Dialect woorden Grammatica Dialect voorbeeld Uitspraak

Uitspraak

Deze pagina is alleen in het noors
Kort oppsummert går denne lydskrifti ut på at:
  • Stor bokstav på vokalar tyder open vokal, liten tyder trong vokal.
  • Stor bokstav på ein konsonant tyder at han er palatalisert, dvs. K=kj, G=gj, S=sj.
  • " før ei staving tyder tostavingstonelag, ' tyder einstavings.
Det er ei fonemisk lydskrift, det vil sei at ho skiljer mellom alle tydingsskiljande lydar i språket. Ho er basert på lydskrifti til Nemnda for dataregistrering av stadnamn og praksisen til Fylkesarkivet sin database for stadnamn.
Teikn
' Markerer einstavingstonelag eller tonem 1 og trykk på den etterfylgjande stavingi. Jfr. 'lai:Ken m som i 'den som er med på leiken...', men "lai:Ken adj som i 'katten er leiken'. I nokre tilfelle har eg måtta sløyfa trykkmarkering fordi dei skriftlege kjeldene ikkje har gitt opp tonelaget.
" Markerer tostavingstonelag eller tonem 2 og trykk på den etterfylgjande stavingi. Jfr. dømet ovafor.
: Kolon etter ein vokal eller diftong fortel at han er lang. Jfr. ma:n f (på hesten) mot mann m og grao:t m 'gråt' mot graott adj n 'grått'.
* Kryss markerer ein stavingsberande konsonant. I t.d. 'bi:l*n m 'bilen' vert e-en sløyfa i uttalen, men ordet har likevel to stavingar.
Vokalar
a Vanleg a.
e Open e. Denne lyden, som i nynorsk 'lesa', kan bli brukt der nynorsk har e eller æ. Til dømes "e:ta v,fe:l adj 'fæl', "hetta f, "tredde v pt 'trædde'. Lyden svarer til norrønt e, æ og i somme tilfelle é. Eg bruker denne bokstaven ogso om den slappe, halvrunda e-en i trykksvak stode, som i "hadde.
i Trong i. Lyden har diftonguttale med eit innslag av e i byrjingi. "si:ga, "gli:sa, litt, likt. Svarer til norrønt í.
I Open i eller trong e. Denne lyden står sterkt i vikjamålet og vert uttala som i austnorsk 'ski, pinne'. Han vert ofte brukt der nynorsk har e. "vI:ka f 'veke', "tI:le m 'tele', "drIkka v, "Itte a 'etter'. Merk skilnaden på bI:l n 'bel, klokkeslett' og bi:l. Tilsvarer norrønt i, é og sjeldan e.
o Trong o. Har diftonguttale med eit innslag av u mot slutten, som i engelsk 'snow'. so:l, "ro:pa, "otte m 'otte, frykt', "rodde v pt. Svarer til norrønt ó.
u Trong u. Har diftonguttale med eit innslag av e eller i i byrjingi. hu:s, "lu:ka, du:, "trudde. Svarer til norrønt ú.
U Open u, som den europeiske u i tysk 'Ruhe' eller spansk 'uno', altso same uttalen som i austnorsk 'sol'. "fU:ra f 'furu', bU:l m 'kropp, torso', "Unde prep 'under', "Uppe prep 'oppe'. Svarer til norrønt u.
y Trong y. Diftonguttale med innslag av ø i byrjingi, nærmast som øy. "Sjy:ta, "ry:pa, "ytte, "bydde. Tilsvarer norrønt ý.
Y Open y, som i austnorsk 'syl'. Vert ofte brukt der nynorsk og bokmål har ø:  fY:l 'føl', "lYtta, "bYtta f 'bøtte'. Merk skilnaden på hY:l m 'høl, dam' og hy:l n 'hyl, skrik'. Tilsvarer norrønt y.
ø Vanleg ø som i "dømma, "rø:pa, smø:r.
å Open o. Sjå ogso diftongen ao. "kå:na f 'kone', "så:va v 'sova', åst m 'ost'. Merk skilnaden på hå:l n 'hol, opning' og hao:l adj 'hål, glatt'. Tilsvarer norrønt o.
Diftongar
ao Denne diftongen blir brukt - med nokre heilt få unntak - der nynorsk har å:  blao:, blaott, sao:, "saodde 'blå, blått, så, sådde'. Tilsvarer norrønt á. Denne lydutviklingi har ogso skjedd i resten av Sogn, på Voss, i Hardanger, på Island og Færøyane og elles i nokre andre mindre område i Norge.
eu Nynorsk og norrøn au:  seu:, bleutt.
ai Nynorsk og norrøn ei:  "hai:ta, "lai:ka, "haitte, "laikte.
åi Nynorsk øy:  håi:, "Sjåi:telø:p, "plåidde. Tilsvarer norrøn ey.
Spesielle konsonantar
G Stemd palatal klusil, "blaut g":  "vaiGGen m 'veggen', "onGe m 'unge'.
K Ustemd palatal klusil, "blaut k" som i 'kino, kiste':  "Ki:no, "KIsta, "IKKe 'ikkje', "baKKe m 'bakke', "YrKe n 'yrke', "vi:Kamao:l n 'vikjamål'.
S Ustemd palatal frikativ, vert berre nytta framfor j:  "SjI:va f 'skive', "Sjo:ta v 'skjota, skyta',
r Vikjamålet har ein hard rulle-r (so lenge det varer...)
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pagina´s: Foto | Boerderijen | Berghutten