Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



habbit, eit  o
Temperament, pågangsmot (HS). Notert frå Ryfylke til Nordfjord i denne tydingi.

hagl, ein ['hag*l]  o
Hagr, grovt hår på halen og manken åt hesten, mest kol. Av hagr etter påverknad av tagl.

haglbrest, ["hagg*lbrest]  o
Haglver. Dette ordet har eg berre høyrt i eit gamalt ordtak: "Nordvest, haglbrest" (HS). Sisteleddet må visa til at skyene brest.

hald, eit? [hald]  o
Når dei baka flatbrød av grovmale mjøl, lyt dei ofte ha noko finmale (rug)mjøl i, utan vert knoda for turr og møyr. Då segjer dei at dei har hald i brødet (HS).

hallkatla, ei ["hallkatla]  o
Eit gapande toske kvinnfolk (HS). Hallkatla var eit kvinnenamn i eldre tid, og er ein variant av Hallkjell. Den siste Hallkatla i Vik døydde i Nummedal på 1700-talet. Ei av desse kvinnene må ha utmerka seg so negativt at namnet vart eit skjellsord.

halshakje, ein  o
Hake til å halda tømmerstokkane i ro og dra dei i hop (AIS).

haltebjaongs, ein ["haltebjaongs]  o
Kalling om ein som haltar. Sjå bjaongsa (HS).

halvdalesteig, ein ["hallda:lestai:g]  o
Ein teig det kosta ein halv daler å få slege. Sjå dalesteig (HS).

halvgrøyt, eit ["hallgråi:t]  o
Tjukk mjølkesupa (HS). Denne formi må vera ein mellomting mellom 'halvgraut' og 'halvgrøyta'. Begge desse ordi er oppførte frå Sogn, det siste og frå andre målføre. 'Grøyta' er ei avleiing av 'graut'.

halvhempa, ei ["hallhempa]  o
Om kvinnfolk som vil gjera seg finare enn dei er. Egt. halvt "bondsk" og halvt finare kledd (AIS).

halvklapping, ein ["hallklapping]  o
Hest med berre eit eista (pungstein) (HS). Uttrykket 'klapphingst' var visst meir vanleg blant hestekarar i fylket. Adjektivet 'klapp' vart brukt i tydingi 'gjeld'. Frå Fjaler har me fylgjande definisjon på å 'klappa/kloppa': "Aasens 'klakka' 3. Gjelda ved å leggja eista eller lettare sædstrengene millom t.d. tvo jarnstaurar og banka på so dei vert øydelagde".

halvsnuen, adj ["hallsnu:en]  o
Om ei halvsnui stund, um ein augneblink, i ei handvending ("halvsneui" Vik o.fl. i So), (HR).

halvtekkja, ei ["halltekkja]  o
Aasen: "Et Tag som ikke har Møning, men kun udgjør en Skraaflade fra en høiere til en lavere Væg" (AIS).

handafitl, eit ["handafIt*l]  o
Eit menneske som skal ha hendene i alle ting (HS). Norrønt fitla 'røyva med fingertuppane'.

handslaus, adj ["hansleu:se, "hansaleu:se]  o
Handfritt, "expedit". Døme: "Da gjekk hanslaust fyre seg". "Jau, kare deg hita eg ryggstykkj' 'ass, å da hanslaust og!" (HS). I nynorsk vert 'halslaus' brukt i same tyding. Handslaus ser ikkje ut til å ha vore nedskrive andre stader.

haokjen, adj ["hao:Ken] - normert håken  o
Gløymsken, håttelaus, distrè. Ein haok = ein håttelaus og gløymsken kar. (HS). Denne tydingi ser ut til å vera spesiell for Vik og til dels Voss. I Indre Sogn er tydingi 'tosken, seintfattande'. I andre målføre tyder håken 'lang og mager; hol, slapp og sljo i andletet; holsvolten' eller berre jamt over nedfyre og medfaren.

haorknapp, ein ["hao:rknapp]  o
Noko dei batt saman av maratagl eller håri av ei kyrerova og som dei bruka å skura med (i staden for skurekost) (HS).

hardmale, adj ["ha:rma:le]  o
Når mjølet er noko grovt og det kjennest noko hardt i klypa, segjer dei det er hardmale (HS).

hardnue, adj ["harnu:e] - normert hardnuve  o
Hardt å stå i, "travelt" (HS). Ordet er kjent over store deler av Vestlandet.

hardspikka, adj ["ha:rspIkka]  o
Er mest brukt i samanhengen: Ein hardspikka kar = ein hardfør, viljefast kar, ein som ikkje går or vegen for noko (HS).

hardvint, adj ["ha:rvInt]  o
Ein hardvint gard = ein gard som er vidsveimd og sein og tung å vinna (HS). Jamfør 'tungvint'.

harnjaoko,   o
Røyning, hardskap, illherv. Døme: "Da vart ikkje mæte kar ao 'an naor da bar pao harnjaoko" (HS). Sermerkt for Sogn. Ross fører ogso opp 'harnaok' som vikjauttale. Sisteleddet truleg gnåka 'rikta, knirka; gni, skubba; gnaga'.

haugatysja, ei ["heu:gatYSSja]  o
Huldrekvinnfolk, haugtussa. Er no mest berre brukt som kalling og tyder eit kvinnfolk som er folkesky, mannstygg, trollski (HS). Ogso brukt i Hordaland.

haugbu, ein ["heu:gbu:]  o
Einstøding, raring (HS).

heimafylgja, ei ["hai:mafYlja]  o
Medgift, det som ei nygift kona fekk med seg når ho flytte frå foreldri og heim til mannen sin, t.d. beist, klede, husbunad o.m. (HS).

heiningahaor, eit ["hai:ningahao:r] - normert heidningehår  o
Det håret barnet har på hovudet når det vert fødd til verdi. Sjå og nuska (HS). Kjent frå Vestlandet og Nord-Norge.

héla, ei ["hI:la]  o
Rim på marki (AIS). Vestlandet og fleire.

helda, ei ["helda]  o
Bøyle som vert nytta til å stramma med (AIS).

helnale'i, f pl  o
Hovled, "kodeledd" hjå hesten (HS). Normert 'hælneledi'? 'Hælna' må vera ei gamal genitivsform i fleirtal av 'hæl'. Sisteleddet er fleirtal av led 'ledd'.

hemla, v ["hemla] - normert heimla  o
Hemla med. Halda med, føya, "snakka etter munnen" (HS). Ogso kjent frå Hordaland.

henteberja, ei ["henteberja]  o
Mylska, "mangfoldigheit", usturteleg mengd (HS). Sjå 'berja'.

herkjedl, ein ["herkjedl]  o
Rangvis og "egen" kar, ein som vil gå sine eigne vegar og som står på sitt anten det er vist eller gale (HS). Ikkje notert andre stader.

herre, adj ["herre]  o
Nær flatbrød var bakt av grovmale mjøl, og det var noko hardsteikt, sa dei gamle at det var grovt og hèrre (HS). Vanleg i andre målføre og. Samanheng med 'hard'.

herva, ei ["herva]  o
Fæl skjenneskura, skrapa. "Eg tok 'an ei hèrva" (HS). Sermerkt for Sogn.

hesjagard, ein ["hesjaga:r]  o
Inngjerda stykke av ei eng. Var det epletre der, vart det kalla aplagard (AIS).

hever, adj ['hever]  o
Når dei sådde hallreint = helvti bygg og helvti havre, og det auka på med havren etterkvart, sa dei gamle at kornet "slo seg hevert" = det vart for mykje havre i det (HS). Kjent frå fleire målføre. Avleidt av 'havre'.

hevla, v ["hevla] - normert høvla  o
Eg hevla kje ordi aot 'an". Eg pynta ikkje på ordi, eg gav han det han trengde. Mykje brukt (HS). Å hevla er vikjauttalen av 'å høvla', og reidskapen høvel heiter 'hevedl'. Ordet kjem, som so mange handverkaruttrykk, frå nedertysk.

hikstingarom, eit ["hIkstingarUmm]  o
Slarkerom, ledingarom, det romet det t.d. må vera millom kausen og skruemori (møtriken) um ei kjerrehjul skal kunna snu seg rundt (HS).

hira, v  o
Stå og frysa (AIS).

hirèkjen, adj  o
Svevnig, illhyra og rusken (HS). Klar til å reka attende til hiet? Jamfør ferdareken, klar til å setja i veg.

hirk, ein [hIrk]  o
Ein hard støyt (HS). Til 'hirta'. Frå Sogn og Sunnfjord.

hiskjen, adj ["hIssjen]  o
Grå, kald, om ver (AIS). Ogso kaldhiskjen.

hiskra, v ["hIskra]  o
Småskjelva av kulde. "Hiskra å fraus" (HS). Berre frå Sogn.

hit, ei  o
Skinnsekk til å ha korn i (AIS).

hjedlbrot, eit ["jed*lbrå:t] - normert hjellbrot  o
Hjell er staur el. fjølelag over bjelkane i løa, kunne nyttast til å turka hå på (AIS).

hjølsvolten, adj ['jø:lsvålt*n]  o
Skrubbsvolten, gaulande svolten (HS). Må vera 'i-hel-svolten'.

hodda, ei ["hådda]  o
Hald på ei bøtte (AIS). Vestlandet og fleire. Norrønt hadda.

hodleg, adv ["hådle] - normert holleg  o
Umhugsamt, vyrkleg. "Slå, raka hodle" (Vik i So) (HR). Ogso i andre målføre.

hoftalaus, adj ["håftaleu:se]  o
"Han æ 'kje hoftalause" - det er eitkvart som hefter, ein kjem seg ikkje laus. Vert ofte sagt um beist det kjem eitkvart på medan dei går i beiti: "Dei æ 'kje hoftalause" (HS). Ei 'hoft' var ei hindring eller eit heft, kjent frå Vestlandet spesielt. Av norrønt 'hopt'.

hoggblemma, ei  o
Augnesjukdom. Augneloket vert trute og raudt i kantane (HS). Ikkje registrert andre stader.

holeisting, ein ["hå:laisting]  o
Når ein hest ikkje er reinskoren, som dei segjer, d.v.s. når det eine eista ligg der det skal liggja i pungen, segjer dei det er ein holeisting (HS). Fyrsteleddet kjem av at eista ligg oppe i bukhola. Berre notert i Sogn.

holmakk, ein ["hå:lmakk]  o
Kveisa i hudi i andlitet, skjeggfinn (HS).

hops, eit  o
Narrevore, hakelaust menneskje, eit spjok. Kalling (HS). Ikkje notert andre stader.

hovold, ei ["hå:vold]  o
På vevstol. Aasen: "Et av de Baand, hvormed Vevgarnets Traade haves i hop og trykkes ned" (AIS). Eigentleg fleirtal av havald.

hudrasa, v  o
Rispa av seg hudi (HS). Kjent frå Sogn, Voss og Hardanger. Somme stader med stum d. "Eg datt og hudrasa meg".

hula, v ["hU:la, U:la]  o
Lyfta, eller skuva på noko ein lite vinn med, lyfta seint og mødesamt (HS, HR).

hulda, ei ["hUlda]  o
Hulder (AIS).

huldabrend, adj ["hUldabrende] - normert huldrebrend  o
Det hender stundom at kyr som er svarte med ei kvit sletta etter ryggen får det kvite skambrent av soli, slik at hudi flaknar av og det vert store sår. Dette kalla dei gamle huldabrent. Dei trudde fullt og fast at kyri hadde vore i haugen og vorte skambrend av huldrene. Dei hadde endåtil ei motråd mot sjukdomen: dei brende eld under kyrne um sumaren (HS).

hule, adj ["hU:le]  o
Tungleg, avstengt, utan utsyn (HS). Av huld perfektum partisipp av hylja 'gøyma'.

hundakyrkja, ei ["hUndaKYrKa]  o
Reisa hundakyrkja = liggja med uppkrøkte kne når ein søv (HS).

hundsland, eit  o
Eitslags svelling kring nagleroti på fingrane (HS). Ross har tydingi 'vassblemme under hudi, serleg på foten'. Berre frå Sogn.

hurten og sturten, ['hUrn*n å: 'stUrt*n]  o
"I hurten og sturten", "over hals og hode", i bråhast (HS).

husagong, ein? ["hu:sagaong]  o
Gå husagong = fara yver alle husi, ta husi for trom. Når einkvan heldt gjestebod og synte gjestene husi sine, sa gjerne dei gamle at dei gjekk husagong. Kan ogso tyda ransaking, visitering (HS).

husjen, adj - normert husken  o
Dårleg, ikkje i humør, sjukleg (AIS).

husknast, v  o
Taka av, sjukna vekk, skranta (HS). Verta huskjen.

hylma, v ["hYlma]  o
Skjera av kornet for høgt på stråi. Som substantiv, ei hylma, tyder ordet halmstubb som står att etter at åkeren er skoren (AIS).

hyrgja, v ["hYrja]  o
"Dikta" i hop noko. Han hyrja å lyge (AIS). Vestlandet og Hallingdalen. Bøygt som spyrja: ["hYrja - 'hY:re - "hUrde - hUrt.]

hyrsla, v ["hYrsla]  o
Klæda seg tankelaust og ulikleg, ha klæde på seg eitkvarleis (HS). "Hyrsla pao seg inkort". Ogso notert i Nordfjord.

hytten, m b ['hYtt*n]  o
Er berre brukt i samanhengen: "Da va pao hytten" = det var på "nære nippet", det var på hengjande hekti (HS).

hyvakse, eit  o
Dun som veks på tre (AIS). Av hy, noko lode. Norrønt .

hyvre, eit  o
Aasen: "Mellemstykket i en Hestesæle" (AIS).

hæna, v ["he:na]  o
Skvetta vatn på når ein steikte noko, skjerpa oppatt gamalt brød? (AIS)

hæra, ei, v  o
Aasen: "tresket, urensket Korndynge" (AIS).

hæresaold, eit ["he:resaold]  o
Såld nytta til å renska kornet (AIS).

høpen, adj ["hø:pen]  o
Munaleg, heller stor (Vik, Kyrkjebø i So). "Eit høpe stykkje" (HR).

høyende, ein ["håi:ende]  o
Ei lang og stor pute (AIS).

høyrn, ei [håirn]  o
Høyrsel. Har overlevt berre i Sogn, etter norrønt heyrn (TH).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms