Meny

Dialect words

1188 words from Vik i Sogn, Norway.

Prologue

This page is Norwegian only

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Kategoriar:
Søk etter ord:
  
Søk i:   



albogaskot, eit ["albå:gaskå:t]  o
Eit albogarom, rom til å få leda albogane fritt. Døme: "Dar va slik trøyngd, da va lite rao te fao albogaskot" (HS).

alvelta, ei ["allvelta, "aolvelta]  o
Ålvelt stode, når sauene vert liggjande på ryggen og ikkje klarar snu seg (HR).

ampløy, ein [amplåi:]  o
"Da e sliken amplåi me dessa ongadn" - tyder helst bråk (AIS). Kan komma av ampeløyse f 'det å vera uhindra, ikkje bunden med noko tilsyn'.

andjyrast, v [and'jY:rast] - normert andgyrdast  o
Kivast, kjeglast, serleg småtretta (HR).

andkræseleg, adj ["ankre:sele]  o
Ufjelg, ufyseleg, uappetitteleg (HS). Av and- 'mot-' og kræsa v 'vera kræsen, velja seg fin og forkunn mat'.

anduga, v ["andU:ga]  o
Anka på, ottast for eitkvart; "Det er ikkje noko til å anduga på". Truleg for *andhuga (HR)

ansa, ei ["ansa]  o
Vending, umsut, røkting; eitkvart som ein skal taka vare på (HR).

aobyrgsla, ei ["ao:bYrgsla] - normert åbyrgsle  o
Ansvar (HS). Norrønt ábyrgsla f 'det at ein åbyrgslar for noko, borgar for noko, ansvar.'

aofelde, adj  o
På ferde. "Ho site i ro berre ai liti stund, so e ho aofelde atte" (AIS).

aogjeings, adj ["ao:jaings] - normert avgjengs  o
I ulag, ute av vanleg gjenge, or hengsli. Døme: "Da va fælt te' runamusk dar hadde vo', laose va øylagt å døri va komi aogjeings" (HS).

aokavla, adj ['ao:kavla] - normert avkavla  o
Utkøyrd, daudtrøytt, radt tilinkjes (HS).

aokkerlægje, eit ['aokkerle:je] - normert åkerlægje  o
Ækra, åker som er attlagd, attsådd (HS).

aol, ein [ao:l] - normert ål  o
Djup fure i botnen av ei elv (AIS).

aolaga, v pt ['ao:la:ga] - normert avlaga  o
Tilskipa, "planglagt". Døme: "Da vart soleis aolaga atte me skulde reisa pao bærplukking syndan, so framt vere' vart te da" (HS). I andre målføre synest avlaga å tyda 'få i ulag, skipla'.

aolastokk, ein ["ao:laståkk] - normert ålestokk  o
Tverrbjelke under golvåsane (Vik, Fjærland, Aurland i So) (HR).

aoleites, adv ["ao:lai:tes] - normert avleites  o
Koma aoleites = kome or syne, kome or folkeaugo. Døme: "Da vart slik trakking å leitestebna ette kalvane vaore, dei va komne so ratt aoleites fyr' oss" (HS).

aoliv, eit ["ao:li:v]  o
Overliv på bunad, livstykke i underklede (AIS).

aomøra, v - normert avmødra?  o
Venja ungane av med å suga (AIS).

aorekjinne, ein ["ao:reKInne] - normert årekinne  o
Tett, lang og beinvaksen åreskog. Sjå kjinne (HS).

aosnakka, ['ao:snakka] - normert avsnakka  o
Avtala, "avgjort". Ha noko avsnakka = vera komne til semja um det, ha teke avgjerd um det (HS).

aotting, ein ["aotting] - normert åtting  o
Ogso fjæring. Tønnemål (AIS).

aotvæ, ["aotve:] - normert åtvær  o
"Dei tykte aotvæ mæ meg" = dei tykte eg var ikkje som eg skulde, dei var misnøgde med meg. Sjeldhøyrt (HS). Ordet er og registrert i andre målføre frå Nordland til Jæren.

aplagard, ein ["aplaga:r]  o
Eplehage (AIS). Av apal m 'epletre'.

aplastart, ein ["aplastart]  o
Lite epletre (HS).

ardvangse, ein ["a:rvaongse]  o
På skeiard, det som bryt laust. Jfr stadnamnet Vangsnes (AIS). Skjer.

asekaka, ei ["a:seka:ka]  o
Fyrr i tidi brukte dei mykje å steikja nokre småe kakor av deig dei hadde sett gang (gjær) i. Desse kakone kalla dei asekakor. Vart steikte anten på omnen eller på ei bakstehella (HS). Av nynorsk asa v 'brusa opp, gjæra'.

aua, v ["eu:a]  o
Kry, yrja. Sogn og Sunnfjord. Norrønt úa. (HR).

audvisst, adv  o
Spaklyndt, stillfarande, smålåten, bljug. Jamfør audvis (HR).

audvyre, eit ["eu:dvY:re] - normert audvyrde  o
D-ljoden tydeleg uttala. Eit lite krek, ein misvekstring (av folk eller dyr). Noko som er lite vyrdt (HS). Norrønt auðvirði.

auger, adj ['eu:g*r]  o
1) Når eitkvart var tungvint og ilt å vinna med, sa dei det var augert. Ja, ein kan høyra dette ordet endå, men likevel fælt sjeldan (HS). 2) Nifst (AIS). Nynorsk avug el. ovug adj 'bakvendt, omsnutt', norrønt ofugr. Frå Luster og Sogndal er nemnt uttrykket "slao me' auger hånd", slå med handbaken.

augna, v ["eugna]  o
Nytta augo mykje til stiring el. augnekast; "du sit og augnar det burt for meg", du sit og glor so du skiplar meg i det (HR).

augnapaodl, ein ["eugnapaod*l] - normert augnepål  o
Ein som glor, ein med glanande augo. Opphaveleg vednemne på ein Pål? Vik og Aurland (HR).

augnsynd, ei ["eug*nsynd] - normert augnesynd el. D293augnesyn  o
Det som ligg innanfor synsviddi. Synsrand, horisont. Døme: "Eg fyl'de dei mæ augo te' dess dei kom or augnsyndi, å siao veit eg ikkje kor da bar ao mæ dei" (HS).

aukje, ein ["eu:kje] - normert auke  o
Raspeball, kan og nyttast som skjellsord: Din eukje (AIS). Heng saman med auka, 'veksa'.

aunale, adj ["eu:nale] - normert audneleg  o
Irleg, tregeleg, harmeleg. Døme: "Dei drags' ao mæ både laust å fast, da va ratt aunale å sjao" (HS). Ordet er elles registert på Voss.

aurgrim, ein ["eu:rgri:m]  o
Ein som er grimut og skiten i andlitet, ein skitnesam kar. Kalling (HS).

avaot, eit ["a:vao:t] - normert avåt  o
Uty, helst om insekt som gjer skade, lus og lopper. "Han fekk avaot pao seg". Kan ogso brukast som skjellsord (TH).

avdøgt, adj ['a:vdøkt]  o
Høyet er avdøgt, segjer dei, dvs doggi har gått or det (HS).

aventas, ["a:ventas]  o
Norrønt avæni n 'von til', fransk adventage. "Hann tykte ikkje da va nåke aventas me åss" - han tykte ikkje noko om oss, han hadde ikkje noko tru på oss (AIS).

avlett, adj [a:vlett]  o
Dette ordet har eg høyrt berre ein gong - av ein gamal mann som er død for lenge sidan. Når det var mat som var lite næring i, "lite å bita på", sa dei at maten var avlett, fortalde den gamle mannen (HS).

avrak, eit ["a:vra:k]  o
Ein som skeidar ut, mislukka individ (HS). Ordet er kjent frå heile landet. Heng saman med verbet 'å reke'. Frå Kyrkjebø er ført opp uttalen "ao:ra:k . Sjå ogso 'faorak'.

avretta, v ['a:vretta]  o
Når dei skjeftar t.d. ei øks, driv dei ein eller fleire kilar inn i enden på skaftet slik at øksi skal hanga betre på. Det kallar dei å avretta. I bygdemålet her vert ikkje dette ordet brukt i nokor onnor tyding, det eg kjenner til. I Indre Sogn heiter det aoretta (HS).

a b d e f g h i j k l m n o p r s t u v y å æ ø
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms
Valid XHTML 1.0 Strict