Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



faga, v ["fa:ga]  o
Slå av på kravi sine, lempa seg, gjeva etter (Balestrand, Vik, Kyrkjebø, Lavik i So). "Hadde han havt vit te faga, hadde da gaott bære"; "han faga noke lite" (HR). Jamfør mnt. vagen 'retta seg etter, lyda'. Til same rot som fager.

faodden, adj ["faodd*n] - normert fådden  o
Skrokken og maktlaus; avfallen (Vik o.fl. i So) (HR).

faorak, eit ["fao:ra:k?]  o
Evnelaust og duglaust menneskje som tek seg gale til, slær seg på sløys (HS). Truleg ei samanstilling av adj 'teiande, fåmælt, lite fyre seg, sturen' og avrak n, sjå det. Ein 'faoing' var på sognamålet ein 'styven stakkar utan makt og tiltak'.

faotøkje, eit ["fao:tø:Ke] - normert fåtøke  o
Ein som hev småe evnor, ei armod, olmose; serleg um ein som det ikkje er noko tak i, ein tufs (Vik, Aurland i So) (HR). Jamfør norrønt fátoki 'fatigdom'.

fare, ein ["fa:re] - normert farde  o
Hinne, snerk eller tjukt lag på væske, særleg mjølk og myse (AIS). Islandsk farði 'mygla skorpe i mjølkekjerald'.

fea, v ["fI:a]  o
Arbeida utan framgang, pusla, klatra. "Fea å fika; fea å fikta; fea å fikla"; "han for å fea kringum stäinadn å skulde slao, fea å slou itte sokre strao"; "ka æ da du fea mæ?" "d'æ 'kje noke å stao å fea pao" (So); "fea seg inn mæ äin", freista å koma seg inn med ein (Aurland i So) (HR). Jamfør fidda. Vel av *fiða.

feigdadraum, ein ["faigdadreu:m]  o
Draum som varslar um feigd, daude. Dei gamle trudde - og det er visst mange som trur det enno (1950) - at drøymde ein t.d. um ei opi grav, grønt gras, kvite blomar eller kvite klæde, skulde ein snart spyrja einkvan død. Ein slik draum kalla dei feigdadraum (HS).

feigdafugl, ein ["faigdafUgg*l]  o
Fugl som varslar død (AIS).

feigdaknapp, ein ["faigdaknapp]  o
Kvitkløver (HS). Jamfør trui ovafor. Dette namnet på kvitkløveren er ikkje oppskrive andre stader.

feitle, eit ["faitle]  o
Fatle (AIS)

feng, ein [faing]  o
Sjukdom som kom brått på, og ein skyna ikkje orsaki. Døme: "Han fekk slike idle feing i dan foten, da va da so gjor' 'an vart halte" Gamalt, sjeldsynt no (HS). Denne tydingi er ikkje notert andre stader.

fere, ein ["fe:re]  o
Når dei sår korn (handsår) merkjer dei upp åkeren i strimlor so breide som kornet vinn spreida seg for kvart kast. Dette gjer dei anten med ei pikka (eit grev) etter seg eller ved å dra eine foten i åkeren. Dette kallar dei å gjera fère (HS). Ogso nedskrive potefere, eplefere, vassfere frå Indre Sogn. Heng saman med fòr f.

fetling, ein ["fetling]  o
Aasen: "Fod paa en Hud, Skindet af Dyrenes Fødder eller Lægge" (AIS).

fetlingabjore, ein ["fetlingabjore]  o
Kalling. Eigentleg overlæret, pløsa i ein sko, jamfør fetling og bjore (TH).

fika, ei ["fI:ka] - normert feke  o
Jag, stundløyse. Fara med fika - arbeide snøgt og planlaust (OS). Ikkje nedskrive andre stader enn i Vik. Jamfør verbet feka/fika 'veiva med armane; skunda seg; gå uroleg att og fram, svinsa. Sjå didlefika og dritefika.

fim, eit [fi:m]  o
Tunt lag av dogg eller dust, av slikt som er brent o.l. (Vik, Aurland i So, "fiim" Eksingedal i Nhl). "Da la seg ait fiim på glase" (HR).

fivedl, ein ["fi:vedl]  o
Myrfivedl. Frøull (AIS).

fjaodnast, v ["fjaoddnast]  o
Fjaodnast vekk - kverva inn, visna. Døme: "Han fjaodnast vekk. (HS). Ført opp frå Sogn, Voss og Hardanger. Ross har ogso 'faona vekk' frå Vik og 'faodna, faodnast' frå Voss og Sogn.

fjaodnen, adj ["fjaodd*n]  o
Innkvorven, visen. Døme: "Han æ vorten gamadle og fjaodnen". "Høye æ lett å fjaodne" o.s.b. (HS).

fjaomen, adj ["fjao:men]  o
Trøytt, rar, t.d. når ein har nettopp stått opp (AIS). Ogso i andre målføre.

fjelga, v ["fjelga]  o
Pussa, vaska, gjera reint (AIS).

fjellrana, ei ["fjellra:na]  o
Kanten, bruni av eit langt flogfjell, kan og tyda lang og smal fjellkjeda. Sjå rana (HS).

fjellrima, ei  o
Bye-vêr med småe elingar etter fjellryggene. Berre frå Vik (HR).

fjetra, v ["fjetra]  o
Setja nokon "fast", så ein står full av undring (AIS). Norrønt fjotra 'binda (med jarnband)'. Avleiing av norr. fjoturr m 'band, lekkje'.

fjufjakk, ein [fjufjakk]  o
Ein vimsete person som fjatlar bort dagen? (AIS)

fjuken, adj ["fju:Ken]  o
Viljug med ein gong, sers beinsam (HR).

fjuntra, v ["fjUntra]  o
Hefta seg vekk med måfåarbeid, fara og fjatla heime i dørane og ikkje koma seg på arbeid um morgonen (HS). Kjent frå heile Vestlandet og andre stader.

fjusma, ei ["fjUsma]  o
Tankelaust jag i arbeidet. "Han for mæ slik fjusma" segjer dei når einkvan berre skundar seg og arbeider slik at dei tjonar seg vekk med det eller skaffar seg tviarbeid (HS). Berre kjent frå Sogn.

fjusmen, adj ["fjUsmen]  o
Brå og lite ettertenksam (HS).

fjøtla, v ["fjøtla, "fjåtla ,"fjatla]  o
1) Bala med noko ein ikkje får til. 2) Komma seg seint fram, flytta føtene lite og seint (AIS, HS).

flaga, ei ["flaga]  o
Anfall av smerte eller sjukdom (AIS). Ogso elles i landet om smerterier eller brå stormkast. Norrønt flaga 'brått åtak'.

fleina, v ["flai:na]  o
Fleina seg - flekkja seg, glida med eine foten på hålska eller sleip mark (HS).

fleinhyrnt, adj ["flai:nhYnnte]  o
Når fenadbeisti er breide millom horni (d.v.s. når horni har vokse ut til sides) segjer me at dei er fleinhynte (HS). Ordet er og nedskrive i Telemark, Agderfylki og Ryfylke. Av nynorsk flein m 'horn som vender attyver eller ut og nedyver'. Norrønt fleinn 'hake på pil, ankerklo'.

fleinskalla, adj ["flai:nskadla]  o
Eg trur dette ordet lyt tydast onnorleis her enn den tyding det har fått hjå Aasen - snau midt på hovudet, millom kruna og panna. Fleinskalla tyder her at skallen "skyt noko av", hallar attetter (attyver) (HS).

fleskatoka, ei ["fleskatå:ka]  o
Toka er hudi på ein gris. Sjå toka (HS).

flinhakje, ein ["fli:nha:Ke]  o
Flinsken kar, ein som flirer og ler åt folk (HS). Ein hakje eller hake tyder her ein skjelm, ei tyding som er notert i Fjordane og på Sunnmøre. Flinhakje er ikkje nedskrive andre stader.

flinskjen, adj ["flinSjen] - normert flinsken  o
Flirete (HS). Ikkje notert andre stader.

flisiling, ein  o
Liti regnbygja som går snøgt yver,regnbygja som berre rekk yver eit lite umkverve (HS).Ikkje nedskrive andre stader. Fyrsteleddet kan tenkjastå vera flepa 'storgråta'.

flo, ei [flo:]  o
Lag i kornstabel, ei høgd med kornband (AIS).

flogard, ein [flo:ga:r]  o
Rusk som ligg att i fjøra og syner kor langt sjøen har flødt upp (HS). Ikkje notert andre stader.

flogdrope, ein ["flå:gdrå:pe]  o
Drope (gjennom eit torvtak) som berre syner seg kvar gong det er ofseleg regnver, barver (HS).

floggard, ein ["flå:ga:r]  o
Evja og rusk som ligg att på elvebardane og syner kor langt elvi har gått upp i eit elveflog (flaum) (HS).

flòt, ei [flå:t]  o
Flate, flat og jamn mark. Fleirtal flete (HR).

fløkka, adj ["fløkka]  o
"Fløkka vatn, fløkka mjelk" - vatn (eller mjølk) som ein har teke kaldylen or, "kuldslått" vatn (HS). Ordet var brukt over heile Sogn og Fjordane om lunka væske. Ogso som verb fløkka 'varma opp litevetta'.

fnjus, eit  o
Lite grand, rusk, avfall. "Fnjus i håret" = flass (HS). Det nærskylde ordet fnòs 'flass' er notert på Voss og i Aurland.

fodnast, v ["fådnast] - normert fornast  o
Um hus: morkna, verta skral av elde; um gras: verta til forne; òg folna, bleikna; kverva burt, falla av i det heile. Vestlandet. "Badne fodnast vekk" (HR). Norrønt fyrnast 'verta gamal, tapa seg'.

fodne, f Fl. ["fåddne] - normert forner  o
Fleirtal, i eintal hokjønn fodna (forne). Fjorgamalt visna gras, slikt som ikkje har vore slege (AIS).

fodnen, adj ["fådd*n] - normert fornen  o
Minka, folna og veik (Vik, Luster, Lærdal i So). "Fodnen aokr"; "fodne kodn"; "ho verte fodni å gamal no" (HR). Jamfør forne.

fordoa, v  o
Øyda, missa, tjona vekk. Døme: "Faren va rike so have va djupt, men sonen ha vo' kar te fordoa alt samma" (HS). Kjent berre frå Sogn. Elles i landet var ordet 'fordubla' brukt i same tyding. Begge ordi kjem frå Nedertysk.

forfjaka, v [får'fjaka]  o
Forfjaka seg = vatla seg vekk med arbeidet, skunda seg slik at det kjem både i bukt og i skrukt for ein (HS). Sisteleddet er verbet fjaka 'vimsa, tumla', kjent frå Hordaland og Sogn.

forgjeidja, adj ["fårjaiGGa] - normert forgjedja  o
Sers huga (på); brennande (etter); ihuga (for). "Han va so forjäija pao å kjøpa da" (HR). Jamfør gjed n 'trå, lyst; une, hug'. Sjå 'gjei'.

forleggjande, adj [får'laiGGande]  o
Umåteleg, uhorveleg. Døme: "Da vart so forleiggjande fælt mæ hao, me visste lite kor me skulde gjer' ao 'ne" (HS). Kjent frå andre målføre og. Jamfør norrøt fyrirleggja 'vinna på', fyrirleggjast 'verta overvunnen'.

forlende, eit  o
Dette ordet har eg høyrt berre ein gong av bestefar min. "Eit glupande forlènde so alder vert mætt", sa han. Korleis det skal tydast torer eg ikkje ha noko trygg meining um (HS). I andre Vestlandsmålføre tyder forlende 'eit lende der det er vandt eller uråd å fara; uføre; vand stode'. "Da e nett so du tømme da i ei glòpur" (sjå det) seier dei om ein som drikk mykje, og kan hende er forlende ei tilsvarande samanlikning.

forlupsa, v  o
Lura, skremma, "overrumpla". Døme: "Eg let meg forlupsa" (HS). Ogso nedskrive i Kyrkjebø.

formøse, eit [får'mø:se]  o
Noko anstrengt, ivrigt, voldsomt. Da e slikt fårrmøse me `an (AIS). Ogso elles på Vestlandet, ofte i former som formysa, formysse. Det er merkjeleg at vikjamålet har ø her når me skulle forventa open y, so dette order er truleg lånt i ei litterær form.

forraska, adj [får'raska]  o
Ille medfare, øydelagt, "ramponert". Døme: "Merkjesgaren æ so forraska atte d'æ lite bøtingavon i 'an" (HS). Nedskrive eit par gonger elles i landet i litt andre tydingar.

forskapande, adj " [får'ska:pande]  o
Ovleg, avvegen, måtelaust. "Han va' so forskapande fæle å æta, da for i'an både raott å råte" (HS). Av nynorsk forskapa 'vanskapa, gjera ugjenkjenneleg'.

forskjerta, adj " [får'Sjerta]  o
Avskræmd, vitskremd, uppskaka, "rystet". "Eg vart so forskjerta att' eg fekk ikkje maol fyr' meg" (HS). Nedskrive i same tyding i Kyrkjebø.

forskoa, adj [får'sko:a]  o
Døme: "Han va so forskoa ette da", ustyrleg huga på noko (HS). Av nynorsk sko(a) v 'lysta, lengta etter eitkvart'.

forskot, eit ["fårskå:t]  o
Lengd på plogfor. Pløgjer ein langsetter ein åker som er lang og smal, får ein eit langt forskot. Pløgjer ein på tvert, vert det kort forskot (AIS).

forsmetta, v [får'smetta]  o
Forsmetta seg - krjupa inn i eit hol so ein ikkje veit å koma korkje fram eller attende. Kan og tyda å smetta seg vekk, verta gøymd, koma til sides (HS).

forsmètte, eit  o
Eit trangt hol eller smott (HS).

forsuppa, adj [får'sUppa]  o
Forstøkt, fordust. "Eg vart so forsuppa, æ kan ikkje saia da" (HS). Elles nedskrive på Nordmøre.

forsyta, v [får'sy:ta]  o
Fårsyta seg sjøll - brødfø seg sjølv (AIS).

forynje, eit  o
Fyrefar, fyrebod, varsel (um ting som skal henda) (HS). Ross har notert ordet som hokjønn 'forynja', og seier at det blir mest brukt i fleirtal, 'forynje' i Vik og Lavik (HR). Norrønt forynja.

fòsete, adj ["få:sIte]  o
Framfusande, forhasta i tanke og tale (AIS).

fotablaosa, ei ["fo:tablao:sa] - normert fotblåse  o
"Fosterhinden" hjå kyr (HS).

frambur, ein ["frambU:r] - normert framburd  o
Det å skrida, koma fram; givnad til å koma fram, framtak (Vik, Aurland i So). "Dar æ 'kje frambur i 'an", det ber ikkje fram med han (HR). Norrønt framburðr 'målbering av ei sak, framsegn, forteljing, ordleiding'.

framekst, adj [frammekst]  o
Når stråi i ein kornåker var bra jamlange, sa dei gamle at kornet var framekst (HS). Elles berre nedskrive i Vågå. Føreleddet fram vil sei 'like langt fram', og etterleddet ekst er omlydt av 'aks, kornaks'.

framtum, adj  o
Framifrå, makelaust. "Da skulde no væ' so framtum altslag dar i garden, mao veta" (HS). Ikkje nedskrive andre stader.

fraoaun, ei [frao:eu:n] - normert fråaudn  o
Noko mislukka, vanlagnad. Sjeldhøyrt (HS). Til verbet audna 'verta aud, tømast, øydast'. Ikkje nedskrive andre stader.

fri, adj [fri:] - normert frid  o
Fager, ven. "Fria mouri mi dao !" "frie far'n min !" "fria dokkao mi !" "frie gut!" "frie fyra !" fine fyrar ! (ironisk); "fria håndi", høgre handi; òg "dan friare håndi" (HR). Norrønt fríðr (fríðri, friztr og fríðastr) .

frimæla, v ["fri:me:la]  o
Slå frampå um noko, fyrebu noko med fint prat, gå kringum ein ting fyrr ein kjem med det ein har på hjarta (HS). Elles notert berre i Vevring i Sunnfjord. Fyrsteleddet er adjektivet frid 'fager, ven', sjå det.

frostbogje, ein ["fråstbå:je] - normert frostboge  o
Frosenpinne. Fleire målføre (TH).

, ei [fU:] - normert fud  o
Kyns-lemer (vulva), på hodyr, t.d. på marar; bakende og kynslemer (HR). Norrønt fuð- i sms.; jamfør islandsk fuð, nord-engelsk fud 'bakside, vulva'.

fùa, v ["fU:a] - normert fuda  o
Fuda det ut, få noko fram med spyrjing eller lirking (HR).

fullfløygd, adj ["fUllflåigde]  o
Fullærd, fullgod, før til å greia seg sjølv (HS). Kjent frå Sogn og Hardanger. Sisteleddet er verbet fløygja.

funask, eit?  o
Inkjevetta, skitlukt. (Godteri. Eg tyggje pao funask) (HS). Fyrsteleddet er truleg 'fùd', sjå det.

fuvette, eit ["fU:vette?]  o
Ein fjott, ein vetling, ein som er stutt-tenkt og lite fyre seg. Kalling (HS). Fyrsteleddet er truleg 'fùd', sjå det.

fydlevoa, ei ["fYdlevo:a]  o
Mange karar som går og vimar og held i kvarandre. Sjå voa (HS).

fydling, ein ["fYdling] - normert fylling  o
Før slo dei i fydlinga, dvs. så mykje som trengst for å fylla ei hes (AIS).

fylarett, ein  o
Ha fylarett = vera lovlaus, kunna gjerakva han vil ustraffa (HS).

fyrebjao, eit ["fY:rebjao:] - normert fyrebjå, førebjå  o
Fyrebod, varsel (HR).

fysemæta, ei ["fy:seme:ta]  o
Lekkert måltid, helst lite nærande. Jamfør lite me meta - vanleg uttrykk når ein ikkje har eller få nok mat (AIS). Ogso kjent frå resten av Vestlandet i formi fysemat. Av fysa 'ha lyst på, lengta etter'.

fækja, ei ["fe:Ka]  o
Sedlaust kvinnfolk, ludder. Sjeldhøyrt (HS). Nedskrive i Sogn og Fjordane, Hordaland og Ryfylke i omlag same tyding. Omlaging av 'vækje', som i trøndermålet sitt 'veikj'.

fælte, ein ["felte]  o
Fælska, biv, "skrekk". Døme: "Han va so svarte å stygge, da va ratt ein fælte te' kom' attaot' an" (HS). Neskrive i Sunnfjord og Lavik i tillegg til Vik. Ross forklarer ordet som ei underleg redle, en uskyneleg stygg blanda med redsle eller uhygge'. Norrønt felmtr m 'redsle, fæle'.

førekrakk, ein ["fø:rekrakk]  o
Ein planke eller eit tjukt bord med føter i den eine enden. Vert bruka når dei fører upp - bind kornet på staur (HS). Elles berre notert frå Leikanger.

førralag, eit ["førrala:g]  o
I førralag = i "betimelig tid", tidlegare enn vanleg. "Me fekk vaoren i førralag i aor" = me fekk våren fyrr me venta han (HS). Berre registert i Vik. 'Lag' har her same tyding som i uttrykket "tidleg i lagjet", dvs. det peikar på ei tid.

føykja, ei ["fåi:Ka]  o
"Fara med føykja" = skunda seg i arbeidet utan å sjå seg fyre eller bruka tankane, arbeida soleis at ein gjer skade på seg sjølv eller dei ein arbeider saman med (HS). Nedskrive i denne tydingi mellom anna i Rogaland og Hardanger. Grunntydingi er 'å få til å fjuka, blåsa bort' jamfør norrønt feykja.

føykjen, adj ["fåi:Ken] - normert føyken  o
Agelaus og tankelaus i arbeidet (HS). Hans Ross noterte ordet i Sogn i tydingi 'liksom ei føykje', der ei føykje er eit 'kvende som er livleg og litt uvar'.

føyra, ei ["fåi:ra] - normert føyre  o
Sprekk i ost (jamfør furre, furke) (Vik, Aurland i So) (HR).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms