Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



salsa, ei ["salsa]  o
1200 kvm, 6 mælesland (AIS). Eigentleg eit såld-så. Sogn og Voss.

samløypa, ei ["sammlåi:pa]  o
Når det ikkje er noko al i furetimberet, segjer dei at det er "berre samløypa" (HS). Sogn.

samsutl, eit ["sammsUt*l]  o
Tvilsamt hopehav, lurveskap som dei er fleire um (HS). Av sutla 'skvalpa, klukka' overf. 'drikka'.

saobil, eit ['sao:bI:l] - normert såbel  o
Det bilet ein skal så bygg. Etter gamalt hev ein visst såbil (viss dato). Det ymsar noko etter som gardane ligg nær sjøen eller langt til dals. (Lengst til dals var det 5. mai og nærast sjøen 25. mai) (HS).

saobyrsa,   o
Skjemteord. Skjota med såbyrsa - fisa (HS).

saodogg, ei  o
Fint regn når ein sår kornet, eller straks etterpå (HS).

saoe, ein ["sao:e] - normert såe  o
Skal på korn (AIS).

saorka, v ["saorka]  o
Gjeva lite sår, helst berre hudrasa. Kan ogso tyda å såra, "fornærme", segja eller gjera noko som einkvan tek seg nær av. Døme: "Eg nemnd' ikkje da dei hadde fortalt um far 'ass mæ eit halldrege or, eg vist' eg kund' 'a saork 'an mæ da" (HS). Fleire målføre.

saorsøkjen, adj  o
Hårsår, sårnæm, "ømfindtlig" (HS).

sauasjuga, ei  o
Eit menneske som det står liten age av, ein som ingen lyder (HS). Av sjuga 'jaga, skremma ved å seia "sju!".'"

saumdrèjèdl, ein - normert saumdregel  o
Spikraslag, stokk som dei spikrar bordkanten fast i (i eit løeskjentil) (HS). Norrønt dregill m 'band, remse, hårband'.

save, ein  o
Umframt den tydingi dette ordet har fått hjå Ivar Aasen, kan det ogso tyda eit tunt lag. Ein snjosave, segjer dei t.d. Eller: "Du faor ta ao da ein liten save te", dvs. ta ein tunn spøn (HS).

segje, eit ["se:je]  o
Avrunda merke i saueøra (HR). Heng kannhenda saman med roti i sag, sigd.

seingjarøyta, ei - normert sengjerøyte  o
Ein som har lite arbeidstrott, står seint upp um morgonane og elles held seg mykje i sengi (HS). Jamfør rjota 'snorka'. "Han liggje og ryte og søve".

setja styven i,   o
Setja nerk i (styv = styrke) (AIS).

sig, eit  o
Agg, illvilje som har botnfest seg og som ein går og ber på i duldo. Døme: "Han gjore so illt te' meins fyr' meg eingong, å siao ha eg hatt eit lite sig te' 'an" (HS).

sigla, v ["sIgla]  o
Sigla på ski = renna på ski (TH).

sigle, eit ["sIgle]  o
Skunding, stor fart (Vik i So); "koma i eit sigle", i eitt renn (HR).

silhår, eit ["si:lhao:r]  o
I gamle dagar bruka dei silhår å sila mjølki gjenom. Det var bunde av håri av ei kyrerova. "Da leke so silhaor", segjer dei endå um noko som lek fælt (HS).

sinaberre, adj ["sI:naberre] - normert seneberr  o
Skrinn, turrvoksen (HS).

sinsa, v  o
Ansa um, bry seg. Når framande skulde til bords, sa dei gjerne: "De skuld' ikkje sins um da" - de skulde ikkje bry dykk med det, de skulde ikkje gjera dykk so mykje fyre. Gamalt, sjeldhøyrt (HS). Aasen fører sinna i same tyding, og i norrønt hadde ogso sinna denne tydingi. Sinsa er truleg danna ved at ein s er kommen inn frå sansa.

sinsa, v ["sInsa]  o
Ensa, rikka, særleg til born. Hann sinsa ikkje stort pao da (HR). Berre i Sogn. Avleiing av sinna, truleg med s frå sansa.

siruna, ei ["si:rU:na]  o
Kornstrå som veks opp når "åkeren er nedlagd" og ikkje vinn mognast so tidleg som det andre kornet (HS). Vanleg i fleire målføre. Av sid 'sein' og rune m 'renning'.

sjaggje, ein - normert sjagge el. D797skjegge  o
Liten mole, liten lappe (HS). Ikkje notert andre stader.

sjaksa, v  o
Klippa t.d. ty upp i smålappar, bruka soks eller skjera ulikleg (HS). Nedskrive frå Ryfylke til Sogn.

sjao, ein [Sjao:] - normert sjå?  o
Smolk (AIS).

sjoa, v ["Sjo:a] - normert sjoda  o
Koka (AIS). Bøying: ["Sjo:a - 'sy:e - seu: - ha: "så:e].

sjon, ei [Sjo:n]  o
Utsjånad, tilstand. "Da æ fina sjone" = det ser fint ut, det er god styr (ironisk) (HS). Eigentleg same tyding som 'syn'. Jamfør stadnamn som Sjonarhaug. Vanleg.

skalunge, ein ["ska:lonGe]  o
Eplekart som er skala av, har dotte av tidleg um sumaren (HS).

skalætte, adj  o
Når beisti var vandsame, åt det beste av maten og let det andre liggja, sa dei gamle at dei var skalætte (HS).

skammabod, eit ["skammabå:]  o
Når einkvan har bode svært liten pris for noko han vilde kjøpa, segjer dei gjerne: "Da va' ratt eit skammabo" (HS).

skankeled, eit ["skaonkelI:]  o
"Bakknæledd" (hjå hesten) (HS).

skanta, v ["skanta]  o
Skanta ao nåke - ta av. Aasen: "jævne, beklippe, tage lidt af for at Tingen kan passe."

skaok, ei ["skao:k] - normert skåk  o
Brukt bl.a. til å køyra ved på (AIS).

skaold, ein  o
Horntapp, hornslo, den mjuke beintappen i roti av eit horn (HS).

skaold, ein [skaold] - normert skåld  o
Regn (AIS).

skaonk, ei [skank] - normert skonk, flt. D1168skjenker  o
Lårbein. Brukt som adjektiv i uttrykket "han va skaonke" - tyder truleg at ein er dårleg til beins (AIS).

skaoragaong, ein ["skao:ragaong] - normert skåragang  o
Gå skåragang = stå fleire mann etter einannan og slå med langorven og kappast um kven som er beste ljåkaren (HS).

skarafydlingen, m ["ska:rafYdlinGen] - normert skarafyllingen  o
Bestefar min fortalde denne gamle segni. I tidi straks fyre svartedauden var folkesetnaden i landet so stor at ikkje alle kunde finna buplass og leveveg på flatbygdene. Då vart det mange som busette seg i utmarki og i lidene. Denne tidbolken kalla dei skardafyllingen (HS).

skaring, ei ["ska:ring]  o
Enden av eit tak, yste enden av trofjølene, utesperra (HS).

skarkla, v  o
Køyra med skåk eller slede etter ujamn og steinut veg (HS).

skarrfugl, ein ["skarrfUgl]  o
Skararjupe (Vik i So) (HR).

skaua, ei ["skeu:a]  o
Sjukdom i skauhuset. Sjå skauhus (HS).

skauhus, eit  o
Opningen for kynslemen hjå hestar. Skauao = sjukdom i skauhuset. Denne sjukdomen kjem seg av at det kjem skit inn i skauhuset, som trutnar upp slik at hesten ikkje får ut kjønslemen. Sjeldhøyrt (HS).

skinneta, ei ["SjInne:ta]  o
Menneske (eller dyr) som et mykje og likevel er turrt og skinnmagert (HS).

skinnsøyma, ei ["SjInnsåi:ma] - normert skinnsøyme  o
Nål brukt til å sy skinn med (AIS).

skitsnippen, adj ["SjI:tsnIppen]  o
Sviken, vonbroten. Dette ordet har eg høyrt berre ein gong: av ei kvinna i 80-års alderen (HS).

skivrei, ei - normert skivreid  o
Eit kvinnfolk som er karsleg i fakter og ferd, ei som er mykje fyre seg og ikkje reknar so mykje med sømd og fin framferd (HS).

skjaomete, adj ["Sjao:mIte] - normert skjåmete  o
Når eit klædeplagg t.d. misser leten sume stader og ikkje andre stader, segjer dei at det er vorte skjaomete (HS). Ogso i andre målføre.

skjaorøyta, v ["Sjao:råi:ta] - normert skjårøyte  o
I gamle dagar svalt smalen ofte reint fælt. Desse utsvoltne smalane miste ulli, so det var berre blanke skinnet att. Då sa dei at smalen skjaorøytte (skjårøytte) (HS). Ogso Hordaland.

skjedda, ei ["Sjedda]  o
Liti og turrvaksi merr (HS).

skjedla, v ["Sjedla]  o
Når skylaget sprekk opp, sa ein at skyene skjedla seg. Sjå skjedlete (HS). Når det var eit skylag yver heile himmelen og dette skylaget liksom skilde seg i småe dottar, slik at ein såg ein glytt av himmelen imillom, sa dei gamle at "han" var skjèdlete" (HS).

skjedlete, adj ["SjedlIte]  o
Når det var eit skylag yver heile himmelen og dette skylaget liksom skilde seg i småe dottar, slik at ein såg ein glytt av himmelen imillom, sa dei gamle at "han" var skjèdlete (HS).

skjeiaklommer, ei ["Sjai:aklåmmer]  o
Form dei nytta når dei laga hornskeier (HS).

skjèkjedl, ein ["Sje:Ked*l] - normert skjekel  o
Hard sjukdom som gjekk snøgt yver att. Vart ogso nytta ironisk: "Juleskjèkjedl", sa dei = fæl fyllesykja, "dagen derpå" etter juleturingi (HS). Av skaka v 'skjelva'.

skjèltøl, eit ["Sjeltø:l]  o
Øl som ein får skjelte av å drikka, øl som det ikkje er rus i (HS).

skjemdavètte, eit ["Sjemdavette]  o
Uvyrde menneskje, ein som fer soleis åt at han er til skam både for seg sjølv og andre (HS).

skjena, v ["SjI:na]  o
Skjena. Søkja avkjøling, om krøter (AIS).

skjèrpesèring, ei ["Sjerpese:ring]  o
Røyning, nappetak, kjèpping. Dette ordet er truleg av nyare dato (HS). Andre leddet kjem av sera v 'stella til'.

skjile, adj ["SjI:le] - normert skilleg  o
Tydeleg, klår, lett å skilja. "Eg tykte so skjile eg saog eit beist borti snurren". Fleire målføre. Færøysisk skilligur (TH).

skjærd, adj ['Sjerde]  o
Skjerande, som øver til å skjerast, mogen so skurdarbeidet kann taka til, um korn el. Kornåker. I dei fleste målføre heiter det skjær.

skjævete, adj ["Sje:vIte] - normert skjævet  o
Flekkut, "broget", helst kvite flekkjer i raud lit (HS). Hardanger, Nordhordland og Sogn

skjøkla, v ["Sjøkla]  o
Gå ustødt og stygt (på lange ulenkelege bein) (HS).

skjøltra, v ["Sjøltra]  o
Gå stygt og ustødt, på lange skeive føter (HS).

skòbb, eit [skåbb]  o
Eit kvinnfolk som er mykje fyre seg, ubljug, frekk (HS).

skofot, ein ['sko:fo:t]  o
Aasen: "Fodtøi, Sko og Strømper tilsammen" (AIS).

skoglægje, adj ["sko:gle:je]  o
Når timberet har lege lenge (hogge) i skogen segjer dei at det er skoglæje (HS).

skoka, ei ["skå:ka]  o
1. Hard sjukdom. 2. Fæl skjenneskura, herva, avreidnad (HS).

skòn, ei [skå:n]  o
Nedste delen av eit øykjehovud, øykjemule (HS).

skòn, ei [skå:n]  o
Karvore, karsleg kvende (Vik i So) (HR).

skoning, ein ["sko:ning]  o
Jednskoning. Aasen: "Beslag, Bekledning". (AIS).

skonri,   o
Njosning, spæjing. M.a. bestefar min (fødd 1818) brukte dette ordet, og ein kan høyra det ein hende gong endå av gamle folk (HS).

skot, eit  o
Sjå umskot (HS).

skovande, adv ["sko:vande]  o
I ordl. som: ljåen bit skovande, ljåen bit godt og tett nedåt (Vik i So) (HR). Av skova 'skrapa skova av, skrapa rein'.

skraograut, ein ['skrao:greu:t]  o
Når dei steikte smalatalgi og feittet vart sila av, vart det att nokre skrær (kjøtslintrer) som dei anten gjorde til pylsor eller koka graut av. Den grauten kalla dei skraograut (HS).

skrapeslaott, ein ["skra:peslaott] - normert skrapeslått  o
Gras frå ugjødsla eng, frå skrinne rabbar (AIS).

skreisko, pl ["skraissko:] - normert skreidskor  o
Isskeisor. Eg minnest godt at bestefar min og andre gamle folk brukte dette namnet. Dei tala aldri um skeisor. (Ogso vanleg i Indre Sogn) (HS).

skrikla, v ["skrIkla]  o
Sjukna vekk, skranta (HS).

skrikta, v ["skrIkta]  o
Gjeva eit kvast og skrattande læte. Døme: "Ho skrikta so ei skjor" (HS).

skru, ein  o
Øvste bunten av rjåen (AIS).

skrubbelur, ein [skrUbbe'lU:r]  o
Kalling. Ein grovsleg og rusken kar (HS).

skrukt,   o
Sjå skrykkja (HS).

skrutlevoksen, adj ["skrUtlevaks*n]  o
Stygt og ulenkeleg vaksen (HS).

skrykkja, ["skrYKKa]  o
Bukta til, gjera noko ujamnt. Døme: "Spannet var ihopskrykt" osb. (Eit gamalt ordtak: Da kom både i bukt og i skrukt) (HS).

skundao, ["skUndao]  o
Skjemtenamn på livsykje, diarè. Dørlikkao var eit onnort skjemtenamn på denne sjukdomen (HS).

skùrma, v ["skUrma]  o
Eta mykje frukt, grysja i seg. Når beisti et råe potetor, rånepa eller rått gras, segjer ein ofte at dei skùrmar i seg (HS).

skut, ein ["skUt]  o
Lang, flat stein som skyt fram yver eit lite berg eller ein låg hamar (HS).

skyrmysa, ei [SjY:rmY.sa]  o
Når osten og mysa skilst utan koking, kallar dei den mysa skyrmysa. Rjomamysa kallar dei det når rjomen esjar og skil ut mysa (HS).

skyrslutr, eit ["SjY:rslUt*r]  o
Noko ein har skolt or ein skyrså, grisedrikka. Sjå slutr (HS).

skårakong, ein ["skå:rakong] - normert skorakung  o
Plante det vert laga krydder av (AIS). Bergmynte eller oregano (origanum vulgaris).

skøyren, v ["Sjåi:ren]  o
Uforsiktig, som busar på (AIS). Ogso notert i Hardanger.

sladrevoa, ei  o
Sjå voa (HS).

slaoe, adj  o
Eg minnest bestefar min brukte mykje dette ordet. I hans munn var det det same som: sleip, falsk, "underfundig" (HS).

slaopa, v ["slao:pa] - normert slåpa  o
Snakka stygt, snakka "uterlig". Skøya, gjera noko upp i løgje (HS). Ogso i Sunnfjord og Nordfjord.

sleva, ei ["sle:va]  o
Slengord. Han fekk ai sleva itte seg. Sjå og mætyre (HS).

sliskjen, adj ["slISSjen] - normert slisken  o
Søt, smeikjen, "innsmigrande", smiskjen (HS).

slo um slo,   o
"Hips om hap". Døme: "Da bar i dragsmaol mæ karane, men da gjekk slo um slo, dan eine laoka 'kje fyr' dan are" (HS).

slobeist, eit ["slobaist]  o
Sjå sloe (HS).

sloe, ein ["slo:e]  o
Lat, doven, kar som går og larkar og ikkje legg strå i kross. Døme: "Han gaor dar å drege seg, dan store, laonge sloen, å gjer' ikkje gaongande gott". Elles ei lang rad med kallingar: Rotasloe, slobeist, slotrog, slotryedl o.s.b (HS).

slòrpa, v ["slårpa]  o
Gå på blaut veg, gå so skiten skvett um føtene (HS).

slotrog, eit ["slo:trå:g]  o
Sjå sloe (HS).

slotryedl, ein ["slo:try:ed*l]  o
Sjå sloe (HS).

slugga, v ["slUgga]  o
1) Leggja einkvan på ryggen. "Eg slugg' an aot" eller "Eg slugg' an ivenda". 2) Slugga seg til = veksa i umfang, leggja på seg (HS).

slumpatjukke, adj ["slUmpaKUkke] - normert slumpetjukk  o
Når t.d. eit bord er ujamt skore, slik at det er tjukt sume stader og tunt sume stader, segjer dei at det er slumpatjukt (HS).

slups, eit? [slUps]  o
1) Snjoslups. Våt snjo, halvt snjo og halvt regn. 2) Skamlaust og ufyse kvinnfolk (HS).

slupse, adj n ["slUpse]  o
Vått, slabbe, ufyseleg ver (HS).

slùtr, eit ["slUtr]  o
Brukt i ymse høve. Skyrslutr = noko ein har skolt or ein skyrså, grisedrikka. Blodslutr - blod som vert spillt når ein slaktar, blod som mengjer seg med væta og skit (HS).

slya, ei ["slY:a]  o
Eit likesælt og vyrdlaust mannfolk, ei ukjura (HS).

slyen, adj ["slYen]  o
Likesæl, avleiden, "sløv" (HS).

slymbe, eit ["slYmbe]  o
Eit uhøveleg stort og ulikleg vakse beist. Døme: "Da va eit stort slymbe so injen kan fydla mæ mat". Sjeldhøyrt (HS).

slørp, ei [slørp]  o
Eit skamlaust kvinnfolk (HS).

sløys, ei ["slåi:s]  o
Å slå seg på sløys vil seia å slå seg laus. Sjå sløysa (HS).

sløysa, ei ["slåi:sa]  o
Ein som slepper seg laus på ulivnad. "Han slo seg på sløys", segjer dei og (HS).

sløyse, adv ["slåi:se]  o
Måtelaust, avvegen, "forskrekkeleg" (HS).

smaoraodige, adj ["smao:rao:dIge] - normert smårådig  o
Evnelaus, fåtenkt, "dum" (HS).

smauto, ["smeu:to]  o
I smauto - i løynd, i dulsmål, i smug (HS). Dativrest.

smiren, adj ["smI:r*n]  o
Aasen: "smeren - flau i Smagen, lidt vammel, som har en vis ubehagelig Sødme eller Fedtsmag"." (AIS).

smiskjen, adj ["smISSjen] - normert smisken  o
Smal, kvass. Eit smiskje andlit = eit smalt kvast andlit (HS).

smolkaskræ, ei ["smålkaskre:] - normert smolkeskrær  o
Når ein kokar smolk, vert det att noko kjøt, det vert kalla skrær (fleirtal av skrao f), og det vert ete til middag (AIS).

smørlaup, ein ["smø:rleu:p]  o
Vekteining (AIS).

smøyg, ein [småi:g]  o
Juling. Sjå smøygja (HS).

smøygja, v ["småi:a]  o
Gjeva juling, gjeva stryk. Døme: "Du faor sjao te' å lya no, elde dao ska du fao smøyg so mykje du veit da" (HS).

snakeraps, ein ["sna:keraps]  o
Ein som for og snoda og snaka kring gardane. Kunde og tyda ein som var særleg snak og ikkje var til tru (at han kunde stela) (HS). Av snak adj 'grådig, hæken'.

snar, eit [sna:r]  o
Når dei sterkte talgi, laga dei til ei vidjehempa som dei sette ned i talgi (medan ho var bråi) og hengde henne uppetter når ho hadde storkna. Denne vidjehempa kalla dei snar, eit snar (HS).

snèband, eit ["snI:band]  o
Skråbinding millom stav og alestokk i ei løe (HS).

snèkjord, eit ["sne:Kord]  o
Snækjeord, sneidord. Nærsøkne ord, ord som går på æra laus (HS).

snèpe, ein ["snI:pe]  o
Hyrna, snipp. Klutasnèpen, dynasnèpen o.m. Sjeldhøyrt (HS).

snipa, ei ["sni:pa]  o
Eit gjerrug kvinnfolk, ei som ikkje gjev vekk noko (HS).

snippon, ein  o
Få snidspon med noko = få rett på det, vinna bukt med det (HS).

snjaltra, v ["Snjaltra]  o
Eta seint, plukka maten i seg i småe glefs, eta som ein gris (HS).

snjedla, ei ["Snjedla]  o
Vart sett rundt tranten på grisene når dei vart dregne ut for å slaktast. Sjå trantavijja (HS).

snjedle, ein ["Snjedle]  o
Grisesnjedle, liten jarnring som dei sette i grisetrynet so ikkje grisen skulde få rota (HS).

snjogald(en), ein ["Snjo:gald*n]  o
Dette ordet var mykje brukt fyrr; men no døyr det vekk. Dei sa t.d. at smalen sprang ut på snjogalden, eller at dei slepte sauene ut på berre snjogalden. Det var når snjoen låg alle stader, når det ikkje fanst tåflekker (HS).

snjosave, ein ["Snjo:sa:ve]  o
Lite lag med snø (HS).

snjoslups, eit ["Snjo:slUps]  o
Våt snjo. Sjå slups (HS).

snjoslutr, eit ["Snjo:slUtr]  o
Halvt snjo og halvt regn, våt snjo (HS).

snjultra, v ["SnjUltra]  o
Snjultra etter ved, snjultra etter høy osb. Fara vida etter lite, fara yver store vidder og ha lite for umaken (HS).

snòa, v  o
Nasa etter noko, leita, lukta seg til noko." Døme: "Han for å snoa itte mat" eller "Ka du gaor å snoa itte" (HS). Ogso i andre målføre.

snòten, adj ["snå:t*n]  o
Vonbroten, skuffa. "Eg vart so snoten". Når eitkvart går onnorleis og verre enn me hadde venta, segjer me gjerne: "Da va snote" (HS). Eigentleg partisipp av snyta.

snott, ein [snått]  o
Pust. Sjå snotta (HS).

snòtta, v ["snåtta]  o
Dra pusten snøgt og hardt gjenom nosi slik at det vert eit lite læte. "Han drog på snòtten", segjer dei når einkvan hev vore misstruen, hev gjort seg fri med ein ting med å dra pusten "forakteleg" gjenom nosi (HS).

snubbast, v ["snUbbast]  o
Verta utslite i kantane (HS).

snybbale, adj ["snYbbale] - normert snybbeleg  o
Brått, stuttleg, tvert, med ein gong. Døme: "Da kom so snybbele vekk fy meg" (HS).

snyk, ein ["snY:k]  o
Dårleg lukt (AIS). Ogso i andre målføre, i formene 'snik', 'snøk' eller 'snæk'.

snørevoa, ei  o
Sjå voa (HS).

solblik, eit ["sol:blI:k]  o
Når soli skin ei liti stund gjennom ei skyrivne (HS).

solelyte, eit ["so:lely:te]  o
Eit lyte som set eit dyr, som skal seljast, ned i pris (HS).

solmei, ein ["so:lmai:]  o
Når soli legg godt atti ein stad, dvs. når det ligg godt imot soli, segjer dei at det er god solmei (HS). Sisteleddet er norrønt megin 'makt'.

solrøven, m b ["so:lrø:ven] - normert solreven  o
Tyngsle og trøyttleik, hug til å lata seg, som fell på ein i solskinsver. (Eigentleg skjemt., solvarmen vert samanlikna med ein lurande rev). (Vestl, Tel, Hal, Val). "Eg er redd solrøven tek oss" (TH)

soprei, ei ["so:prai:]  o
Umsynslaust kvinnfolk, ei som gjer reint bord, som sopar i veg og ikkje ser seg fyre (HS).

spana, v ["spa:na]  o
Når øykjene kjem i dans på blaut mark og trakkar stygt upp, segjer me at dei spanar upp marki (HS).

spènna, ei ["spenna]  o
Hardt motetak, lang, bratt bakke. Døme: "Da va ei fæle spènna før me vann oss upp Dalbotnbakkadne" (HS).

spènsl, eit ['spens*l] - normert spensel  o
Parsperrone i eit hus, dei tvo sperrone som står til møtes (HS).

spik, ei  o
Smalt stykke tre som ein la på varmen (AIS).

spira, ei ["spi:ra]  o
Stamme av ungt tre (AIS).

spis, ein  o
Sjå spisning (HS).

spisning, ein  o
Eg minnest bestefar min bruka dette ordet um mat, helst god mat, "forkunmat". Ein annan gamal mann gjekk ofte i huset her. Sat me til bords når han kom sa han jamt: "Signe spissen!". Den gongen trudde eg det var utskjemd dansk desse tvo gamlingane for med; men no er eg komen til noko anna. Tru um dei ikkje hadde det beinveges frå gamalnorsken? (HS).

spjèrra, v ["spjerra]  o
Gå tunnklædd, gå og skina halvnaken. Sjeldhøyrt (HS).

spjok, eit [spjo:k]  o
Narrevore menneske, helst slike som vil fara med stormannsfaktor og klæder seg "narraktigt" (HS).

spjoling, ein ["spjo:ling]  o
Ein liten grannvaksen kar (HS).

spottamerkje, eit ["spåttamerKe] - normert spottemerke  o
I gamle dagar hadde dei sjeldan merkjesgardar millom eigedomane sine. Og då kunde det henda at ein som var munasjuk og snak av seg slo um merket, slo meir enn han åtte. Når det høvde seg so hadde dei gamle til vis å slå spottamerkje åt slike, dei etla att ei liti rand langsetter merket som dei "gav" snakingen. Det vart halde for å vera ein stygg "forsmedelse" (HS).

sprakasigle, eit  o
Eit kveikjande snøggsint menneske (HS). Jamfør at spraken (einer) logar fort opp når han vert kveikt.

sprakje, ein ["spra:Ke] - normert sprake  o
Einer. Sogn og Voss. Namnet kjem av at han sprakar når han brenn, jamfør brakje som det heiter i Hordaland (TH).

sprek, eit [spre:k]  o
Avfall, rusk (blad og greiner) (AIS).

sprokla, v ["språkla]  o
Vera tilgjord, fara med fakter, apa etter (HS).

sprote, ein?  o
Lurk, skjevling. Mest brukt i samanhengen "han va stive so sprote". Sjeldhøyrt (HS).

sprøna, v ["sprø:na]  o
Vera uroleg, renna, jaga, skunda seg. Døme: "Ka æ da du fer å sprøna itte?" - kva er det du jagar etter? (HS).

spøna, ei ["spø:na]  o
Små spon, spon som er spikka med kniv. Dette ordet vert aldri brukt om øksespon eller høvlespon. Øksesponen kalla dei ofte skoraspon. Gamalt ordtak: Sprek eller spøna. "Da fanst korkje sprek eller spøna" (HS).

stadlstyra, ei ["stad*lstY:ra] - normert stallstyrde  o
Når øykene var utsvelte og dei hadde stade lenge i ro i stallen, vart dei stive og styrde i beini. Då sa dei gamle at dei hadde stadlstyrao (HS). Sisteleddet styrde tyder 'lamming i føtene'.

start, ein [start]  o
Liten misvekstring, lite tre mest utan greiner og helst turt, Ein aplastart, ein sprakestart o.m. Ein turrstart - stomn står att etter eit lite (turt) tre som har brotna av (HS).

stedja, v ["staiGGa]  o
Styrkja i eit tiltak, tilstøra; råda til, uppmoda (So, Sfj). Bøying: ["staiGGa - "staiGGe - "ste(i?)ggde -ste(i?)kkt] (Vik i So); ofte i sms. "té`sté". "Du steggde meg te da" (HR). Norrønt steðja<7i> (staddi) 'setja på ein stad, stansa, fastsetja, stadfesta'.

stedling, ein ["stedling] - normert stelling  o
Stillas (AIS). Ogso andre stader.

steindylp, ein ["stai:ndYlp]  o
Fugl som dylpa når han sit, dvs. rykkjer med hovudet (AIS).

steintenning, ein ["stai:ntenning]  o
Steinrad, låg mur. Sjå tenning (HS).

stèrkeknost, ein  o
Blanding av riven gamalost (ramost) og rjome, tilsett med salt. Fatost (sjå Garborg: "I heiane") (HS).

stia, v ["sti:a]  o
Gje husdyri fôr, stella i fjosen. Sogn, Hordaland og Ryfylke. Norrønt stía 'stengja lambi av frå møderne sine', (norrønt stía f 'kvi, garde til småfe') (TH).

stobn, ein ['ståb*n] - normert stomn  o
Varnad, varing; varande vinning, d.s.s. stad. (HR).

stokka, v ["ståkka]  o
Dei gamle tala um at øykjene stokka når dei tjukna i beini, "fyllte", når dei gjekk på beite eller når dei vart sette på stallen um hausten (HS).

storbòen, adj ["sto:rbå:en] - normert storboden  o
Vera storboden = vera kostbar, vilja ha digneting (HS).

straosliten, adj ["strao:slIt*n]  o
Vera straosliten = vera radt forlaus, ikkje ha att eit høystrå. (Straogåven i Indre Sogn) (HS).

strauma, v ["streu:ma]  o
Fara vide ikring = strenda (Vik i So). Kyri fer og straumar (HR).

streitast, v ["strai:tast]  o
"Da ska streitast" - det skal gå på tak, det skal røyna på. Døme: "Da ska streitast um 'an vinne seg yve fjedle idag" (HS).

stremba seg, v ["stremba se:g]  o
Beisti blæs opp magen og rettar føtene ut frå seg, t.d. når ein stramma salen for hardt på hesten (AIS).

stripla, v  o
Gjera ei liti fòr. Dei sa t.d. at dei stripla potetene fyrste gongen dei hakka på dei (hyppa) (HS).

stroppa, ei ["stråppa]  o
Hempa (HS).

strotta, v ["stråtta]  o
Vera uviljug, "motstrebande". Døme: "Han sto å strotta å vild' ikkje gao" (HS).

stru, adj ["stru:]  o
Sjølvrådig, einvis, trassig (HS). Jamfør Norrønt strúgr m 'motvilje'.

strukka, ei ["strUkka]  o
Brynebutt, slire el. kopp med vatn i til å bera brynesteinen i når ein slær (HR).

strælete, adj ["stre:lIte]  o
Tverrstriput i liten (HS).

stu, ein  o
Aasen: "Stuv, Rulle, en sammenrullet Væv". (AIS).

studrikka, v ["stu:drIkka]  o
Drikka i eitt, sidrikka, drikka tett (HS).

stundahoft, ei ["stUndahåft]  o
Avheft, burtkasta tid (HS). Sisteleddet hoft tyder 'hindring, heft, tidsspille'.

stundaredde, adj ["stUndaredde] - normert stunderedd  o
Døme: "Han æ kje stundaredde", vert sagt um slike som ikkje tek det so nøgje um dei hefter vekk stund av arbeidstidi (HS).

stuttorvslætte, ei ["stUttårvslette]  o
Slåttemark som berre kunne slåast med stuttorv, slått der det var bratt eller kronglete å koma til (AIS).

styrna, ein ["styrna] - normert styrnad  o
Styringstid. Døme: "Dei forso idla med skojen atte da vart ikkje likt seg atte pao ein manns styrna" (HS).

styva, ei ["sty:va]  o
Jente som er nett konfirmert (AIS).

styving, ein ["sty:ving]  o
Gut som er nettopp konfirmert (AIS). Sogn og Hordaland.

støa, ei ["stø:a]  o
Aasen: "Underlag i Kornstabelen i en Lade" (AIS).

støseia, v ["stø:sai:a]  o
Segja noko for visst, slå noko fast. "Eg stø-sa da beint upp i tènnedna pao 'an atte da va han so hadde stole sauen min" (HS).

sula, ei ["su:la]  o
Aasen: "Gaffelformig Kløft hvorpaa man ophaler Fiskesnøret". (AIS).

sulkasame, adj ["sUlkasa:me] - normert sulkesam  o
Dette ordet vert mest brukt um ty e.l. som er soleis lèta at det skal lite skitning til fyrr det syner på det (HS). Av sulka v 'skitna ut, skjemma ut'

suppa, ei ["sUppa]  o
Eit tungt slag (HS).

surasigga, ei ["su:rasIgga]  o
Eit surt, påbere kvinnfolk. Kalling (HS).

surbeinfot, ein  o
Det skulde henda stundom i gamle dagar at folk fekk sår på foten som ikkje vilde gro, men åt seg større og større etterkvart. På resten åt det seg radt innåt beinet og tok til å tæra på dette. Når nokon fekk eit slikt sår sa dei at han (eller ho) hadde surbeinfot (HS).

suvlahard, adj ["sUvlaha:r]  o
Når brødet er bakt av særs grovmale mjøl, segjer dei ofte at det er suvlahardt = det trengst mykje suvl på det (HS).

svaossa, v ["svaossa] - normert svåssa  o
Øydsla med mat og drykk, fråtsa. Sjeldhøyrt no (HS).

svartasinne, eit ["svartasInne] - normert svartsinne  o
Hardt sinne, vitlaust sinne, "raseri"." Døme: "Faor eg svartasinne pao meg so jau karedeg ska eg reia tokao di, din trave dar du staor!" (HS).

svarva, v ["svarva]  o
Svinga rundt, dreia. (AIS).

svarvebeink, ein ["svarvebaink] - normert svarvebenk  o
Dreiebenk (AIS).

sveivla, v ["svaivla]  o
Blafra (om lys) (AIS).

svèla, ei ["sve:la]  o
Røyk av brent feitt eller talg. Kan ogso tyda drikkegilde, fæl fylleskura (HS).

svèr, ein [sve:r]  o
Skap, utsjånad. Døme: "Han fekk rette svèren i arbeidet" eller "Han fekk ikkje noko svèr i da" (HS).

svèrka, ei ["sverka]  o
Eit vitlaust, hysterisk kvinnfolk, "en furie" (HS).

svik, ein [svI:k] - normert svik, svek  o
Utett stad, lek (Vik i So). Kaggen hev ein svik (HR).

svinajan,   o
47 år. Etter kortspelet 101? Svina tyder å svinna hen (AIS).

svògjen, adj ["svå:jen] - normert svogen  o
Bøygd innetter, innkvelvd (Vik i So). "Svogjen, innsvogjen i ryggj´n, i magjen" (HR).

svòrbit, eit ["svå:rbI:t]  o
Avåt, "utøi". Eit svòrbit kan ogso tyda ein som er gniten, småleg, um seg etter vinning på alle leider (HS).

svorta, v ["svårta]  o
Aasen: "farve sort, gjennemsværte (Tøi el"." Klæder)" (AIS).

svultasao, ei ["svUltasao:]  o
Svolting, ein som aldri vert mett. Kalling (HS).

svåla, ei ["svå:la] - normert svole  o
Klipp i saueøyret (AIS).

sykveisa, ei ["sY:kvai:sa] - normert sjøkveise  o
Eit slags sårbrand som ein fekk når ein hadde eit større sår og kom på sjøen med det. Eg minnest godt at dei gamle tala um den og den som hadde fått sykveisao; men no har dette ordet døydt radt vekk" (HS).

synamèrkje, eit ["sy:namerKe]  o
Teikn, synleg merke etter noko." Døme: "Han vart so idla mæfaren att' 'an bar synamerkje ao da adl' sin dag" (HS).

syrka seg, v ["sYrka se:g]  o
Verta sur, om mjølk (AIS).

sæhar, adj [se:ha:r] - normert sædehard  o
Når ein åker er skrinn eller turr og lett, segjer dei han er sæhard = han treng mykje såkorn (AIS).

søl, ein ["sø:l]  o
Fosterblæra, hjå kyr, vatskalven (HS).

søtatonga, ei ["sø:tatonga]  o
Ein som er fin og søt i pratet, ein som smigrar og smeikjer og ikkje meinar noko med det, eit "falskt" menneskje" (HS).

søyggjen, adj ["såiGGen] - normert søydjen  o
Søydje ver - varmt og våtskè ver, "lummert ver". "D'æ søyjje" segjer dei, eller: "Han æ søyjjen i vère" (HS).

søyma, v ["såi:ma]  o
Nål (AIS).

søytla, v ["såitla]  o
Subba med vatn, væta ut. Migsøytla kalla dei stundom slike som ikkje kan halda vatnet i svevne (HS).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms