Stadnamnteigen - Frå Pridlao nr. 1 1999

Stølen Flateng. Til venstre viser Jamnabakkane og Nummestolane i bakgrunnen.

I det fyldige jordbruksnummeret av Pridlao (nr. 1 - 1996) vart det starta opp ei stadnamnsspalte under dette namnet, der ein ville trekkja fram stadnamn frå heile kommunen og skriva litt om dei, det kunne vera tolking av namnet eller berre ei artig eller interessant historie som knytta seg til namnet. Den gangen vart det ikkje meir av det, men no prøver me igjen.

Denne gangen vil me sjå på tre namn, der tolkingane går utfrå høvesvis språklege tilhøve, kulturhistorie og ei gammal opphavssegn.

Me håpar at lesarane vil sei frå eller gjerne skriva inn dersom dei er usamde i våre tolkingsframlegg. Med dette for auga vil eg hoppa i det med å leggja fram ei alternativ tolking til eit namn som Kjell Bergfjord tolka i 1996, so får andre vurdera kva for ei tolking dei held for å vera mest truverdig.

Klyv
Namnet blir uttala med open y som i skyr, surmjølk. Det er gjerne like rett å skriva Kløv, men eg held meg til bygdeuttalen i dette tilfellet.

Klyv er opphaveleg navnet på den gamle vegstubben som gjekk mellom Orvedal og Hagen under Hove. Den ubundne formi til namnet fortel oss at det er gamalt, truleg frå før svartedauden då språket endra seg mykje. På denne tidi skal Øvregardane på Ovrisdalen ha hatt øyravegen sin - eller sjoarvegen som d ei sa før - over Pridla, so det var berre dei nedre gardane som hadde vegen sin gjennom Klyv. Dette skal me komma attende til.

Bergfjord tolka namnet til å ha samanheng med norrønt klyfja som tyder å kløyva, og sikta då til vegskiljet i Klyv, der ein veg går opp til høgdegardane og ein vidare ut i Orvedal. Eg har ingenting å utsetja på denne tolkingi, men det er ei anna som eg finn meir sannsynleg.

Det norrøne ordet klif n levde side om side med ordet kleif f, og dei hadde omlag same tydingi. Etterkvart blei det fyrste trengt ut, og i dag kjenner me berre ordet kleiv. Dette ordet blir brukt om ein veg eller sti opp og over toppen av ei brattside, gjerne med stor stigning. Ofte er det ilt å ta seg fram på desse stadene, og ordet heng då ogso saman med verbet kliva eller klyga/kljuga som me seier her.

Namnet Klyv skulle då komma av norrønt klif. Språkleg er dette greitt; den opne y'en er vorten til ved at v'en har drege vokalen etter seg framover i munnhola, eit fenomen som kallast labialisering.

Frå Voss og Granvin kjenner ein gardsnamnet Klyve eller Kløve som har same opphavet. Den ekstra e'en fortel oss at desse namni er stivna i dativ.

Når det gjeld naturtilhøvi ser denne tolkingi ut til å høva svært bra. I den ytste enden av Klyv går vegen opp eit bratt parti før han flatar ut og går utover mot Orvedal. Før her vart opparbeidd skikkeleg veg må dette ha kunna kallast ei kleiv. I tillegg må me førestilla oss kven som har gitt namnet. Som sagt var det dei nedre gardane på Ovrisdalen som hadde veg her. Når dei kom utafrå gjekk dei over store flatar i Orvedal, gjennom Klyv og so igjen over dei vide slettene i Flatbygdi. Kva er vel då meir særmerkt for området Klyv enn nettopp den ille vegen gjennom brattene?

Jamnabakkane
Uttale: [jab`nabakkadne].
Jamnabakkane er nokre slette bakkar som ligg ovanfor fjellstølen til Grønsberg, Flateng, ved foten av Nummestolane. Det er freistande å tru at fyrsteleddet i Jamnabakkane er adjektivet jamn, og dette passar ogso godt til skapet på bakkane. Men viss det var tilfellet, skulle me forventa at det heitte Jamnebakkane med e som bindevokal i staden for a. Dette er fordi den svake adjektivsbøyingi krev e-ending: "dai jabne bakkadn".

Dette sender oss på leit etter andre løysingar, og me finn at jamna kan vera genitiv av plantenamnet jamne. Før me går vidare inn på dette hoppar me 257 år attende i tid, til 1742: Den "17de Søndag efter Trinitatis" 1742, som tilsvarer 16.september, vart Anna Jonsdtr. Nummedal gravlagd, og klokkaren David Fredrik Orning gjorde seg flid med å skriva litt meir i kyrkjeboki enn berre dei vanlege statistiske fakta: "Gravf[æsted] Anna Joensdatter Nummedahl som udi hendes Sinds Uroelighed var gaaet oppaa Fieldet for at hendte eet slags Farve-Gras kaldet Javne, og der mueligens døde av Frost, gl. 63 aar."

Dette "Javne" som Orning nemner er fargeplanta jamne. Ho tilhøyrer kråkefotfamilien og har namnet etter dei lange, jamtjukke skoti som ho sender bortover mosedekket. Planta vart tidlegare brukt til farging av garn og gav gul eller grøn let. Viss ein blanda ho med urin fekk ein ein fin blåfarge, men dette var visst ikkje so populært blant dei finare naser i bygdi. I tillegg til dette vart ho brukt til letafeste, dvs. for få andre fargestoff til å setja seg betre i garnet.

Det er nok dette som er fyrsteleddet i namnet Jamnabakkane. Om det var her Anna Jonsdtr. Nummedal skulle sanka jamne får me nok aldri vita, men med dette kan me i alle fall sjå det som sikkert at denne planta vaks og vart hausta på Seljadalen.

Botilosen - Rappen
No tek me turen til fjells, til ein av dei mange vakre og lettlege stølane i Arnafjordfjelli. Men historia me skal høyra er ikkje so lettleg.

Den tronge osen midt på Stora Rappavatnet ber namnet Botilosen. Namnet kan høyrast framandt ut, i alle fall for yngre, men det knyter seg ei opphavssegn til det.

Det var ei budeia i Rappen som heitte Bothilda. Ein kveld ho fylgde kyrne heim til mjølking, ville ho ta snarvegen over osen for å sleppa gå rundt. Ho kunne ikkje symja, so ho tok godt tak i ei kyrarumpa og læt kui dra. Men jenta misste taket, og ho drukna. Sidan fekk staden namn etter ho.

Når det gjeld dette namnet Bothilda, var skrivemåten i eldre tid alt frå Bodil og Bodhilde til Botil og Bothilde, men bygdauttalen var Bothilda [bou:t`ilda], med same trykk og tonelag som Ragnhilda og Gunnhilda.

Men kven var denne jenta? Ho må ha vore frå Ner-i-gardane i Indrefjorden, Fretteim og Kjelven/Botn, sidan det var desse som stølte i Rappen. Den einaste Bothilda me har funne herifrå er i skriftene kalla Bodil Lauritzdtr. (Larsdtr.) og er nemnd midt på 1600-talet. Ho var dotter til bonden på Fretteim, men me ser ikkje noko meir til henne. Det er ingen ting i vegen for at dette kan vera vår Bothilda, men me må vera veldig forsiktige med å slå fast noko på so spinkelt grunnlag.

Når me fyrst er komne so langt til fjells, kan me sjå litt på namnet Rappen. Olav Skjerven set namnet i samanheng med det islandske hrappur som tyder ublid, vill, og nemner at stølen skal vera noko ublid om ikkje vill.
Kanskje kan namnet heller stå i samanheng med det nynorske repp, lite bygdelag, rekkje av gardar.

I samband med dette kan me fundera litt på kor gammal stølen er. Garden Fretteim er nok saman med Åse mellom dei eldste gardane i Indrefjorden. Det som er løgje med namnet Fretteim er at det ikkje har noko med ordet heim å gjera. Gamle skrifter tyder nemleg på at sisteleddet er det norrøne vin, beite, naturleg eng, og at endingi heim er noko som har snike seg inn i uttalen i dei seinare hundreåri. Men aldri so gale at det ikkje er godt for noko; endingi vin viser at Fretteim er ein eldgammal gard, gjerne frå dei fyrste 5-600 åri etter Kristus.

Viss stølen Rappen er i nærleiken av å vera like gammal, kan me rekna med at han låg nokso åleine der ute i fjellet. Rappen kan altso rett og slett tyda den staden der det var bygt hus.

Torstein Hønsi



2000-2020 © Torstein Hønsi