Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



namn til, ['nab*n tI:]  o
Litt, litevetta. "Eg hadde nabn te painga" (TH).

naoaljos, eit ["nao:ajo:s] - normert nålys  o
Blåleg svakt lys, dødsvarsel for folk (AIS). Av , lik.

naudrekna, adj ["neu:rekna]  o
Nøyereknande, gjerrig i pengesaker, varer og tenester (TH).

naudsøkjen, adj ["neu:sø:Ken]  o
Nærsøkjen, forlegen, pågåande (HS). Fleire stader i Sogn (HR).

naukra, v ["neukkra]  o
Bera seg ille, syta, jamra seg (HS). Notert fleire stader på Vestlandet.

nauvegg, eit ["neu:aigg]  o
Fælt lite egg. Gå med nauegg, vera pålive, ikkje ha tol, hasta på med å få noko gjort (HS). Fyrsteledd nauv 'knipen, knuslete, småleg'.

nava, v ["na:va]  o
Hogga ned greiner or eit tre når ein lauvar (HS).

naving, ein ["na:ving]  o
Det som då står att når ein har hogge greinene av eit tre når ein lauvar (AIS).

nebbesild, ei ["nebbesIld]  o
Eit tunnvakse, langleitt og kvassnasa kvinnfolk. Kalling (HS). Fiskeslaget horngjele.

nekkja, ei ["neKKa] - normert netja  o
Netja. Feitthinne som ligg rundt innvollane i dyr (AIS).

nerv, ei [nærv]  o
Einskilt flak av never (Vik i So, Sfj) (HR). Norrønt næfr.

nidmarteleg, adj  o
Nidsamleg (Vik i So); han rodde, gret so nidmarteleg. Ogso "ne-" (Vik og Aurland i So) (HR). Jamfør innmerteleg og martela.

nidmøra, v ["ni:mø:ra]  o
Seigpina, smådrepa, gjera langsamt ende på nokon (HS). Berre notert her.

nipen, adj ["nI:pen]  o
Leid, meinsleg (Vik, Lavik o.fl. i So); det var so nipe (HR). Jamfør nippleg, snippleg, snip(p)en.

nordanskredla, ei ["no:ra(o)skredla?] - normert nordanskrelle  o
Ein trekrjupar (Vik i So) (HR). Ross oppgjer ikkje uttalen, men det er truleg at 'nordan-' vert til [no:ra-] eller ["no:rao-].

nòta, ei ["nå:ta] - normert note  o
1) Brennenote, brennenesle. 2) Um ein spræk kar (Vik, Luster i So) (HR).

nudlen, adj ["nUddl*n] - normert nullen  o
Nudlevoksen. Rundlagd knøten, vænt vaksen (HS). Særmerkt for Sogn. Til null m 'liten ball, tull'.

nugga, v ["nUgga]  o
Gni, skubba (AIS).

nuska, ei  o
Eit slags hudsjukdom. Det var i hovudet denne sjukdommen sette seg, håret for sin veg, hudi vart turr, og flakna av slik at det vart berre kjøtet. Dei gamle trudde orsaki til denne sjukdommen var at heiningahåri ikkje hadde vorte vaska av barnet når det kom til verdi (HS). Berre registrert her. Jamfør nusken og nuskeleg 'veik, skral, pjuskete'. Sjå heiningahår.

nuta, ei ["nu:ta]  o
Krossbein (krysset) på hest og ku (AIS). Meir generelt "hyrna som sting fram; òg utvokster på bein, tre, stein" (HR).

nybba, ei ["nYbba]  o
Kvass stein. Ross: "skarp fremstaaende Kant el. Spids." I fjellskråningi opp til Seimsfjellet er det ein stein som vert kalla Grautanybba. Når soli skein på denne steinen, var det på tide å eta dugurd i Sæbø (AIS).

nykkja, v ["nYKKa]  o
Gro, brydda, um vokstrar. "Da fere te nykkja i aok´rn" (HR). Jamfør nyislandsk hnykkja 'krøkja, neigja'.

nytla, ei  o
Høyvord åt eit ungbeist (HS). Ogso registrert i Balestrand.

nytla, ei ["nYtla]  o
Høymengde til eit husdyr (AIS).

nytra, ei ["nYttra]  o
Liti kveisa i hudi (HS). Kjent frå Voss, S. og Fj. og Sunnmøre.

nytrete, adj ["nYttrIte]  o
Full av småkveisor (HS).

nyva, v ["nY:va]  o
Baisti nyve itte kverandre - dvs. dei stangar etter kvarandre (AIS).

nyvle, eit ["nyvle]  o
Lite horn (AIS).

nå-arel, eit  o
Lite barn som hev teke til å ganga og enno gjeng og vaggar og valtrar ("nao-a-rel" Luster, Vik i So). Jamfør rela og nåde el. nåe (HR). Kanskje rettare oppdeling nåa-rel? (TH).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms