Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



lag, eit  o
So mange kornbundel som dei kunde leggja ned um gongen i låven når dei barde (HS).

lakabodl, ein ["la:kabåd*l]  o
Sjå lakje (HS) og bodl.

lakabrok, ei ["la:kabro:k]  o
Sjå lakje (HS).

lakje, ein ["la:Ke] - normert lake  o
Ein stakkarsleg kar, ein lurv til kar. Kalling. Elles ymse utvekstrar, som: Lakabrok, travalakje, lakabodl o.s.v. (HS). Vanleg kalleord i fleire målføre, truleg etter fiskenamnet lake.

landkodla, ei ["landkådla] - normert landkolle  o
Nattpotta (HS). Fyrsteleddet er land n 'urin, mig, særleg av ku og hest', norrønt hland. Andreleddet er kolle f 'kjerald utan øyra eller handtak'.

laoakatt, ein ["lao:akatt] - normert låvekatt  o
Når einkvan kom inn på låven med same den som barde (treskte) var fri med siste laget (sjå ovanfyre) av loi, tok gjerne sistnemnde tusti um halsen på den som kom og klemde til. Det kalla dei å gjeva låvekatt (HS).

laoka, v ["lao:ka] - normert låka  o
Ikkje vera jamgod, stå til atters (tilbake). Døme: "Da va' makalaust te' jilt fyl du ha faott i aor og, da ser ut te, da laoka 'kje da slag fyr' da du hadde ifjor" (HS). Notert i Sogn og Sunnfjord. Ross fører dømet "han laoka no inkje deg" frå Vik, vanlegare er "han laoka no inkje fy deg". Elles høyrde han uttalen 'laokka' i Vik.

laongalaon, ei ["laongalao:n] - normert langelån  o
Når einkvan har lånt vekk noko som dei ikkje tenkjest få att, segjer dei gjerne: "Da verte loangalaoni detta, tvila meg fyre" (HS).

laongambar, ein ["laongambar] - normert langambar  o
Skjemtenamn på magen. Ha noko i langambaren - eta det upp (HS). Av ambar, eit spesielt trekjerald, frå latinsk amphora via nedertysk.

laongbakkje, ein - normert langbakke  o
Når det drygjer utmed noko, eller eit arbeid varer lengje segjer dei gjerne: "Da ser ut te da dreg' i laongbakkjen mæ da" (HS).

laongpraten, adj  o
Vera langpraten = få pratet til å vara, "leggja ut um likt og ulikt og aldri verta ferdig" (HS).

lapen, adj ['la:pen]  o
Når vatn, skyr, mysa eller øl har dovna i smaken segjer dei det er vorte lape. Her er dette ordet ikkje brukt i den tydingi det har fått hjå Ivar Aasen (HS).

lappa, v ["lappa]  o
Laga skumtoppar eller skumdottar; falla i blaute, lause klattar (Vik, Aurland i So). "Han togg tobak, so skræue lappa um kjeftn" (HR). Til lapp.E554

laskaklommer, ei  o
Skrueklemma som dei festa leret i når dei skulle sy (med tvibysting) (HS).

latasiao, f b - normert lat(e)sida  o
Leggja seg pålatasida. Ikkje ta seg til med noko arbeid, vera etterlatig, dovna seg (HS).

laupebufor, ei ["leu:pebu:får]  o
Når uveret legg slik til at dei må røma or fjellet med kyrne um hausten fyrr den vanlege buførdagen er komen, segjer me dei gjer laupebufor (HS).

lauseigl, eit ["lau:saig*l] - normert lauvsegl  o
Dette ordet vert no berre brukt i yverførd tyding. "Han fer' ikkje mæ lauseigl dan karen", segjer dei um ein bråfus, og som ikkje gjev tol (HS). Eit lauvsegl er eigentleg greiner med lauv på som er nytta som segl på ein båt.

lauvskol, eit ["leu:skå:l]  o
Fælt regnver um hausten eller fyrst på vetteren, regnfløya som skolar rotalauvet av marki og or grovafar, som har lege turre um sumaren (HS).

lauvstjøl, ein ["leu:Sjø:l]  o
Kvistelaus og berkt grein av bartre ("læustjøl" Vik i So, "løu(v)sjøl" Har) (HR). Jamfør stjøl.

lavdeia, ei  o
Eit seinvore, duglust kvinnfolk, ei som sit mykje og laver (HS). Sisteleddet er deie 'tenestejente', same som i 'budeie'.

lebben, adj ["lebben]  o
Tjukkfallen, truten, blaut, feit. (Han er lèbben, ho er lèbbi) (HS).

leigd, ei [laigd] - normert lægd  o
Lang, smal strimla med grasmark, t.d. millom tvo hamralag (ufsar) (HS). Ordet heng saman med låg og siktar til at staden ligg lågt i lendet. Norrønt lægð.

leitestebna, ei ["lai:testebbna] - normert leitestemne  o
Halda leitestemne - gå manngard (HS).

lemagen, adj  o
Utmødd og med lite herredøme yver lemene, serleg av svolt ("lee-" og "li-" Vik, Aurland i So). Kann henda -agen til aga (HR).

lena, v  o
Bli mildare, om ver (AIS). Jamfør lin/len adj 'mild, lempeleg, linn', norrønt linr.

lettahond, ei ["lettahånd] - normert lettehand  o
Fara med lettahondi = vera sparsam, gjera lite av ein ting. Døme: "Han kund' ikkje venta dar vart nåke gras, han for yve da mæ lettahondi naor 'an mykkja saog eg" (HS).

lettblæste, ["lettbleste]  o
Lettpusta, som har gode lunger (HS).

li(d),   o
Dei tala um å stå i li(d) for noko, stå i pant for det, svara for det, "erstatte" det. Sjeldhøyrt. Døyr vekk (HS).

likahente, adj ["li:kahente] - normert likehendt  o
Likesæl, likeglad, "like syten" (HS). Ordet er ikkje komme med i ordbøkene, men er notert i mange lokalsamlingar, mest på Vestlandet og i Nord-Norge.

lim, ein  o
Avkvista greiner av lauvtre, som borken vert avskaven til fôr; oftast i sms. askelim (Vik, Leikanger i So) (HR). Jamfør norrønt lim f 'kvist, grein', og lim n (kol.) 'greiner, kvister, ris på tre'.

linkerhond, ei? - normert linkerhand  o
Dette ordet har eg frå ei herming etter ei gamal kvinna som er daud for mang' Herrens år sidan. "D'æ berre pao linkerhond", sa ho. Det skulde tyda at det var berre på venskap. Eller kanskje noko burtimot "flirt", "kurmakeri"(HS).

linkje, ["linKe]  o
Varsam åtferd, "lempe". "Han fer' ikkje mæ linkje", segjer dei um ein som går hardt på, som ikkje tek på ein ting med silkehandskar (HS). Berre notert i Vik.

livleingja, ei ["li:vlainGa] - normert livlengja  o
Liti hjelp, rådbot som hjelper for ei stund; men so er ein like langt att. "Da æ no livleinja i da", segjer dei (HS).

livrahogg, eit ["lIvrahågg]  o
Styng i sida etter hard ganga eller springing. Mykje brukt (HS). Vanleg elles i Sør-Noreg.

lo, ei  o
Aasen: "Korn i uttørket Tilstand, Korn og Halm tilsammen" (AIS).

lòg, eit [lå:g]  o
Sprakjelåg - vatn ein har kokt sprake i (AIS).

lokte, adj  o
Fjølene ligg lokte, torvet ligg lokte osb. Vert sagt når noko ligg laust med op imillom og under (HS).

lolægje, adj  o
Når kornet låg lengei loi sa dei gamle at det var lolægje (HS).

lomund, ein ["låmm(h)Und]  o
Lemen. Sogn og Valdres. Kanskje frå norrønt *lômund (TH).

lòn, ei [lå:n]  o
Ross: "dybt Vandstade i Bæk" (AIS).

lona, ei ["lå:na]  o
Gamalt namnt på tjøra. Det var gamal skikk å ha tjøra på varmen jolaftan. Det kallar dei å lona varmen. Ei gamal segn (på vikjamål med gamal svip): "Da va ei jenta so hadde vorte ute fyr' ein huldakar, han gjekk pao husk te 'ne, forstaor'u, a ho vist' ikkje si arme rao kåleis 'o skulde verta fri 'åno. Jau, so ein kveld huldakaren va dar sa 'o da mæ 'åno, atte bjødlekjyri deira va vorti so undalæ, da va vist "elsk" um 'an kunde vita ei rao fyr' da? "Jau", sa 'an, "du ska bruka tybast å lona, da ha hjelpt både ku å kona". Jentao ho brukte raoi sjøll, ho, kan du vita, å dao vart huldakaren vekk. Men ein kveld ittepao høyrd'ho maol' ass: "Truare va eg mæ deg elde du va mæ meg, tvi vore deg!"" (HS). Denne segni var kjend i fleire bygder, og rimet lona/kona er bevart. Elles er det kun i Vik at dette ordet er sagt å ha vore i bruk generelt.

losta, ei ["låsta]  o
Ljugarsoge; medviti usanning (Vik, Underdal, Lavik, Leikanger i So) (HR). Ser nærmast ut som ei saman-laging av verbi lossa og "logsta" (laugsta).

lua, v ["lu:a]  o
Blåsa på lur (AIS).

ludda, v ["lUdda]  o
Ganga i kring seint og for seg sjølv; ikkje halda fylgje, luska kring åleine (jamfør drumba) (Vik, Sogndal i So). "Kyri fer å ludda ittepao" (HR). Jamfør ludra og sludda.

lunnhelde, eit ["lUnnelde]  o
Tilhelde, tekodl (som dei gamle sa). Dette ordet har eg høyrt berre ein gong. Det vart hermt etter ei gamal kona: "Me hadde slikt lunnhelde uppe jao besteforeldri dine", hadde ho sagt (HS). Ross noterte og dette ordet i Vik. Sannsynlegvis omdanna av lunnende med påverknad av tilhelde. Eit lunnende var ei 'lette, fyremun; serleg um visse fyremuner eller gode ting ved ein gard, t.d. skog, beite, fiskevatn osfr.' Norrønt hlunnendi i same tyding.

lurr, ein [lUrr]  o
Han sto pao lurr å håirde kvert ore me sa. (HS). Kjent frå Sogn og Voss.

lurra, v ["lUrra]  o
Lura, lyda etter noko som det ikkje er meiningi ein skal høyra (HS). Notert på Sunnmøre, Sogn og Voss.

lusapysja, ei ["lu:sapYSSja]  o
Ureinsleg menneskje, ei som går unaudleg tjukt klædd og som sjeldan byter klædi. Kalling (HS).

lutaveksa, v ["lu:taveksa]  o
Veksa ujamt, veksa slik at den eine luten av kroppen ikkje vinn jamfylgjast med den andre (HS).

lya, v ["ly:a]  o
Da lye opp - det vert varmare (AIS). Norrønt hlýja, same tyding. Ogso om at det held opp å regna (HR).

lyra, ei ["ly:ra]  o
1) Noko ein får sendande beint upp i nevane, noko ein får nøgdi av utan større bry (HS). 2) Øyredask, øyrefik (HR).

lyrgja, ei ["lYrja]  o
Noko som heng laust saman og er ugreidt (Vik i So, Ndm). "Ei lyrja te høybyr" (HR).

lyrgjen, adj ["lYrjen]  o
Lyrgje å lye. Desse ordi vart helst brukte um ein vev som var laust voven og med mykje noppar og lause trær. Vart og sagt um spøt som var laust og ulikleg spøta. Sjeldhøyrt (HS). "Laust og lyrgje" (AIS). Ogso i andre målføre.

lækjels-tunga, ei ["le:Kelstonga]  o
Dei sa fyrr at hunden hadde lækjelstunga, dvs. at eit sår grodde når hunden hadde sleikt det (HS).

læreid, ein  o
Pute under ein kløvsal (HS). Notert i Vik og Aurland. Fyrsteleddet heng saman med nynorsk ljo f og islandsk ljena f, same tyding.

læsta (seg), v  o
Kornet læstar seg - kornet spirer godt (HS).

læverspipa, ei ['le:verspi:pa]  o
Plistrande læta i varmen, helst når ein brenner råved. Merke på læver og regn (HS).

lævesja, ei  o
Stendigt grønt tekke av mose eller gras yver ei liti kjelde som aldri frys til (jamfør tidvesje) (Vik i So) (HR). Jamfør 'læ' og 'vesje' (tekket tykkjest ihopfløkt).

løkja, v ["lø:Ka]  o
Halda slakt, med veikt tak. "Løkja klæd´ne aot seg", hava klædi slurve på seg (Vik i So) (HR).

løypa, ei ["låipa]  o
Laupe, skorfeste. "Gao seg i løypa", gå seg i skorfeste (Vik i So) (HR).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms