Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



dagsmei, ein ['daksmai:]  o
Det som soli vinn tina upp av snjoen ein vårdag. Døme: "Han gjære mykje berre dagsmeien uppi markji no" (HS). Kjent frå heile Sør-Norge, men oftast som hokjønn. Norrønt dagsmegin 'full dag', eigentleg 'dagsmakt'.

dalesteig, ein ["da:lestai:g]  o
Ein utmarksteig som det kosta ein dalar å få slegen når ein skulde leiga slåttekar. Dei rekna på 6 dagslætte i ein dalesteig. Ein teig som var berre helvti so stor kalla dei ein halldalesteig . Elles nemnde dei slike teigar etter kor mange mark det kosta å få dei slegne. Ein tvomarkateig , ein femmarkateig , ein aottamarkateig o.s.b. (HS). Andre namn var middagssletta , eit stykke som ein skulle vera ferdig med til middag. Eindagssletta og tvodagssletta var og nytta (AIS).

damlaus, adj ["dammleu:s]  o
1) Smaklaus. 2) "Bera seg damleust aot" - oppføra seg tosket (AIS).

daoma, v ["dao:ma] - normert dåma  o
Skjemta, gjera noko upp i løgje (HS). Denne tydingi er særmerkt for Indre Sogn.

dauahu, ei ["deu:ahu:] - normert daudhud  o
Hud som flaknar og fell av, helst under føtene (HS).

dauatrote, ein ["deu:atrå:te]  o
Når folk som ligg på det siste tek til å trutna i føtene segjer ein at dei har fått dauatroten (HS). Varianten 'feigdartrote' er notert frå Sunnhordland.

dauhengjast, v ["deu:hainGast]  o
Ikkje ta seg til med noko slag, vera heilt gjerandslaus (HS).

deia, ei ["dai:a]  o
Aasen: "Tjenestepige, Kvindfolk som er sat til et vist Arbeide", jamfør budeie (AIS).

deigla, ei ["daigla]  o
Eit tungvint, dove og rote kvinnfolk (HS). Ei deigle er eigentleg eit 'kjærald til å bræda metall i' dvs. ein digel (TH).

dettetung, adj ["dettetonge]  o
Dette ordet vert brukt t.d. um eit lass som ris lite, men likevel er svært tungt, og når ikkje noko held att. Elles vert det brukt um andre ting som har ei svær vekt i tilhøve til umfanget (HS). Uttrykket er ogso kjent frå Voss i same tyding.

dia, v  o
Dia i knei - siga noko i knei når ein går (HS).

didlefika, ei ["dIdlefI:ka]  o
Fara med didlefika - vera uppølt, arbeida meir enn ein hev godt av, arbeida for vellæte eller venskap (HS). Sjå fika.

didlefIm, adj ["dIdlefim] - normert dillefim  o
Vera didlefim - vera hundetru, "underdanig", krjupa og smeikja for deim ein har yver seg (HS). Ogso nedskrive i andre bygder.

digneting, ein ["digneting]  o
Kostbar ting. Sjå storboden (HS). Ikkje registert andre stader. Fyrsteleddet er sannsynlegvis verbet digna 'digrast, bogna, bøygja seg, verta tjukkare (utav mat)'. Ein digneting må då vera noko som gjer at eigaren vert tjukkare, eller helst veks og digrast i status (TH).

dirta, v ["dIrta]  o
Fara med småtteri, ta lite um gongen (HS). Ikkje notert i denne tydingi andre stader.

dirten, adj ["dIrt*n]  o
Vera dirten - vera plent på det, vera snerten og fin (HS). Ogso kjent frå Hordaland.

dobbe, ein ["dåbbe]  o
Splint, bolt, t.d. i eit hestetjor. Sjå og dore (HS).

dodla, ei ["dådla] - normert dolle  o
Liti høybyrd (HS). Denne tydingi er og kjend frå Takle i Ytre Sogn.

dòe, adj n ["då:e] - normert dove  o
Dåe ver - stilt ver. Eit dåe rom - eit rom med lite trekk og luftskifte (HS). Dette er inkjekjønnsformi av doven. Verbet dova v 'mildna, stilna, um vind' er kjent frå Voss og ført opp med uttalen "daaa" - altso med stum v som i vårt adjektiv.

doggboka, ei ["dåggbå:ka] - normert doggboke  o
Bukflesket på ein gris (HS). Sisteleddet tyder feittlag og er i slekt med engelsk 'bacon'. Ordet er elles kjent frå Sunnfjord.

dokkeskot, eit ["dåkkeskå:t]  o
Hovsjukdom hjå hesten, ringhov (HS). Frå Voss og Sogn.

dore, ein ["do:re]  o
Splint, bolt. Same tyding som dobbe (HS).

dov, ei [då:v]  o
Lend på hesten (AIS).

dragslegota, ei ["drakslegå:ta]  o
Lang og bratt dragsleveg i utmarki eller i lidi (HS). Fyrsteleddet er 'dragslede', ein slede som dei brukte til å køyra ved og høy med.

draott, ein [draott] - normert drått  o
Reim i hesteselen, det ein heng tindlane innpå (AIS).

drevja, ei ["drevja]  o
Aasen: "Blød Masse eller Røre" (AIS).

dritefika, ei ["drI:tefI:ka]  o
Ironisk. "Da vart slik dritefika mydlo dei" - dei var unaturleg blide med kvarandre, gjorde seg til augetenarar for einannan. Slikt blidlæte og venskap plar ikkje vara lenge. Mykje bruka (OS). Sjå fika.

dritord, eit ["drI:to:r]  o
Fantord, "stikkpiller" (HS).

dryl, ein [dry:l]  o
Seinrøyven kar, ein som er lang og ulenkeleg og sein og stiv i rørslene (HS). Ogso kjent frå Hordaland og Ryfylke. Nyislandsk har drjóli 'stor og sterk kar'.

dumba, ei ["dUmba]  o
Støv (AIS).

dunefukka, ei ["du:nefUkka] - normert dunfukke?  o
Eit kvinnfolk som fer med skur og bråk og likevel ikkje får arbeidet undangjort. Kalling (HS). Ei fukke var eit lite, trekanta segl framfor masti på jektene. Kva samanhengen er, veit eg ikkje (TH).

durla, v ["dUrla]  o
Øyda pengar eller anna i smått, driva småhandel med tap (HS). Kjent frå resten av Vestlandet og. Pengar ein kunne nytta til noko ein ikkje hadde bruk for vart kalla dudlepengar . Uttrykket vart og ofte nytta om pengar ein fekk for ei beina. Ogso dudleskillingar (AIS)

duvl, eit ['dUv*l]  o
Eit lite rundvakse og tjukkfalle kvinnfolk (HS). Dette må vera jamføring til nynorsk duvl n 'trestykke eller kagge som vert fest til garn eller linor i sjøen til å syna kvar dei stend', also ei blåse. Elles har Ross ført opp tydingi 'noko som hindrar eller er i vegen for arbeidet åt ein; serleg nytta kjælande til og um småborn'. Denne tydingi fann han på Voss og i Sogn.

duvlunge, ein ["dUvlonGe]  o
Trenagle som held i saman timbra i ein vegg (HS). Nynorsk duvlung, dublung.

dylja, v ["dYlja - 'dY:le - "dUlde- ha: dUlt]  o
Halda hemmeleg (AIS).

dynasnepe, ein ["dy:nasne:pe]  o
Snipp, hjørne av ei dyne. Sjå snepe (HS).

dynd, ei  o
Kraft, dygd: òg vekt. "Dar æ kje noko dynd i detta øle". Sogn og Fjordane (HR).

dypsa, v ["dYpsa]  o
Gå med ein liten slett i knei (HS). Nynorsk dyfsa 'skaka upp og ned'.

dypse, eit ["dYpse] - normert dyfsa?  o
Liten stupbratt bakke i ein køyrsleveg, lågt fall (HS). Nedskrive berre i Vik.

dyssa, v ["dYssa]  o
Dyssa seg = huska seg, "gynge". Lauskarane på Hopperstad hadde laga eit rim i gamle dagar: "Kjemme skjørvakadladne herne', so ska me dyssa dei ao å te" (HS). Ogso notert i Sunnhordland.

dyssereia, ei ["dYsserai:a]  o
Huska, "gynge" (HS). Sisteleddet heng truleg saman med ordet reidskap og verbet reia 'laga til, stella til'. Ei reia skulle då verta noko slikt som ei 'innretning'.

dysting, ein ["dYsting]  o
Tankelaus galning, ei slya (HS). Ogso i andre målføre.

dæsa, v ["de:sa]  o
Frysa, gje etter for kulde (AIS).

dørlikka, ei ["dø:rlIkka]  o
Diare (HS). Skjemtenamn (sjå skundao). Kan det komma av at dei sprang gjennom dørene heile tidi?

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms