Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



ra, adj [ra:] - normert rad  o
Lett, snøgg å gå t.d. "D'æ bære ei liti å ra elde ei stor å sta", sa dei gamle (HS). Heile Sør-Noreg. Norrønt hraðr. Adjektivet radig høyrer ogso til her.

radt, adv [ratt]  o
Beint fram, "sigla radt te by'n". Just, plent, "da va radt ei flotte jenta". Vestlandet. Opphaveleg tyding er raskt, snøgt, jamfør ratalande (TH).

rakepilt, ein  o
Liten, rå vedkubb som dei lagde inn i røykomnen um kveldane og raka glør og eimyrja yver so varmen skulde halda seg til um morgonen (HS).

ramost, ein  o
Gamalost (AIS). Vestlandet, Hallingdal og fleire.

rana, ei  o
Er brukt i samanhengen: Ei fjellrana = kanten, bruni aveit langt flogfjell. Kan ogso tyda ei lang og smal fjellkjeda (HS). Hankjønnsvarianten 'rane' er nedskriven i Nordhordland med same tydingi.

raokje, ein ["rao:Ke] - normert råke  o
Væske i munnen. Tyggja raokjen - vera turr i munnen så ein ikkje får svelgja (AIS). Fleire målføre. Norrønt hráki.

raolikjen, eit  o
Ein sjukleg og veik skapnad, ein dekadent (HS). Ross høyrde rålikende 'dove, tvert og duglaust menneske' i Sunn- og Nordhordland. Jamfør rålik adj 'hudlaus'.

raom, eit [rao:m] - normert råm  o
Da va ait raom att da jekk bra - det var eit treff, heldig tilfelle (AIS). Fleire målføre i tyding "råk, hitt, tilfelle, hende, slump ".

raongauga, eit - normert rangauga  o
Aasen har dette ordet, men berre frå Sunnmøre. Her i bygdi har det vore (og er det) mykje brukt. Sjå rangauga til nokon = sjå med illvilje, sjå med ovundsjuke, skjegla (HS). Ogso nedskrive i Sør-Trøndelag.

raonggjera, ei ["raongje:ra] - normert ranggjere  o
Eit rangvist menneske, ein kranglefant (HS). Sermerkt for Indre Sogn.

raosa, ei ["rao:sa] - normert råse  o
Ull som er karda og samanrulla (til spinning) (HS). Ross har dette ordet berre frå Vik.

raosbæra, ei - normert rådsbære?  o
Eit kvinnfolk som vil rikja og rå, styra både stakken og broki (HS).

raoslag, eit ["rao:sla:g] - normert råslag  o
Kjøt av nyleg slakta dyr (AIS). Fleire målføre.

rasabul, ein ["rasabU:l]  o
Ein villstyring, uregjerleg krabat (HS). I Gudbrandsdalen er notert 'råsåbål' i same tyding, som kan vera same ordet. Ordbøkene har fleire døme på negative samansetjingar med bul; ugagnsbul (Nordhordland), ulukkebul (Nordfjord) og herjabul (Sogn).

rasanderua, ei  o
Viltert kvinnfolk (HS).

raskjen, adj  o
God å matstella, ikkje vansam på maten (HS). Hordaland og Sogn.

ratalande, adj ["ra:ta:lande]  o
Når nokon snakka uvanleg fort, sa dei at han (eller ho) var ratalande. Sjeldhøyrt (HS). Sjå ra og radt.

reianderøv, ei ["rai:anderø:v]  o
Ungar som ikkje sit i ro, eller strebarar som må gjere noko heile tida (Tone Merete Lillesvangstu).

reieskjit, ein  o
Yngste guten i eit syskinlag (HS). Fyrsteleddet må vera reir.

reiespene, ein  o
Nokre kjøtåtor ytst i kalvslæje (fosterlæje hjå kyr)(HS).

reinebar, ein ["rai:neba:r] - normert reinebard  o
Reinekant (AIS).

reinferleg, adj ["rai:nferle] - normert reinferdeleg  o
Snyrt, reinsleg, fint å fara med (HS). Ganske vanleg. Norrønt hreinferðugr.

reinspikka, adj  o
Greidskoren, ærleg, påliteleg. Mest brukt i samanhengen "ein reinspikka kar, ei reinspikka gjenta" osb. (HS).

rennesva, eit  o
Langt, bratt eller halvbratt svad (HS).

rettebøte, - normert rettarbot  o
Dette ordet har eg berre høyrt ironisk: "Da va rettebøte å fao!" segjer dei når dei har fått ei rettleiding som dei vart like kloke av, eller um dei ingi rettleiding har fått (HS).

rie, ein ["ri:e] - normert ride  o
Når ein hespar upp garn, tek dei enden og knyter um hespa og lagar ei lykkje som dei hengjer hespa upp etter. Det kallar dei rie (HS).

rigla, v ["rIgla]  o
Pistra, pipa. Døme: "Da rigla i halsen naor han drog anden" (HS). Frå Ryfylke til Fjordane.

rikka, v  o
Leda seg, flytta på seg. Døme: "Han rikka seg ikkje av flekkjen" (HS). Fleire målføre.

rikula, ei ["ri:kula] - normert rirkule  o
Utvokster på tre, ekstra sterk, mykje nytta til å dreia ting av (AIS). Fyrsteleddet har samanheng med vri. Fleire målføre.

ril, eit [rI:l] - normert ril, rel  o
Eit lite krek (HS). Lite barn som nett kan gå. Ross har ogso eit navarel. Jamfør neste ord.

rila, v ["rI:la] - normert rila, rela  o
Gå seint og mødesamt (HS). Særmerkt for Sogn.

rim, ei [rI:m]  o
Aasen: "Stong, Spil". Lagar ribbene i ei grind (AIS). Norrønt rim f 'spildre, båtrip'.

rina, adj  o
Når mjølk eller mysa har vore um å surna, segjer deiat det har rina (HS).

ripel, ein ["ri:ped*l]  o
Aasen: "Ripel - en Strimmel, et langt og smalt Stykke, f. Ex. Skogarripel" (AIS).

risna, v ["rIsna]  o
"Da risna kalt niyve ryggjen min" (AIS). Ogso nedskrive på Sunnmøre. Shetlandsk risn. Til risa.

rivbjødn, ein ['ri:vbjød*n]  o
Ein kar som er sterk og flink til å arbeida, som får arbeidet frå nevane i ein fart, men ikkje er so nøgje på korleis det vert gjort (HS).

rivla, v  o
Rivla i høyet, raka lett, jamna det utyver med ei riva. Rivla møki, sa dei og når dei hadde breidt møk på marki og jamna ho utyver med ei riva (HS). Ogso frå Hardanger og Voss. Danna av rive f.

rjomamysa, ei  o
Utskild mysa når rjomen esjar. Sjå skjyrmysa (HS).

rjupegagl, ein  o
Rjupeflokk. Sjå gagl (HS).

robba, ei ["råbba]  o
Liten rygg eller rabb. Tåflekk som stikk upp or snjoen. Det er helst når det er tale um fjellet dette ordet vert brukt. "Da va te seia yvekvitt, du saog berre inkor robbao". Når det tek til å syna tåflekker på fjellet segjer dei at det er "tekomme å robbast" (HS). Dette ordet er berre nedskrive i Vik. Hokjønnsform for rabb

robbast, v  o
Sjå robba (HS).

rodda, ei ["rådda]  o
Nett bunde av tog til å bera høy i (AIS).

roglast, v  o
Når snøen reiser, seier ein at det tek til å roglast. Sjå og rovla (HS). Berre notert her.

romfrøken, adj ["rUmmfrø:Ken]  o
Noko som tek stor plass. Uttala 'romfrek' elles på Vestlandet og i andre målføre (IA). Av frek adj 'grådug, hæken, som treng mykje'.

rosemd, ei ["ro:semd]  o
Ro, fred (Vik i So) (HR). Nyislandsk rósemd.

rotareigla, ei ["rå:taraigla]  o
Lang og keidsam soga som det ikkje er noko poeng i (HS).

rotasloe, ein  o
Sjå sloe.

rovla, v  o
Når snjoen reiser, og det tek til å syna seg ein og annan tåflekken, segjer dei at det tek til å rovla seg (HS). Somme stader i Sogn.

ru, ei [ru: - 'ru:nao]  o
Vår-ulli på sauene. Fleire målføre. Islandsk f 'grov eller gamal ull' (TH).

ru-såld, eit  o
Såld som dei sålda kornet igjenom i gamle dagar (fyrr dei fekk seg dryftemaskinor) (HS).

rubodl, ein ["ru:båd*l] - normert ruboll  o
Kalling. Jamfør bodl (TH).

rue, - normert rude  o
Ugrasfræ som vert reinska or kornet når dei dryfter det (gjer uppor) (HS).

rulta, ei ["rUlta]  o
Høyvelta. Kan og tyda lite, tjukkfalle kvinnfolk (HS).

runakka,   o
Sjå bønabokji.

runamusk, eit [ru:na'musk]  o
Røre, ståk, bråk. Berre frå Sogn.

ruspa, ["rUspa]  o
Arbeida snøgt og slurve. Døme: "Han ruspa da ifrao seg inkorleis" (HS).

rutla, v ["rUtla]  o
Småprata um likt og ulikt. Kan og tydast å fara med vas(HS).

rutlekodla, ei ["rUtlekådla]  o
Ein som ikkje har kjeftarhald, ein som fortel alt han høyrer og ser (HS).

rynjen, adj ["rYnjen]  o
Møyr, laus, muldren, "sprø". "Ljaoen æ rynjen i eigji", "Moldi æ rynji" o.s.b (HS). Av rynja.

rynna, ei ["rYnna]  o
Det er 10 kjervar i ei rynna (AIS).

ryr, adj ['ry:re]  o
Udryg, som er kortvarig eller vert fort oppbrukt. "Paingadne e ryre", "Høyet e ryrt i aor". Fleire målføre (TH).

ræka, v ["re:ka]  o
Flytja ein grand på kornbandi med tusti når ein treskjer (INhl, Vik i So, Va, Rbg) (HR).

røykbar, ein  o
Ein tverrstokk til å hengja skjerdingane på ein skorstein (HS).

røyrband, eit ["råi:rband]  o
Band nytta til å binda ei einskild troe til stauren, jamfør Knipleband (AIS).

røyve, eit ["råi:ve]  o
Avklipt ullham av ein sau. Udlaråive - ull som er pakka i hop (AIS). Feld.

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms