Stadnamnteigen - Frå Pridlao nr. 2 2000

Løyningshagen

Løyningshagen er heimestølen til ein del av Trytis-gardane. Han ligg litt oppe i den slake lii ovafor Brennene på Bøadalen, der Tryti har nokre eigedommar som heiter Hagateigen etter stølen. Folk på Tryti uttalar namnet "lå:ningsha:jen (skrivst Lòningshagen - bokstaven å skal berre brukast der vikjauttalen er ao), og tidlegare har namnet vore forsøkt å tolka ut frå denne uttalen. Ingen har funne noko løysing på kva lòning kunne tyda. Men den eldre og opphavelege uttalen er den som folk på Fjærestad bruker enno, nemleg låi:ningsha:jen. Lange ord og namn er nett som klede og skor; dei blir nedslitne av å bli mykje brukte. Soleis har trytisene brukt namnet på heimestølen sin so ofte at den fyrste diftongen har vorte sliten ned til ein monoftong. På Fjærestad - og gjerne andre stader òg - hadde dei ikkje so mykje å sei om Løyningshagen, so diftongen fekk vera i fred.

Lokalkjende folk kan fortelja at det er fleire namn i området som heng saman med Løyningshagen. Ein fin, turr og graskledd flat som ligg rett ovafor Rosheim og som viser godt frå Flatbygdi, heiter Løyningsflaten. Der er det spor etter eit stølsgjerde og minst ei tuft, sjølv om ingen veit om at det har vore sel der. Innegjorde slåtteteigar i utmarki kalte dei stølsgjerde anten dei låg ved stølen eller ikkje. Ovafor Løyningsflaten heiter det Løyningshaugane, og nokre fossar i Sjurgrovi heiter Løyningsfessene. Rosheim, som før var eitt bruk, hadde vår- og sommarstølen sin på ein flat oppå Løyningsfessene om lag 500 m opp i lii frå Løyningshagen. Me veit ikkje kor lenge det er sidan, anna enn at dei hadde fått seg stølsrett i Ygnesdal før 1816. Elles ser det ut til at namnet Løyningshagen har femna om eit vidare område før. I eit par forlikssaker på 1830-talet er det sagt at heimestølane til Fjærestad og Rosheim ligg i Løyningshagen, medan namnet i dag berre blir brukt om Trytis-stølane.

Alle desse Løynings-namni må tyda på at heile området eller ein stad i området ein gong har vore kalla Løyning(i). Tydingi av dette namnet er grei; det er det nynorske ordet løyning f 'skjul', som siktar til bortgøymt lægje og heng saman med verbet løyna 'gøyma'. Løyning og Lønning, som har same opphavet, er vanlege gardsnamn frå Vest-Agder til Hordaland. I Lærdal er det ein stad som heiter Løyningane, og det heiter òg heimestølen til Tue i Balestrand.

Ved fyrste augekast er det vanskeleg å tenkja seg at Løyning(i) har vore so vekkgøymd. Sett frå Flatbygdi og Bøadalen ligg dette partiet i lii ope og fritt og vendt mot bygdi. Men sett frå Rosheim ligg Løyningsflaten, Løyningshaugane, Løyningsfessene og Løyningshagen i skjul litt attom eit høgdedrag, og dette er nok forklaringi på namnet.

Skadvatnet (uttale 'ska:vatne) er eit namn som finst fleire stader på Vikjafjellet. Felles for alle desse vatni er at dei ligg ei fonn ut i vatnet til langt ut på sommaren. I Hans Ross si ordbok står ordet skad m forklart som 'husdyr som er drepe anten av skadedyr eller ved uheppe'. I vårt tilfelle er husdyri drepne ved uheppe ved at dei har gått for langt ut på fonni. Fonni har breste og dyri drukna og gitt vatnet namn. Stadnamn på skad- er veldig vanlege elles i fylket, og dei fortel alltid om ulukker, helst om beist som har drepe seg. Typisk for desse stadene er at det er bratt og ulendt, store elvar, skredfåre osv. I stadnamninnsamlingi frå 1985 fortel Lars M. Ese om ein stad i Balestrand som heiter Skadfonn. Dette er ei fonn som ligg langt ut over sommaren. Ein varm sommardag gjekk ein heil bøling inn under fonni for å kjøla seg, men fonni brast og alle dyri vart drepne. Dyrsvatnet ved stølsvegen og turstien mellom Åsdalen og Hallsete har òg ei fonn liggjande langt ut på sommaren, og namnet fortel kan henda om reinsdyr som har lide same lagnaden som husdyri ovafor. I Barnavatnet (Rivedalsvatnet) på Flatfjellet har truleg ei langt meir tragisk hending funne stad. Når barn, som så mykje anna, blir nytta i stadnamn, er det ofte i samband med ei eller anna ulukke.

Torstein Hønsi



Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms