Dialect words Grammatics Dialect sample Phonetics

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



baongjen, adj ["baonGen] - normert bangen  o
Redd (AIS).

baossa, ei ["baossa] - normert båsse  o
Puta under ein kløvsal (HS). Formi bosse f er meir vanleg elles i landet.

bar, ein [ba:r] - normert bard  o
Rainebard - reinekant (AIS).

barsøl, ein - normert bersele  o
Vidje-ring til å hengja ei reidsleflaska eller ei meisfast i salen etter (HS). Fleirtal 'barsøledna' (AIS).

bas, eit [ba:s]  o
Høgt gras, tett småskog, t.d. eit aorebas. Når engi vert nedslegi av regn, segjer dei at ho vert nedbast (HS).

basa, v ["ba:sa]  o
Sjå bas.

bauredl, ein ["beu:red*l] - normert baurel  o
Kallenamn laga til verbet baura 'bura seint og sinna ned mot jord, um stutar og kyr, når dei etter folketrui ser vardyvle (Sogn)'. Eit vardyvle var ei fylgjeånd, eit vette som fylgde eller gjekk fyre eit menneske (TH).

bausta, v ["beussta]  o
"Han bausta ikkje so hardt", segjer dei um ein som er stillvoren og fer fint åt (HS). Nynorsk bausta v 'busa på, fara vyrdlaust fram, storma fram'.

bavande, adv ["ba:vande]  o
"Kjelen æ bavande fudle", radt full, full so det vil fljota yver kvarden (HS). Nynorsk bava v 'vera nøgdi av, lava, "ha så de baver" 'hava fullt upp'.

bede, ein ["be:e]  o
Haug eller tjukt lag av jord, sand og liknande. "Elvi hev lagt ein sandbede på åkeren". Indre Sogn (HR).

beia, ei ["bai:a]  o
Lot, luna, tak, "anfall" (HS). Knipe, vanske, fantestrek (AIS).

beiteskia, ei ["bai:teSji:a]  o
Dørkarm (AIS). Beiteskiene er dei to ståande stokkane på sida av døri i eit laftahus.

belg, ein [belg]  o
1) Den hinna som ligg kringum eit føl når dei vert fola (kjem til verdi) (HS). 2) Dei seier og "drita i belg" når t.d. eit lam har forstoppelse. Her tyder belg 'buk, vom' (TH).

berja, v ["berja]  o
1) Slå, banka. "Berja flokar" 2) Treskja korn. 3) Berja på: driva på, ta hardt til med. Bøying ["berja - 'be:re - "barde - bart]. Norrønt berja (HR).

berja, ei ["berja]  o
Ei stor mengd. "Ei berja med folk". Eigentleg eit framlag av korn (TH).

berrbaka, adj ["berrba:ka]  o
Når ein øyk ikkje har sal (eller sæle) på seg, segjer dei at den øyken er berrbaka. Det ordet vert helst brukt um øyker som fyl med, t.d. til støls, og ikkje har kløv eller sal på seg (HS). Jamfør norrønt bakr m 'rygg'.

berrklødd, adj ["berrklødde]  o
Vera berrklødd - vera "krigersk", å gå til åtak utan å løyna seg (HS). Kjent frå Sunnfjord i tydingi 'med berre klør'.

bidl, ein ['bid*l el. 'bId*l]  o
Eit lite kvast instrument som dei bruka å taka blod med (HS). Nynorsk bild m; norrønt bíldr m. Den norrøne vokalen skulle tilsei at vikjamålet har trong i her, men det er eg usikker på (TH).

bidne, eit ["bIddne]  o
Samnamn på småkjerald imotsetning til store, som då kallast kjerald. Ordet er kjent i fleire vestlandske målføre i ei noko vidare tyding. Samanlikn bide bidne er vel av *byðne, med innverknad frå bide. Jamfør nyislandsk biðna, lite matkjerald av tre (TH).

bisk, ein [bIsk]  o
Frukost. Sogn, Sunnfjord, Voss og Valdres. Vel frå eldre dansk bidsken, same tyding, av tysk Bisschen (TH).

bjakse, ein ["bjakkse]  o
Vegg, bløyg, kile. Årette i eit skaft. Sjeldhøyrt (HS).

bjaona, v ["bjao:na] - normert bjåna  o
Tutla, fara tankelaust og ulikleg åt. Sjeldhøyrt (HS). Kjent frå Aurland og Lavik forutan Vik (HR).

bjaongsa, v ["bjaongsa] - normert bjangsa  o
Gå skeivlande og mødesamt. "Halta og bjaongsa", segjer dei. Haltebjaongs vert ofte brukt som kalling (HS). Ogso registrert i Hardanger og på Voss.

bjo, eit [bjo:] - normert bjod  o
Påbod, "befaling". Døme: "Du hadd' ikkje bjo å gjera da" = Du var ikkje tilsett å gjera det (HS). Ogso frå andre målføre i tydingi 'bod, tilbod', særleg om bod på auksjon.

bjore, ein ["bjo:re]  o
Overlær i sko (AIS).

bjørkekinne, ein  o
Tett, lang og beinvaksen bjørkeskog. Sjå kjinne (HS).

blaome, ein ["blao:me] - normert blåme  o
Mørk regnsky (HS).

blaominkande, eit ["blao:minkande] - normert blåminkande  o
Sist i minkande måne (HS). Ogso kjent frå Voss og Balestrand.

blaotenne, f pl ["blao:tenne] - normert blåtenner  o
Fyrste tennene hjå grisen (HS).

blinding, ein ["blInding]  o
Trenagle som held i saman stavane i eit trebidne (HS). Blindnagle.

blodhelte, ein ["blo:helte]  o
Dei gamle tala um at øykjene hadde blohèlte (hèlte = halting). Eg er ikkje radt viss på um det var "vannspatt" eller galle dei meinte med det; men ein av delane er eg viss um det var. Kanskje var det båe (HS).

blodlaup, eit ["blo:leu:p]  o
Daudblod, blod som har storkna til under hudi når ein har klemt eller slege seg (HS). Elles i nynorsk tyder dette ordet 'blodsirkulasjon, blodomlaup'.

blodskei, ei ["blo:Sjai:]  o
Ta blodskeidi or han, ta siste blodsgranden or han. Har truleg dette upphavet: Når ein hadde opna ein gris som var slakta og fått ut lungone og hjarta, tok dei ei skeid og auste ut blodet som hadde samla seg i brysthola (HS). Ogso kjent frå Nordfjord som skjemt, "eg trur ungane teke blodskjeida utu meg", dvs. sprengjer meg.

blodslutr, eit ["blo:slUt*r] - normert blodslutter  o
Blod som vert spillt når ein slaktar, blod som mengjer seg med væta og skit. Sjå slutr (HS).

blodtev, ein ["blo:te:v]  o
Blodsmak, blod-ande. Døme: "Eg tande og spraong heile vegen te' endes, å paoresten vart eg so utfaren att eg kjende sjile bloteven i halsen" (HS). Nynorsk tev m 'pust, ande; ver, teft; (vond) lukt, stank. Norrønt þefr m 'tev, smak'.

blogga seg, v ["blågga se:g]  o
Blodga, støyta seg så ein blør litt (AIS).

bòa, ei ["bå:a] - normert bode  o
Banke uppe i vassflata (jamfør sandbode). Indre Sogn (HR).

bodl, ein ['bådd*l] - normert boll  o
Kjønnsorgan på hanndyr, men ogso på folk; testikkel. Heng saman med ball. Norrønt bollr, nyislandsk böllur. Gresk fallos er av same roti (TH).

bora, ei  o
Sløyfe, band, strimmel, no helst "ai bårda" (AIS).

borosk, ein ["bå:råsk]  o
Norrønt borddiskr m - talerk. Derav boroskahua f 'rund skinnhue utan skyggje' (AIS).

borre, ein ["bårre]  o
Aasen: "Burre, Urt med små Haker paa Blomsterhovedene" (AIS).

botavon, ei ["bo:tavo:n]  o
Aasen: "Udsigt til Forbedring, Mulighed til at Tingen kan komme i stand igjen" (AIS). Til dømes "da e' kje botavon i denna brokji". Ogso bøtingavon.

brasa, v ["bra:sa]  o
Lodda med messing. Gjeva t.d. stålbjøllor ei tunn "forgylling" med messing (HS). Vanleg i nynorsk, jamfør ogso engelsk brass 'messing'.

breingla, v ["braingla] - normert brengla  o
Brengla seg = skamvri seg, rengja seg (HS). Norrønt brengla. Kjent ogso frå Sunnhordland. Samanheng med nynorsk brengja.

brevgjering, ei ["bre:vje:ring]  o
Viktig papir, dokument (HS).

brotlé, eit ["brå:tlI:]  o
Når gamle folk tala um grindi (eller ledet) på gamle Hopperstad-kyrkjegarden, sa dei aldri kyrkjeporten eller kyrkjegrindi. Dei sa Brotlée. Døme: Eg møtt'an ne' mæ brotlée", eller "Dao eg kom neaot brotlée". Folk i 60-70 årsalderen brukar dette ordet endå um grindi på Hopperstadkyrkjegarden (og truleg kyrkjegarden på Hove), men aldri um grindi på nye-kyrkjegarden (HS). Dette er vel helst eit regelrett stadnamn, sjå forklaring der.

brotsaor, eit ["brå:tsao:r]  o
Gnagsår etter sal eller sèle. Når ein hest får eit slikt gnagsår, segjer dei at han er broten (HS).

brugda, ei ["brUgda]  o
Tverrstykke på ein ridesal (HS). Nynorsk 'brugd, brugde'.

brutl, eit ['brUt*l]  o
Skrap, skrammel (HS). Denne tydingi er berre kjend frå Sogn. Nyislandsk brutl 'uturvande burtbyting av eigneluter, øydsling'.

brælekodla, ei ["bre:lekådla]  o
Menneske som aldri gjev tol, som bræler med eitkvart støtt. Kalling (HS). Jamfør nynorsk kolle f 'hodyr utan horn, særleg av elg, hjort og storfe'.

budlekurre, ein ["bUdlekUrre]  o
Ein som snakkar ugreidt, er budlen i målet. Kure trur eg er gamalt namn på smalen. Når dei kallar på sauene segjer dei endå: "Kure - kuradne mine, dao!" (HS). Eg finn ikkje anna belegg for dette, men kurre er brukt som lokkeord på sau ogso i Nordfjord og i Austfold (TH).

bulaug, eit [bu:leu:g]  o
Når dei hadde silt mjølki slo dei litegrand vatn gjenom silen (silhåret). Dei kalla det å bulauga (HS). Av lauga v 'vaska'. Elles kjent frå Voss og Sunnfjord, men der som hokjønn.

bulega, ei ["bu:le:ga]  o
Visse stader kyrne plar liggja og kvila (på støl, i beite) (HS). Kjent ogso frå Fjordane, Sunnmøre og andre stader.

bumb, ein [bUmb]  o
Vevstong (AIS).

bust, adv [bust]  o
"Bust utfyre" eller "da va bust utfyre", segjer dei um eit flogfjell når det er noko so nær flatt ovanfor (HS). Denne tydingi er særmerkt for Sogn.

buvidle, adv ["bu:vIdle] - normert buvill  o
Dette ordet vart truleg fyrst brukt um beist som var komne på "rek", komne frå laget sitt. "Han gjekk buvidle" eller "han danste buvidle" segjer dei no um ein som er komen på avveg, ein som lite veit kvarhelst han er avkomen eller kvarhelst han har etla seg av. Vert ogso brukt skjemtande um ein som ikkje veit kva sida han skal halla til, t.d. i politikken (HS). Ordet er vanleg i nynorsk.

bygdarop, eit ["bYgdaro:p]  o
Ei hending eller noko som heile bygdi talar um, ein sensasjon (HS). Notert ogso elles på Vestlandet og i Valdres.

byrrig, adj ["bYrrige]  o
Aasen: "byrren - vred, hidsig" (AIS).

byrsl, eit ['bYrs*l] - normert byrgsel  o
Lås eller anna stengsel for ei dør, ei grind, ei kista eller liknande (HS). Kjent i denne tydingi berre frå Sogn, og mest som hokjønnsord. Jamfør nynorsk byrgsel f 'innberging, serleg um høy og korn' og norrønt byrgja v 'stengja'.

bytesarbeid, eit ["by:tesarbai:]  o
Gjera bytesarbeid = hjelpast åt med arbeidet slik at den som har fått hjelp gjer hjelp att. Serleg fyrr i tidi vart det ofte gjort bytesarbeid kringum på gardane når det var noko som det trengdest god hjelp til, serleg tresking, lauving eller liknande (HS).

byting, ein ["by:ting] - normert butung  o
Butung, blanding av aure og laks, skil seg serleg frå laksen med di han hev tverr spord, tverrspord (HR). Uttalen er sermerkt for Vik.

bægje, eit ["be:je]  o
Stengsel (AIS). "Setja opp bægje te sauedna".

bøkja, v ["bø:Ka]  o
Bita, turka litegrand. Når dei bakar kambakakor, legg dei kakone på bakstehella og turkar deim litegrand før dei smør deim (med ystemjølk). Dei segjer då at dei bøkjer deim (HS). Kjent i same tyding frå Nordfjord og Sunnmøre. Heng truleg saman med 'baka'.

bønabokji, f b ["bø:nabo:Ki]  o
Gå i bønabokji = audmjuka seg, beda om orsaking, "krype til korset". Døme: "Dæ best du æ fineguten å gaor i bønabokji elde ska eg rista runakka mæ deg eg ska du sjao" (HS).

bønalag, eit ["bø:nala:g]  o
Helst brukt ironisk. Når nokon brukar kjeften og bannar og englar, segjer dei gjerne: "Da va eit fint bønalag han brukte" (HS).

bøysa, ei ["båi:sa] - normert bøyse  o
Strid eller hard skur, brose. Indre Sogn (HR).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms