Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



eignamun, ein ["aignamU:n]  o
Verdifull eignalut, aktivum. Døme: "Eg vild' ikkje syndast mæ 'an um dan gamla bokji, da va 'kje slike eignamun i 'na" (HS). Ogso kjent frå Sunnfjord. I andre målføre kan ogso mun åleine tyda eigedom.

eignast, v ["aignast]  o
Eiga. "E äignast inkje äin skiling". Berre frå Vik (HR).

einbedling, ein ["ai:nbedling]  o
Einaste barn, åleina barn. Når sauene har berre eit lamb, segjer dei at dette lambet er einbedling (eller ogso, og kanskje rettare, einburd) (HS). Opphavleg må einbelling ha tydd det same som halvbelling, 'ein som har berre ein testikkel, ein boll'. På eit tidspunkt har dette vorte mistydd eller spøkjefullt brukt om eineborn (TH)

einbølt, adj ["ai:nbølte]  o
Einsleg, t.d. ein einbølt gard (AIS).

einhending, ein ["ai:nhending]  o
Orv som ein held med ei hand (AIS).

einstendig, adj ["ai:nstendige]  o
Vera einstendige = vera samstelte, halda ihop, stå "last og brast" saman (HS).

einstumra, v [ai:nstUmra]  o
Gå halvt i øra, gå i so djupe tankar at ein lite ansar det som er ikring ein og lite veit kvarhelst ein fer (HS). Verbet stumra 'gå ustøtt og leita seg fram, som i myrker' er kjent frå andre målføre og. Norrønt stumra 'gå ustøtt'.

eintre, eit [ai:ntrI:]  o
Stort kjerald som var laga på den visi at dei grov utor ein tjukk kubb, helst av eit inn-ope tre (ein gamal alm eller ein ask). Desse kjeraldi hadde dei til å ha korn, mjøl eller salt i (HS). Denne tydingi er særmerkt for Sogn.

eisemadle, adj ["ai:s(e)madle, "åi:s(e)madle] - normert eismal  o
Einsleg, åleine. Hankjønn "ai:s(e)madle, hokjønn ai:s(e)måd*l. Norrønt einsamall (HR).

eiss, ein ["aiss]  o
Fælke, bìv som eit menneske fører med seg (HS).

eitlasvudl, ein ["aittlasvUd*l] - normert eitlesvull  o
Kjertelsvull (HS). Av nynorsk eitel 'lymfeknute, kjertel'.

eitretrodl, eit ["aitretråd*l] - normert eitretroll  o
Det var gamal tru at ein laut eta oskegraut um oskedagen, vilde ein fria seg for eitretrodli. Med eitretrodl meinte dei truleg orm og kvefs og anna avåt som har giftig bit eller stikk (HS). Av nynorsk eiter 'svidande (giftig) væske frå dyr'.

eldgeit, ei ["eldjai:t]  o
Sotgneiste under grytebotnen. Når der var eldgeiter under grytebotnen skulde det verta uver, sa dei gamle (HS). Same ordet og trui er skrive ned frå Salten.

eldmyrja, ei ["eldmYrja]  o
(Også aimyrja?) Oske med glør (AIS).

elta, ei ["elta]  o
Eldstad ute av lause steinar (AIS).

elvaraok, ei ["elvarao:k] - normert elveråk  o
Elvefar (HR).

elveldesår, eit ["elveldesao:r]  o
Eit lite sår i hudi, gjerne på lepane eller i munnviki. Elles var det visst ein sjukdom dei kalla elvèlde. Eg er ikkje viss på det, men eg trur det måtte vera ein hudsjukdom (HS). Sjukdommen alveld har fått namnet av at dei som fekk han var brende av eld frå alvefolket. Namnet blir no brukt om ein sauesjukdom, viss det då ikkje er same sjukdommen. Frå Nordfjord er det ført opp at alveld blei brukt om 'fnatt og andre hudsjukdommar'. Fnatt er skabb, klådesott.

emstrast, v ["emstrast]  o
Kramsast, prøva krefter for moro (HS). Ogso nedskrive i Ytre Sogn.

endebytes, adv ["endeby:tes]  o
Gå endebytes = gjera rundkast og nå berre med endane (HS).

etlavon, ei ["etlavo:n]  o
Porsjon av mat. Gao pao etlavon - greia seg med den maten ein får utdelt (AIS). Det som vert etla att, løyvt.

evle, adj ["evle]  o
Som krev røyning av makti til det ytste, sers tung, slitsam (um arbeid). "Da gjekk evle för oss"; "d'æ so forevle för hann"; "da vart evle för meg, för eg kom häim" (HR)

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms