Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



magaleggja, v ["ma:galaiGGa]  o
Mageleggja seg = eta fælt, lessa i seg (HS).

maksla, v  o
Mødast, slita med noko ein lite vinn med (HS). Sogn, Hardanger og fleire.

mannforeleg, adj ["mannfå:rele]  o
Karsleg, "mandig". (Sjeldhøyrt) (HS). Nedskrive ogso i Sogndal og Masfjorden. Til fora f 'ferd, åtferd; handsaming; òg far, spor'. "Eg ser foredna hass", eg kjenner att hans gjerd på arbeidet (HR).

mannskapsgjerd, ei ["mannskapsje:r]  o
Gildt arbeid, fagnadverk. Kan ogso tyda at ein har gjort eit arbeid som ein har kvidt seg med (HS).

mannstygg, adj  o
Folkeredd, "folkesky" (HS). Ogso i Hordaland. Her er det ei eldre tyding av stygg som kjem att; 'redd, fælen'.

maolfedle, eit ["mao:lfeddle] - normert målfelle  o
Tonelag. Sjeldhøyrt (HS). Ogso frå Hallingdalen.

maot, eit - normert måt  o
Verkty ein nytta når ein bygde tømmerhus, ein sette merke på stokkane som skulle liggja oppå kvarandre, og hogg etter streki (AIS). Norrønt mát 'verdsetjing, skyn, form'. Jamfør svensk mäta.

markateig, ein  o
Teig det kosta ei mark å få slått (AIS).

mata, v  o
Kornet mata - mognast, mergast, fastna (HS). Vanleg i fleire målføre.

matfør, adj ["ma:tfø:re]  o
Hardfostra, drjug i matfatet (HS).

mathelsa, ei  o
Mathug, appetitt (HS).

matjongje, ein  o
Sjå jongje (HS).

matjord, ei  o
Feit jord, uppgjødd jord. Kan ogso tyda rett og slett moldjord (HS). Fleire målføre. Islandsk matjörð.

matkleim(en), adj ["ma:tklai:me(n)]  o
Som hev låk mathug (Vik i So); oftare "-kleimen" (So) (HR).

mauraknip, eit ["meu:raknI:p]  o
Når ein øyk var høg på krysset og lendi (partiet yver svangen) var låg og sers smal, sa dei gamle at han hadde mauraknip (HS).

méda, v ["mI:a]  o
Setja merke når ein nytta maot (AIS).

meiføtte, adj ["mai:føtte]  o
Kalvbeint (AIS).

meiggjarausa, ei ["maiGGareu:sa] - normert matgjerdause  o
Matausa, supa- eller grautausa. Dette ordet var mykje brukt fyrr i tidi; men no er det sjeldan å høyra (HS). Notert ogso i Sunnhordland. Opphaveleg mat-gjerds-ause, altso ause til å laga mat.

meinkrok, ein  o
Prettesam kar, ein som er leid å gjera til meins for folk (HS).

meiska, v ["maiska]  o
Smørja ler med tjøresaft (AIS).

meislag, eit  o
1/2 kløv, so mykje som ein kan ha i ei kløvmeis (HS).

mekran, ein (b f) [null] - normert null  o
Midvekedag, onsdag (HS). Norrønt miðvikudagr, jamfør tysk Mittwoch. Likskapen til fransk mercredi er påfallande, men r-en i mekran kan forklarast med overgang d>r i utsett posisjon. Jamfør uttalen ra av 'det': 'Da va eg so fekk ra'.

mesja, v  o
Bræla, masa, rikta um eitkvart jamt og støtt. Sjeldhøyrt (HS). Nedskrive frå Jæren til Sogn.

middagssletta, ei  o
Eit stykke med slått som skulle vera ferdig slege til middag (AIS).

miggjete, adj - normert midjete?  o
Dei gamle sa at ei myrklita kyr var miggjete når ho hadde ei kvit sletta yver ryggen og ned på kvar sida. Dette ordet held visst på å døy vekk (HS).

migsøytla, ei  o
Ei/ein som ikkje kan halda på vatnet under svevn. Sjå søytla (HS).

milta, ei  o
Milt. Mange substantiv i vikjamålet får tillagt -a og vert såleis linne hokjønnsord, t.d. ei kanona, ei maskina, ei appelsina (AIS).

minkande, eit  o
Dei tvo siste månekvartali (HS).

mirra, v  o
Døme: "Da mirra å verkje" segjer dei um verk som ikkje gjev tol, men heller ikkje vinn retteleg makt (HS). Notert i Sogn og Nordfjord.

mirring, ei  o
Ovring, uro (HS).

miskjefta, adj  o
Når nedste kjeften åt beisti (helst smale og svin) er stuttare enn den øvste, segjer me dei er miskjefta (HS).

mismjelka, adj - normert mismjølka  o
Når ei ku mjølkar mykje eit mål og lite det andre,segjer dei at ho er mismjølka (HS).

mjødl, ei - normert mjøll  o
Turr snø (AIS). Vestlandet. Norrønt mjoll i same tyding.

mjødn, ei ['mjødd*n] - normert mjødm  o
Hofte (AIS). Heile landet. Norrønt mjoðm.

moldtrote, ein ["måldtrå:te]  o
Det same som daudtrote (sjå framfor) (HS).

mona, v  o
Gjera møyr, d.s.s moa (Vik i So) (HR).

monstø, eit ["må:nstø:] - normert manstøde, månstøde  o
Monroti hjå ein hest (HS). Jamfør hårstøde 'hårfeste'.

mosavetrang, ein ["må:savettraong] - normert mosevetrang  o
Dette ordet vert no berre brukt til kalling. Upphaveleg tyder det visst eit årsgamalt fenadbeist som for det meste vart fødd med mose, og som hadde utsjånaden deretter. Som kalling tyder det eit stakkars krek, ein som berre sovidt heng i skinnet. Sers vanvyrdjande (HS). Sisteleddet vetrung av norrønt vetrungr 'årsgammalt dyr', ei avleiing av vetr 'vinter'.

mostra, v  o
Dette ordet er mykje brukt her endå (1950); men i ei heilt onnor tyding enn det har fått hjå Ivar Aasen. Her tyder det å bræla med noko. Døme: "Han mostra mæ sitt da sama" eller "han ha gaott å mostra om da" (HS).

mot, eit  o
Når einkvan vart brått sjuk med tyngsla og uppkast, sa gjerne dei gamle at han (eller ho) hadde møtt eit mot, ein dauing (HS).

mua, ei - normert mue el. D649muge  o
Lågt, ihopsige hus, dyngja av sorp og sprek. Sjeldhøyrt (HS). Den opphavlege tydingi ser ut til å vera ein dunge av gjødsel eller høy. Dette er nedskrive over heile landet.

mulder, eit  o
Tros, sorp, murkel (HS).

munasjuk, adj  o
Sjå spottamerkje (HS).

murka, v ["mUrka]  o
Arbeida seint og smått og ikkje ansa noko anna enn det ein fer med. "Han murka mæ sitt", segjer dei um slike som held seg for seg sjølv med arbeidet, arbeider seint og smått og er tagale når dei arbeider (HS). Kjent frå fleire målføre. Islendingane har uttrykket "murka lífið úr einhverjum" dvs. "murka livet or einkvan" i tydingi 'pina'.

murkla, v  o
Drevja sunder, smuldra (HS).

mutlefu, ei [" mUtlefU:] - normert mutlefud  o
Eit menneskje som er vatle og lite fyre seg og ikkje får arbeidet frå nevane. Kalling (HS). Fyrsteleddet er mutla v 'arbeida smått, pusla'. Andreleddet er fud f 'bakende og kjønnslemmer på hodyr'. Sjå det.

mydlolag, eit - normert mellomlag  o
1. Skilje millom tvo kornslag eller kornet av tvo åkrari ei kornlo (HS). 2. Kontant utjamning i ein bytehandel (HS).

myggja, ei - normert mydje?  o
Mose som ein hadde mellom upløgd material, t.d. i tømmerhus (AIS).

myla, v ["my:la]  o
1) Småflina, dra på smilen (HS). 2) Når fisken er sovidt upp i vass-skorpa at det vert ein liten ring i vatnet etter han, segjer dei at han myler (HS). Berre i Sogn. Begge tydingane heng saman med mule m

mylja, ei ["mYlja]  o
Matrett med flatbrød og kokt kjøt oppå (mylje).

mysekådl, ein ["mY:sekåd*l]  o
Bidne til å ha mysa i (AIS).

mysla, ei ["mYsla]  o
Ein vetling, stakkar, ei olmosa (HS). Ogso notert i Telemark. Vanlegare i andre målføre er 'mysling' i same tyding. Norrønt mysla f, myslingr m, eigentleg 'liti mus'.

mårhådn, eit ["må:rhådd*n] - normert morhorn  o
Eit røyr ein nytta når ein laga pølser, ein tredde tarmen innpå morhornet (AIS). Norrønt morr, 'mor, pølse'.

mæta, v ["me:ta]  o
Ansa, bry seg om. "Eg mæter ikkje mykje på han" (HR).

mætyre, eit ["me:tY:re] - normert mætyrde  o
Når einkvan var leid og slengen i kjeften og "skjenkte yverlag", ikkje sette nokon att, sa dei gamle: "Han ha eit mætyre te adle". ("Ei sleva te adle", sa dei og) (HS). Fyrsteleddet er mæta, sjå det, andreleddet er ei inkjekjønnsavleiing av ord. I Nordhordland er notert spityrde n.

mødle, adj ["møddle] - normert mødeleg  o
Mødleg, vanskeleg, kjem truleg av ei møda (AIS).

møna, ei ["mø:na]  o
Ta mønao ao ain - ta knekken på ein. Tyder eigentleg ryggmerg (AIS).

møra, v ["mø:ra]  o
Arbeida og gnu og aldri verta ferdig (HS). Frå Troms ernotert tydingi 'arbeida, streva', elles er ordet ukjent.

møtrikk, ein [møttrIkk]  o
Skruemor (HS).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms