Vis meny

Grammatik im Vik-Dialekt


Diese Seite ist nur auf Norwegisch verfügbar

Av Olav Skjerven, publisert i Bygdabok for Vik i Sogn, 1956. For presisjonen si skuld har eg omskrive det meste av talemålsgjengivingi til lydskrift (alt som står i kursiv) . Sjå forklaring på lydskrifti ovanfor.


Grensa millom Kyrkjebø og Vik skil ikkje berre millom to herad, der går og vestgrensa for det eigenlege sognamålet. Utanfor, på Sognfjøra, fylgjer dialekten mest sunnfjordmålet. Det er e-mål ("skri:ve, "le:se), og sterke hokjønsord endar i bundi form eintal på -a ('bYgda, 'so:la). Men sognfjøremålet har ao for å (gamalnorsk á), som i midtre og indre Sogn. Millom Vik og Balestrand med Vangsnes er det ingi skarp målgrensa, um ein no alltid kan merka skilnaden. 

LJODVERK 

V o k a I a r. A er høg og ljos, som i vestlandsk mann og i engelsk father. Det er full tviljoding på gn. å: gao, Sjao. Det er litt tviljoding på trong i og o. Vokalen i bygdenamnet Vik har soleis ein lett diftongljod burt imot ei. Lang og trong o i slutten av ord vert ou: sou (for so) og glou (for glo). A og o vert fyre ng og nk ao: laong (for lang) og taong (for tong), baonk (for bank) og haonk (for honk). Framfor ng og nk vert u til trong o: ong, tong, monk (for ung, tung, munk). Au har i nokre ord vorte ø: lø:k (for lauk, gn. laukr m.), brø: (for braud, gn. brauð n), lø:n (for gn. laun f. = løn, vederlag). Dette vokalskiftet må vera gamalt. Av verb har laug (av ljuga) vorte lø:g . Merk og: "løksta (for laugsta = skulda for lygn). Mest brukt i uttrykket: da løkst du! Det vart teke mest som ei banning. Open e kan stundom bli ø; soleis i gardsnamni "røfsda:l (for Refsdal) og "Sjørvo (for Skjervo). Og i "løpsa (for lefsa), "røkka (for verbet rekka. Men dei seier "reKKa , rekkjeveg). Dei sa berr, "berrba:ka, "berrhåvda , men "børrføtt . At e vart ø i fyrste staving av det ordet, kallar dei ljodjamning eller assimilasjon. E fyre lang gg vert ai:aigg (for egg) , vaigg (for vegg), og sameleis fyre ng og nk: saing (for seng) og baink (for benk). Lang og trong e fell saman med open i: sén vert uttala som sI:n , lét som lI:t . Lang og trong u vert hjå sume (e)u: d(e)u (for du) og sj(e)uk (for sjuk). Men det er helst hjå folk som er komne frå bygder lenger inne i Sogn. Æ er ikkje so djup som austlandsk æ. Denne vokalen burde helst skrivast è. 

K o n s o n a n t a r. Lang ll vert dl: kadla, tròdl for kalla, troll. Rn vert dn: bòdn, kòdn (for born, korn). Vn har vorte til bn: habn, nabn. SI fell saman med tl: hattel, putla (for hassel, pusla). Gamal nd, Id, mb og ng held seg: land, mold, kamb, saong. F vert p fyre s: løpsa (for lefsa), òpse (for ofse), ups (for ufs). G og k vert mjuke (palatale) fyre dei bundne artiklane en og i og i fleirtal edna: seing - seingji - seingje - seingjedna, beink - beinkjen - beinkje - beinkjedna. Som ein ser, vert g og k ogso mjuke framfor fleirtalsendingi -e. Men i adjektiv og verb vert ikkje dei to konsonantane palatale framfor e, en og i: laonge, rike, lege, teken, teki.

BØYGNINGSVERK 

Substantiv. Frå gamalt har namnordi hatt tre kjøn. Hankjønsord er 'gu:t*n, "grann*n . Hokjønsord er 'so:li, "jentao . Inkjekjønsord: 'hu:se, "eple.

Eintal: Fleirtal:
Ubundi form Bundi form Ubundi form Bundi form
ai:n gu:t 'gu:t*n "gu:ta "gu:tadne
ai:n "granne "grann*n "granna "grannadne

Ord som endar på -g eller -k med konsonant fyre, får - e i fleital:
gaong - 'gaonGen - "gaonGe - "gaonGedna,
rYgg - 'rYGGen - "rYGGe - "rYGGedna,
bekk - 'beKKen - "beKKe - "beKKedna,
sekk- 'seKKen - "seKKe - "seKKedna. 

Soleis bøygjer ein og t. d. seu: - "seu:e, vI:n - "vI:ne, åi:k - "åi:Ke, mann - 'menne. 

Vokalskiftet i mann - 'menne kallar me umlyd eller i-umlyd. Ved dette vokalskiftet vert som nemnt a til e,
ao til e:'tao: - te: ,
o til ø: klo: - klø: ,
u til y: su:t - "sy:ta,
eu til åi: bleu:t - "blåi:ta,
jo til y: ljo:s - "ly:se. 

Med ending -e og umlyd i fleirtal: bro:r - 'brø:re - 'brødna, så:n - "sø:ne - "sø:nedna. Botn og morgon bøygjer ein soleis: 'bått*n - "betne - "betnedna, "må:ro - "medna - "mednadne. Den bundne hankjønsartikkelen er som ein ser: -en eller -n. 

H o k j ø n s o r d. Me tek nokre prøver:
grai:n - 'grai:ni - "grai:ne - "grai:nedna,
"jenta - "jentao - "jente - "jentedna,
elv - 'elvi - "elva - "elvadne,
bru: - 'bru:nao - "bru:e - "bru:edna. 

Med umlyd og -e i fleirtal:
bo:k - 'bo:Ki - 'bø:Ke - 'bø:Kedna,
bo:t - 'bo:ti - 'bø:te - 'bøtna,
natt - 'natti - 'ne:te - 'netna. 

Den bundne artikkelen er i linn bøygning eintal ao og i sterkt bøygde ord i

I n k j e k j ø n s o r d. Den bundne artikkelen er i eintal -e og i fleirtal -i

ao:r - 'ao:re - ao:r - 'ao:ri,
"eple - "eple - "eple - "epli,
"merKe - "merKe - "merKe - "merKi. 

ba:dn heiter i fleirtal bå:dn .

(Me har fleire inkjekjønnsord med denne u-omlyden:
gla:s - 'gla:se - glå:s - 'glå:si,
fa:t - 'fa:te - få:t - 'få:ti.

T.H.)

Auga bøygjer ein soleis:
eu:ga - eu:ga - eu:ge - eu:go. 

Kasus. I gamalnorsk var det fire kasus, som i tysk: nominativ, genitiv, dativ og akkussativ. Namnordet mann var bøygt soleis: nom. maðr, gen. manns, dativ manni, akk. mann. I vikjamålet er det berre ei form med fullt liv, nominativ (nemneform). 

Genitiv finst enno i faste uttrykk, slike som tI: fjells, tI: skogs, tI: syss, tI: KYrKe . I det gamle målet styrde til genitiv. Dativ finn ein i sume ordelag:i: "li:ve, me: gått å: "go:o, i: "smeu:to (i dulsmål), me: "ha:rnjao:ko (med hardskap), me: 'nø:ne, pao: "ny:o bI:l. 

Det kan vel vera kring 100 år sidan dativen miste taket i vikjamålet (dvs ca. 1850 - T.H.). Denne kasusformi har enno stor livskraft t. d. på Voss og Sunnfjord. Ho finst på Sognfjøra med, og i indre Sogn (Lærdal). Lengst heldt denne sideformi seg i sterke hokjønsord. Ein gamal mann sa: "Døri æ laog å brei", men: "Han sto i dørene". Dette siste er dativform av dør. Eg kan ikkje hugsa at nokon brukte dativ i eintal av inkjekjønsord. 

Her kjem nokre hermer. Det var i 90-åri, då dei sette opp den fyrste telefonlina millom Vik og Voss. Telefon er hankjøn. Ein kall som snakka gamaldags, likte ikkje ùmen i trådane og sa: "Da æ ein fælte med denna telefoni". Um snikkarane, som han tykte hadde for stor dagløn og var sère på kosten, sa han: "Dei sit uppi smøraskji å synda peinga". D'æ besta grase aottmæ steino å besta kjøte aottmær beino. I dette gamle ordtøket heldt dei på dativen, elles vilde rimet og rytmen vorte øydelagde. Ei gamal legdekjering likte seg ikkje på Skjervo, for det sat ofte mange kråker og skjorer i dei store trei nedanfor husi der. Um dette sa ho: "D'æ so kallsle' pao denne gari, her æ so fullt ao dessa trollfuglo". 

G e n i t i v. Den gamle genitivformi -ar finst i nokre samansette ord. Ein kan enno møta folk som seier sjoarveg. Elles har den gamalnorske eigeformi halde seg best i stadnamn. (Sjå Nokre stadnamn og kva dei tyder i fyrste bandet.) Her kjem 6, der finst kanskje fleire: Beitarhaug, Igdarhaug, Sjoarreset, Sjonarhaug, Skjeldarkol, Øyarkodl. Etter vanleg bøygning skulle det siste bli Øynakodln. Bindevokalane i samansette ord er a eller e: hundastykkje, bygdaveg, nautabeist, hanakjukling, bringeverk, minnebok. 

Kva ending fyrste lekken i samansette ord skal ha, er det ikkje alltid greide reglar for. Det kan skifta mykje. Her kjem nokre døme: 'bjød*n, "bjønnda:l*n, bjønnserv, "bjødnakjø:t, "bjødnahi:e. jai:t, jai:tåst, jai:tastø:l , men jaissbaist . Det må vel vera s-en i beist som har gjort at det vart s i fyrste staving òg. Det er som geit skulde vore hankjøn ikkje berre i det ordet, men i'jaisshådn med.'tråd*l, "trållkatt, trållshå:ve . Merk:"trådleKYrKao , men "trådlavådlsva:e . Som ein ser, går dl i samansetningar ofte attende til ll, dn vert gjerne nn: 'bjød*n - bjønn-, 'kåd*n - kånn-; "kånnsteu:r, ai:n 'go:e "kånnga:r . Ld kan bli ll: kald - kallsle, ai: "kallgly:a, "kallsy:rao . Lv kan bli ll: kallsle:je, kallsask(for kalvask) , men "kalvadans, "kalvakjø:t .

 

Adjektiv. Dei fleste adjektiv vert bøygde i kjøn og tal.

Hankjøn Hokjøn Inkjekjøn Fleirtal
'sto:re (gn. stórr) sto:r stort "sto:re
"li:t*n "li:ti "lite "smao:e

 i Vik sa bygdarane:hann e: 'sto:re , men ho: e: sto:r . På Øyri og i anneksene sa dei helst:hann e: 'sto:re, ho: e: 'sto:re . I bundi form: dann "sto:re 'mann*n, dann sto:ra "jentao, da: sto:ra huse, dai: sto:re "mennedna, dai: sto:ra "jentedna, dai: "sto:re 'hu:si . Eldre form for "gammadl (hokj.) var "gåmmådl; i: "gåmmådl ti: .

 

TALORD 

G r u n n t a I :ai:n, ai:, aitt, tvo: (nyare form: to:), trI:, "fi:ra, femm, seks, Sjeu:, aotta, ni:e, ti:e, "edleva, tåll, "trettan, "fjortan, "femtan, "sekstan, "seu:Kan, "a:Kan, "nIKKan, "Ku:e, "tre:dve, 'fYrrti, 'femti, 'seksti, 'sYtti, 'aotti (eller ' aotteti), 'nItti, "hUndra .

R e k k j e t a l. Hankjøn: "fYsste, "a:re, "trI:e, "fje:re, "femte, "sekste, "Sjeunde, "aottande, "ni:ande, "ti:ande, "edlefte, "tållte, "trettande, "fjortande, "femtande, "sekstande, "seu:Kande, "a:Kande, "nIKKande, "Ku:ande. Hokjøn og inkjekjøn: "fYssta, "a:ra, "trI:a, "fje:ra, "femta, "seksta, "Sjeunda, "aottande, "ni:ande, "ti:ande .

ai:n, ai: og aitter og ubunden artikkel: ai:n ka:r, ai: "jenta, aitt hu:s

I norsk brukar ein no den ubundne artikkel berre framfor ord i eintal. I gamalnorsk kunde han og brukast fyre ord i fleirtal. Det er rester etter dette i vikjamålet som i mange andre dialektar. Her ei herma etter ei gamal kjering. Det var um kva slags mat dei skulde gje ein skran og bleik gutunge: "Gje 'an brimkling, so vert 'an kar, men gje du 'an fisk å petete, verte leiggjedna nett so ei skjevla". Skjevla er fleirtal av skjevedl = skjevling, kjepp som er skaven.

PRONOMEN

Personlege pronomen. Dei har tre kasus, som i vanleg nynorsk: nenineforin (subjektform), objektform og eigeform.

 

Eintal 1. person 2. person 3. person
Nemneform e:g du: hann / ho: / da:
Objektform me:g de:g hann / "hInne (ho:) / da:
Eigeform     hass / "hInna / dess (tI: dess)
Fleirtal 1. person 2. person 3. person
Nemneform mI: dI: dai:
Objektform åss "dIkka dai:
Eigeform "dIkka "dai:ra

Når personlege pronomen er predikatsord, brukar dei som talar rett vikjamål, nemneformi: da æ du, da va eg so gjore da. 

Det refleksive pronomen heiter se:g; han slo seg, dei slo seg. 

Resiproke pronomen er ain'a:n ogkver"a:re: dei va so goe mæ einan, dei to. Me lyte hjelpa kverare.

E i g e d o m s p r o n o m e n: mInn, mi:, mItt, "mi:ne.I fleirtal hokjøn: "mi:na. Døme: d'æ mine vette (av vott m.), d'æ mina bøkje, d'æ mine eple. dInn, di:, dItt, "di:ne. I hokjøn fleirtal: "di:na; detta æ dina bøkje. vao:r (både hankjøn og hokjøn), vaort, "vao:re . I hokjøn fleirtal: "vao:ra ; d'æ vaora bøkje. 

Demonstrative pronomen er bøygde i kjøn og tal, men ikkje i kasus: "denne, "dette, "desse, "denna, "detta, "dessa, dann, da:, dai:, hInn, hi:, hItt, hi:ne . I hokjøn fleirtal "hi:na ; "hi:na "jentedna , men: "hi:ne "gu:tadne

Dei skilde millom denne, dette, desse og denna, detta og dessa. Dei tre fyrste vart brukte um det som er nær: denne bokji æ mi. Og dei tre siste um noko som er lenger burte: Denna (dar burte) æ di. Hinn og dann vart ofte brukt um styggemannen: lyg´e du, so skulde hinn å dann ta deg! 

Spyrjepronomen er kvenn og kå: . Dei vert ikkje bøygde: kvenn va da? Kå æ da?  

S p y r j e a d v e r b er kå:, kåfår (eldre form: kåfY), kå:leis ; kå rik æ han? Kåleis leve du? Kår bur han? 

Det relative pronomen heiter so: . Kven var da so gjore da?

Ubundne pronomen:

Hankjøn Hokjøn Inkjekjøn Fleirtal
'ad*l 'ad*l alt "adle
a:n "ånnår ("anna) "anna "are
"inkån ("inkårai:n) "inkårai: "inkårt  
"inGen "inGi "inKe "inGi
kve:r kve:r kvert  
'maongai:n 'maongai: maongt, 'maongtait "maonge, "maonga
"nå:ken "nå:ki "nå:ke "nåkre
    sUmt "sUmme

Dei sa: d'æ innkån so ropa. Soli skjin'e berre innkorein dagjen. Han sat å trykte, da kom berre innkorteit óre. Eller: da kom berre innkorei glosao. 

Korgje vert ikkje brukt. Inkjekjønsformi korkje er no bindeord: han fekk korkje vaott elde turt. Korkje eg elde du. Nynorsk ein (bokmål en eller man) heiter an : an faor tiga mæ an tyggje. An tar' ikkje gao laongt itte ustundi. 

da: kan og vera ubunde pronomen: da rigna. Da dagast.

 

VERB

L i n n e   v e r b . 

Fyrste klasse: -a, -a.
å: "kasta , notid: hann "kasta , fortid: hann "kasta , perf. part.: hann ha: "kasta

Andre klasse: -de og te, -t.
å: "lI:va, "lI:ve, "lIvde, lIft;
å: "Kø:pa, "Kø:pe, "Køpte, Køpt

Tredje klasse: -de, -t.
å: "spYrja, 'spY:re, "spUrde, spUrt

Fjerde klasse: -dde, -tt.
å: tru:, tru:r, "trudde, trutt

Uregelrette linne verb:
å: ai:ga, hann 'ai:ge, hann "aotte (eigde), hann ha: aott (ein høyrer og: aikt ).
å: "vI:ta, hann vai:t, hann "vIsste, hann ha: vIsst (ein høyrer og: hann ha: "vI:ta da: ).

Modale hjelpeverb :
å: "kUnna, hann kann, hann "kUnde, hann ha: kUnna.
hann ska:, hann "skUlde.
å: "tUrva, hann ta:r, hann "tUrrte.
hann mao:, hann "måtte
(sjeldhøyrt: "maotte ).
å: "vIlja, hann vI:, hann "vIlde

For 'å skulla' og 'å måtta' brukar ein 'å ljota':
e:g 'ly:te, e:g leu:t, e:g ha: "lå:te

S t e r k e   v e r b. Her er teke med eit par av kvar klasse. 

Fyrste klasse: Vokalskifte: i (e) -a -o (u).
"be:ra, 'be:re, ba:r, "bå:re,
"fInna, 'fInne, fann, "fUnne

Andre klasse. Vokalskifte: e (i) -a -e.
"le:sa, 'le:se, la:s, "le:se.
"lIgGGa, 'liGGe, lao:g, "le:ge

Tredje klasse. Vokalskifte: i- ei- é(i).
"bi:ta, 'bi:te, bai:t, "bI:te.
"ri:a, 'ri:e, rai:, "rI:e

Fjerde klasse. Vokalskifte: jo (u)- au- o.
"brjo:ta (no vanleg: "bro:ta), 'bry:te, breu:t, "brå:te.
"klu:ga, 'kly:ge, kleu:g, "klå:ge

Femte klasse. Vokalskifte: a (ao) - o- a (framfor g og k: e)
"fa:ra, 'fe:re, fo:r, "fa:re (eller "få:re).
flao:, fle:r, flo:, "fle:ge
.

Sjette klasse. Vokalskifte: ao (a) - e- ao (e).
fao:, fao:r, fekk, faott.
"halda, 'helde, helt, "helde

Verbet har berre ei talform: eg skrive, me skrive. Ikkje som t. d. på Voss, der dei seier: eg skrivi, me skriva. 

Sterke perfektum partisip på -en vert bøygde i kjøn og tal:
hann e: "kåmmen, ho: e: "kåmmi, da: e: "kåmme, dai: e: "kåmne .

 

ADVERB, PREPOSISJONAR OG KONJUNKSJONAR

Stadsadverb : da:r, he:r, kå:r; kå:r bu:r du:?  

Tidsadverb : "endao:, dao:, fø:r, no:

Gradsadverb : 'framifrao:, sers, "se:rlaga, svert : Dette va sérlaga (eller framifrao) go'e eple.

P r e p o s i s j o n a r : "Itte, får (fY:), fram"fYre, frao:, "fYre, 'jø:no, jao:, i:, mo:t, me:, "mYdlo, o:r, pao:, tI:, "Unde, "u:tan,"Yve, aott, "aottme:

K o n j u n k s j o n a r : "bå:de - å:g, "antan - 'elde, "kårKe - 'elde, 'elde , og mange fleire, på lag dei same som i vanleg nynorsk. Tidskonjunksjonen nao:r vert ofte brukt når ein på nynorsk og bokmål burde sagt då (da): Naor me kom heim, fekk me mat mæ ein gaong. Soleis er det i mange bygdemål på Vestlandet. 

Utropsord: Titte meg!

Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Inhaltsverzeichnis: Foto | Bauernhöfe | Almenhöfe
Valid XHTML 1.0 Strict