AIS). Norrønt taða. Ordet tadle, talle heng og saman med dette.

to(l)kn, ei [tå(l)k*n]  o
Gjelle (AIS). Ogso i andre målføre.

tòa, ei ["tå:a] - normert tode  o
Jente som ikkje var til noko (AIS). Jamfør tò.

tòbrok, ei [tå:brok]  o
Møkabrok, ein vaol (AIS). Mannfolk med lite vilje og tiltak i, ein som ikkje kjem seg til med noko og som lite veit kva han vil. Kalling (HS). Serleg ein som gjeng seint og stygt (HR).

todagssletta, ei  o
Ein slåtteteig det tok to dagar å slå. Også eindagssletta (AIS).

togavoa, ei ["tå:gavo:a]  o
Sjå voa (HS).

tògras, eit [tå:gras]  o
Gras frå gjødsla mark. (AIS).

tòka, ei ["tå:ka]  o
Hudi på ein gris. Purketoka, flesketoka o.s.b. "Eg skal reia tokao di, eg", sa dei ofte fyrr når det var einkvan dei skjente eller kytte på (HS).

tokje, ein ["to:Ke] - normert toke  o
Ein evnelaus og tankelaus kar, ein fåming, idiot (HS). Ogso i Hordaland og Sunnmøre.

tokkaløysa, ei ["tåkkalåi:sa] - normert tokkeløyse  o
Tosket menneske som hugsar lite (AIS).

torkla, v ["tårkla]  o
Klakka, brota litegrand når ein går (helst når ein går med tresko) (HS).

torrbola, ei ["tårrbo:la?]  o
1) Hestesjukdom, utførselsgangane tetnar til. Sjå og kolikk (HS). 2) Aasen har tydinga 'eit slag burknegras' frå Hordaland og Sogn.

tòvfjøl, ei  o
Ei fjøl med tverr-rikkor som dei har å tøva på. Vaskebrett (HS).

trantavidja, ei ["trantavIGGa]  o
Vidja som dei sette um tranten på grisene og drog dei ut etter når dei skulde slaktast. Snjèdla er også brukt i same tyding (HS).

traoboen, adj ["trao:bå:en] - normert tråboden  o
Vera traoboden - vera tung å beda, ikkje lyda utan ein vert bedd uppatt og uppatt (HS).

travalakje, ein ["travala:Ke] - normert travelake  o
Sjå lakje (HS). Ogso travalarkje.

travali, ein  o
Aasen: "Besvær, Møie, Slit, Slep". "Ska ru ut pao travalien atte" - skal du av garde att (AIS). Vel laga etter fransk travail.

travasamt, adj ["travasamt]  o
Hardt å stå i, slitsamt (HS).

trèkle, adj  o
Tenkt, slu, "beregnende", utkropen (HS).

trettemun, ein ["trettemU:n]  o
Liten fyremun, aldri-so-lite å pruta på (HS).

trippeleia, v ["trIppelai:a]  o
Leida einkvan som strita imot slik at det er sovidt dei rekk nedi med føtene (HS).

trissa, v ["trIssa]  o
Tøygja, slita, bera ei byrd som ein lite vinn med. Døme: "Da va' 'kje badnaspel te' væ budeia før da va paokomme mæ dessa springadne. Da va te' gao å trissa å slita pao vass'sælen å dei tonga trebyttedna både seint å ti'le" (HS).

troa, ei ["tro:a]  o
Vassrette spilane på dei gamle trohesjane, før ein fekk streng (AIS).

trollkonesopedl, ein ["trållkå:neso:ped*l] - normert trollkonesopel  o
Tett vase av småe greiner - helst på leggen av ei bjørk (HS).

trollkonespya, ei ["trållkå:nespy:a]  o
Dei gamle trudde at trollkjerringane so å segja kunde konsentrera trollskapen i ei spya. Kom nokon yver ei slik spya som ei trollkjerring hadde lagt or seg, skulde spya brennast på ein eld som var uppgjord med ved av 9 ymse treslag (tresortar). Då tok ein makti av trollskapen samstundes som trollkjerringi laut koma og sjå på at spya hennar vart brend (HS).

trollskjen, adj ["trålSjen] - normert trollsken  o
Mannstygg, "folkesky" (HS).

trysja, v ["trYSSja]  o
Falla av (ned) i mengdevis. Døme: "Epli tryse ne". Bøygjing: Tryse, truste, trust. Eit anna døme: "Da va so trysjande fullt ao smale, da va so da bivra berre" (HS).

træje, ein ["tre:je] - normert trege  o
Eg finn dette ordet hjå Ivar Aasen, men tydingi er ikkje fullnøgjande. Trège tyder på vikjamål: Kvervel, knute. "Eg hadde slike idle træje pao vetlataonao" = liktorn (HS).

træjen, adj ["tre:jen] - normert tregen  o
Vriden, ugreid. Døme: "Ve'en va træjen å idle te kløyva". "Da æ ein træjen kar" o.s.b (HS).

tufl, eit ['tUf*l]  o
Eit fåtenkt og fådugeleg kvinnfolk, eit stakkarsting (HS).

tugla, v  o
Etla maten i ein, motviljug og i småe grandar um gongen (HS).

tuglabite, ein ["tUglabI:te]  o
Matgrand som ein får tilsegetla, men ikkje er unnt, "nådsensbrød" (HS).

tungdrykte, adj ["tongdrYkte]  o
Vera tungdrykt - drikka tungt, drikka mykje um gongen (helst øl) (HS).

tungloa, adj  o
Tungsytt, tunglynt, melankolsk (HS).

tungstiga, adj ["tongstI:ga]  o
Vera tungstiga - vera tung på foten, trø tungt til (HS).

tungsytte, adj ["tongsytte]  o
Sutefull, "bekymringsfull" (HS).

tunskaol, ei ["tu:nskao:l] - normert tunskål  o
Når dei heldt gjestebod, brudlaup eller andre veitslor i gamle dagar, tok dei mot gjestene ute i tunet med ei ølskål. Denne skåli kalla dei tunskåli (HS).

turkao, ["tUrkao]  o
Hardt liv, forstopping (HS).

turla, v  o
Dette ordet har eg aldri høyrt anna i samanhengen "turla og spinna". "Ho sat å turla og spann". Dei la visst noko slikt i det, at det gjekk seint med spinningi, og at det vart lite snu på tråden (HS).

turrnavar, ein ["tUrrna:var]  o
Mindre begåva person. "Han va ein turrnavar i skulen". Frå Sunnhordland er ordet navar notert i tydingi 'tufs, sæling'. Eigentleg er det ein handbor (TH).

turrstart, ein ["tUrrstart]  o
Stomn som står att etter eit lite tre som har brotna. Sjå start (HS).

turrtrinast, v  o
Døme: "Da staor berre å turrtrinast", segjer dei um gras og andre vokstrar som har fått vantrivnad på seg og er slutta å veksa (HS).

turtalaust, adv ["tUrtalaust] - normert turvtelaust  o
Tarvlaust, uturvande, unaudvendig (TH).

tustalag, eit ["tustala:g]  o
Halda tustalag = jamfylgjast, vera jamgode (i arbeid). Jamfør treskereiskapen ei tust (HS).

tuttra, v ["tUtra]  o
Snakka stilt så andre ikkje skal høyra (AIS).

tveggjemælland, eit  o
Ein åker som er so stor at det trengst 2 mælar korn til utsæd i han (HS).

tveigjæring, ein  o
Tvoåringshest (HS).

tvèrrkast, v ["tverkast]  o
Rengjast, koma i ordkast, syndast (HS).

tvèrrkjeksa, ei ["tverrKeksa]  o
Ubeinig menneskje. Ogso eit trettekjært menneskje, ei ranggjera (HS).

tvèrrsvorig, adj ["tverrsvo:rige]  o
Vera tvèrrsvorig = vera tverken og vrang i svari, svara ublidt og avvisande (HS). Motsett er beinsvorig som Aasen noterte i Sogn.

tvihending, ein ["tvi:hending]  o
Ljå som ein held med begge hender (AIS).

tvileingja, ei ["tvi:lainGa] - normert tvilengje  o
Vedkubb som det er 2 famnevedleider i. Tvibytning, (ein) kallar dei og ein slik vedkubb (HS).

tviljoda, v ["tvi:ljo:a]  o
Huja og skifta mål frå grovt til grannt t.d (HS).

tviløypa, ei ["tvi:låi:pa]  o
Gå seg i tviløypa = gå seg fast, so ein ikkje kjem korkje fram eller attende (HS).

tvinytla, ei ["tvi:nYtla]  o
Tvo neter (nøtter) som har vakse saman til ei (HS).

tvirla, v ["tvirla]  o
Tvika, vera uviss, "tvilrådig", tvihugnad o.s.b. Trivla snart etter noko og snart etter eitkvart anna. "Han laog å tvirla mæ taumen å viste lite ko' sia 'an skulde vikja te" (HS).

tvòga, ei ["två:ga]  o
Klut til oppvask eller husvask; vaskefille. Samanheng med verbet två. Fleire målføre (TH).

tye, adj ['ty:e] - normert tyd  o
Hann ekje tye i dag - han er sint, "idle" (AIS). Linn, mild, mjuk, lett å handsama. Norrønt þýðr adj 'omgjengeleg, venleg, blid'.

tykk, ein  o
Sjå platten (HS).

tyl, ein [ty:l]  o
Ordboki si forklaring 'styving, tosk' er ikkje heilt dekkande, då høver Oddvar Torsheim si forklaring "intelligent tosk" betre. Sunnmøre, Fjordane, Sogn og Voss (TH).

tylelot, eit  o
Ein underleg "tykk", ein snert av sinnsjukdom, tullerid som går snøgt av att (HS).

tylen, adj ["ty:l*n]  o
Tosket, galen. Sjå tyl (TH).

tymt, ein  o
Snik, liten illtèv, ein snèv av vond lukt, t.d. or eit bidne (HS).

typsa, ei ["tYpsa] - normert tyfse?  o
Klædefilla. Ordet vert og brukt um eit kvinnfolk som lyt tvoga og arbeida og likevel er lite umtykt (HS).

tyri, eit  o
"Da æ eit undale tyri", segjer dei gjerne um ei ætt, ein huslyd e.l. som er noko for seg sjølv, noko utanfor vanleg folkeskikk (HS).

tysl, eit ['tYs*l]  o
Eit tankelaust, fåtenkt og fådugeleg kvinnfolk (HS).

tøkja, ei ["tø:Ka]  o
Tak, arbeidsøkt. Døme: "Dei tok ei tøkja å plukka smaostein or aokkeren" (HS).

tøte, eit ["tøte]  o
Sinne (AIS).

tøvver, eit?  o
Sjukdom på kyr, dei et ikkje, reagerer ikkje (AIS).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms