Stadnamnteigen - Frå Pridlao nr. 1 2000

Eilve-selet på Hest sett mot sørvest. Me ser fjellet Hestfjellet i bakgrunnen, og grovi til venstre kjem frå stølen Hestfjellet. Inn til høgre ligg Dagvatnet og dalen som fører til Åsdalen og Hallsetdalen. Det store hamralaget markerer ei geologisk grense i Vik. Vest for denne (til høgre i biletet) ligg det vestnorske gneisområdet som strekkjer seg heilt ut til kysten. Oppå denne gneisen ligg det fyllitt (flisastein) frå Hest-Åsdalen og vestover til Fossfjellet-Rambera. I denne grensa har isen og elvane fått tak og greve ut ein dal frå Hallsetdalen til Hest. Grensa kan fylgjast vidare i landskapet ned til Belhagen på Tenne.

Stadnamnteigen denne gongen skal handla om tre stølar som har fått namn etter eit fjell dei ligg oppunder, eit mannsnamn som ikkje er registrert andre stader enn i Vik og ein gammal støl på Seimsfjellet som vart forleten på grunn av bjørneplaga.

Hest
er fjellstølen til nokre bruk på Nese. Hest er eit vanleg fjellnamn mange stader, blant anna finst det i Balestrand rett aust for Nessane. På Feios-sida av Rambervarden heiter det Hestfjellet, sameleis eit høgt fjell i Sogndal. Namnet kjem anten av norrønt hæstr, høgst, eller so er det eit jamføringsnamn til dyrenamnet hestr. Kanskje har fjordingane sett likheiti til ein hest i formi på fjellet. Slike samanlikningar er vanlege, til dømes er fjellnamnet Havren (einstavingstonelag) ovafor Dale og Le ei jamføring til dyret bukk, som på norrønt heitte hafr. Kornslaget havre heng og saman med dette ordet; havre var bukkekorn. Bygdenamnet Hafslo, norrønt Hafrsló, tyder bukkesletta og Hafrsfjorden i Rogaland tyder bukkefjorden.

I alle fall kan namnet Hest frå fyrst av ha vore knytt til fjellet bak stølen, som i dag heiter Hestfjellet. Når dei byrja å støla her oppe har det oppstått namneforvirring sidan både stølen og fjellet heitte det same, og for å skilja ut fjellet har dei hengt på ei ending. Sidan har stølen Hestfjellet vorte bygd og på same måten fått namn etter fjellet.

Skjelingen er truleg eit anna døme på dette at ein støl har fått namn etter fjellet han ligg ved. Olav Skjerven skriv i bygdaboki at vossingane uttalar namnet sjerlinjen med tydeleg r, og dette gjeld og i Framfjorden. Han meiner at namnet kjem av skjerv, nake berg, (jfr. Skjørvo) med ei ending -ling. I Jølster er det eit skard som heiter Skrykklingen av skrukk, og elles nemner han Hegglingen på Dovre, "vatnet det veks hegg ikring" og Lenglingen, "Langevatnet" i Sørli. Skjerven trur namnet frå fyrst av kan ha vore knytt til Skjelingavatnet eller kanskje sjølve stølen.

Løysingi finn me i Framfjorden. Dei som stølte på Bjergane kalte Skjelinganosi for store Skjerlingen . Vetle Skjerlingen er det mindre fjellet ein kilometer vest for Skjelinganosi, 1128 m høgt. Det skulle tyda på at det var sjølve Skjelinganosi som opphaveleg heitte Skjerlingen, og at stølen - og sidan vatnet - har fått namn etter det markante fjellet. Å gi Skjelinganosi namn etter skjerv eller nake berg er heilt naturleg; ho stikk opp som eit grått og ufruktbart kvartsittfjell mellom grøne, kalkrike fylittfjell. Skjelinganosi er eit særmerkt landemerke både austover og vestover i fjellet, og det er ikkje so løgje at ho skulle ha eit gammalt namn.

Abnastøl eller Ådnastøl ("abnastø:l el. "aodnastø:l) er ein stad i utmarki til Tenål, på nordsida av Steimselvi like ved Tambsbruna. Her er ikkje støl no lenger, men namnet tyder på at det har vore det ein gong. I ei stadnamninnsamling som vart gjort av skuleborn i 1931 er skrivemåten Abnastøl brukt av to forskjellige gardbrukarar på Tenål, men i dag vil dei fleste sei aodnastøl. Det er greitt at det her er snakk om mannsnamnet Ådne eller Arne som det tradisjonelt har vorte skrive i Vik. Men stadnamnet leier oss inn på eit interessant spørsmål, nemleg kvar formi Abne kjem frå. Me veit at folk som skreiv seg Arne vart kalla Abne på Tenål, Seim og kanskje Stadheim, men elles i bygdi var det formi Aodne som vart brukt.

Dei danske skrivarane har ikkje oppfatta skilnaden på desse namni og skreiv begge for Arne. Andre døme viser ogso at namnekunnskapen var so som so blant dei danske embetsmennene, til dømes blei det gamle norske Sigmund/Semund blanda saman med det bibelske Simon. Aodne har utvikla seg lydrett frå gammalnorsk Árni ved at á>ao, rn>dn og trykksvak i i ending blir e. Men ein kjenner ingen døme frå dialektane at rn blir til bn, difor må namnet Abne ha eit anna opphav.

Kanskje kjem det av norrønt *Afni som kan vera ei samantrekkjing av Arnfinni, eller av det bibelske Abner som har vorte brukt som mannsnamn i engelsk.

Men mest truleg kjem det av norrønt Arnviðr som blei avstutta til Anve på Voss. Lydkombinasjonen nv er tung å uttala, og ein har fått omkasting til Avne. Vidare er det naturleg at uttalen blir Abne, nett som vossamålet sitt ravn tilsvarar rabn i Vik.

Namnet er ikkje registrert i nyare kjelder, og folk ved universiteta i Bergen og Oslo kjende heller ikkje til det. Men i biskopen Erik Pontoppidan si ordbok Glossarium Norvegicum frå 1749 finn ein namnet Avne, som biskopen har registrert i bolken "Fortegnelse Over De udi Bergens-Stift forefaldende extra-ordinaire Døbe-Navne". Håkon Hamre som har trykt opp att Glossarium Norvegicum og kommentert mange av ordi og forklaringane, meiner at Avne ser ut som ein feil for Auen (av Audun). Men når me veit at Abne var i bruk i Vik kan me gå ut frå at Pontoppidan si form var rett.

Via oppkalling kan Abne-namnet truleg førast attende til Anna Arnesdotter (1708-1777) som gifte seg i 1737 med Ola Guttormson Stadheim (bygdaboki s. 396). Dei er begge skrivne Fosse då dei vart vigde, men me veit i alle fall at Guttorm ikkje var frå Fosse, og me finn ikkje at Anna var det heller. Dei har kanskje vore tenestefolk der før dei gifte seg. Kan det vera at denne Anna var frå Voss og at son hennar, Arne Guttormson Stadheim (1737-1813) var den fyrste i Vik som vart kalla Abne?

Til slutt vil eg føya til noko om Midlang på Seimsfjellet som Synneva Holstad skreiv om i hovudoppgåva si (Pridlao 1/97). Ho meiner Midlang kjem av at staden ligg midtveges mellom Seim og øvste garden i Feios og at namnet opphaveleg har vore sett saman med Midlang- og eit substantiv, truleg eit apellativ for veg, stig eller liknande. Trygve Seim peikar på at ei gote i den gamle vegen heiter Midlangsgota, og dette er nettopp det appellativet Synneva Holstad sakna. På Midlangsflaten var det støl i gamle tider, men dei vart plaga med at bjørnen drap beist der og difor vart stølen flytta ut til Nyastøl. Tuftene på Midlangsflaten viser enno. Trygve Seim fortalde òg at i selet hans på Skorge er det sett inn ei fjøl i timra mot sør som dekker eit hol omlag 30 cm langt og ein 15-20 cm høgt. Det var sagt at dette skulle vera ein glugge som dei skaut bjørn frå.

Torstein Hønsi



2000-2020 © Torstein Hønsi