Stadnamn i Vik

Av Synnve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y

o

Vøym- eller vøyn-

['våim- el. 'våin-]

Namnet finst i Vøym- (Vøyn-) flaten i Refsdal. Staden ligg berre eit lite stykke frå den omtala Dvergarsteinen. På eit av bruka uttalar dei våim- og på eit anna våin-. Ei kone som har ord for å vera svært påliteleg når det gjeld nedervde tradisjonar, sa at den gamle uttalen var med m, men folk i bygda seier våin- namnet er i det siste vorte noko kjent. I alle høve finn me gn. v n i båe formene.

Me skal fyrst sjå litt på den formelle sida ved uttalen våim. Denne må gå tilbake på gn. veum, og namnet må ha vorte utmerkingslekk i Vøymflaten før m fall bort i dativ pl. Uttalen med øy må då vera eldre, og den uttalen må ha gjort at namnet ikkje vart oppfatta som nokon dativ. Namnet må den tid ha vore uskjøna og har vel falle or bruk ikkje lenge etter.

Uttalen våin- kan gå attende til ei form veøyna- samansett av ve n og øyna som er ei nyare samansetjingsform av eintal øy f. Kor gamal denne komposisjonsforma er, er uråd å vita. Ho kan gå attende til kasusoppløysinga på eit tidleg steg, men truleg er ho yngre.

Om Vøynflaten er eit opphaveleg Veøynaflaten, kan ikkje dette stadnamnet vera serleg gamalt, i alle høve ikkje eldre enn 150-200 år, og ein må spørja om namnet ville ha endra seg så mykje på så kort tid, i alle høve skulle ein ha venta aks. 2. Dessutan er det mykje tvilsamt om namnet Veøy ville ha klart å halda på den tostava uttalen i eit stadnamn som, truleg i lang tid, måtte ha vore bruka berre av i høgda eit par grender.

Ut frå det som no er sagt om det formelle- og ikkje minst på grunn av aksenten- må me tru at forma med m er den rette.

Kva seier så staden sjølv om namnet? Om den fyrste forma *Vum- = den freda staden eller heilagstaden, kan ikkje sjølve terrenget fortelja noko, men Dvergarsteinen med skålgropene vitnar om gamal kultus, altså om eit ve.

Den andre forma Veøyna- krev forutan utmerkingsordet ve også eit grunnord øy som namnet må ha vore knytt til. Ei slik øy måtte, slik ordet blir bruka i dag, vera laga ved at noko av elva laga ei sidegrein som så rann i hop att med hovudelva litt lenger nede. Noko slik øy er der ikkje no, og så vidt eg veit, er det ikkje merke etter noko forgreining av elva heller. Det einaste som kan ha heitt -øy her, er ein halvrunding som elva lagar, men ho provar i alle høve ikkje, øy i stadnamnet vårt, for det er berre svært sjeldan at slike stader vert nemnde med -øy. Eg kjem difor til at ikkje heller terrenget gjev serleg stort grunnlag for uttalen våin- og meiner at Vøymflaten er rette namnet.

o

Vala-

["va:la-]

Finst berre i Valanipen. Han er omlag loddrett på den kanten som snur heim mot Ovrisdalen, på dei andre sidene er ikkje fjellet så bratt.

Namnet kan ein mest einfelt tolka av gn. volr m = falk. Her kan vel ha vore falk ein gong i tida.

Ein kan og tenkja på valar gen. av gn. valr m = rund kjepp. Appellativ som stang, stokk, stav o.l. blir stundom bruka i stadnamn for å uttrykkja at noko er beint og bratt. Jamf. Stangebrekka, Pilagalden og uttrykket "stangande bratt". At det stupbratte Valafjellet kunne få eit slikt namn, er rimeleg. Stomnen i val- finst (etter Hellquist) i tydinga rund kjepp, stang i svært mange språk (t.d. latin vallus = påle, samskrit valas = stang, bjelke).

o

Ve-

['vI:-]

Veberg ligg øvst i Fjærestadlidi, eit stykke ovom skoggrensa. Det er difor så godt som utenkjande at staden kan ha fått namn etter gn. vidr n = tre på rot. Her er verhardt og snøfast. Vebergsfonni er den siste fonna som fer om våren på denne kanten av bygda.

Ut frå naturtilhøva er det difor svært tenkjande at namnet kunne koma av gn. vedr n = vind men formelt er det lite truleg at den korte e'en i vedr, gn. kort e blir no alltid uttala e, skulle ha fått uttalen i.

Eg trur at utmerkingslekken er den same som gn. v n = heilag stad, offerstad, og at Veberg er ein offerstad som har vore vigd jakt og fiske. Noko prov for at det er så, har eg ikkje det kan berre etterøkingar og utgravingar gje. Men der er i alle høve teikn som peikar i den lei. Staden sjølv som er ei fin grashole framfor det bratte berget. Herifrå er det utsyn over heile Bødalen og Flatbygdi. I ein stein som ligg ved vegen opp til Veberg, er det funne to runde, djupe holer, truleg skålgroper. Kanskje kan Sporsvoi (sjå det) og gje prov for at heiden kultus har vore knytt til Veberg.

o

Venn-

[venn-]

Venndalen er innmarksnamn på Halrynjo. Staden ligg nedom heimehusa, og er noko av beste bøen no.

Fyrste lekken kan vera adjektivet ven = fin, god, jamfør gn. vænn adj. = som ein ventar seg noko av (serleg godt). Ut frå terrenget høver tydinga "den marka (åreren) som ein ventar seg noko av" godt. Men formelt er namnet vandt å forklara me måtte i så fall ha adjektivet vænn i stomnform. Jamfør Beito: Norske Sæternamn, der han har adjektivet ven mange gonger, men berre i linn form.

Ein kunne og tenkja på app. vend f, men det er vandt å få noko tyding av det (av dei som Aasen og Ross har) til å høva på staden. I dialekten har me no berre vende f = gong, tur.

Venn- må, som eg trur, helst forklarast av vind m, gn. vindr m, der me fyrst har fått nd assimilert til nn framfor ny d og dinæst i lægd til e.

Erik Brevner har i "Nrkes Sjønamn" (s. 173) ven f = engmark, slåttemark, men å jamføre vårt einstaka venn-, og det til og med i eit innmarksnamn og utan stønad i andre meir nærliggjande kjelder, med dette, synest umogeleg.

o

Veta-

["vI:ta-]

Vetahaug er ein rund fjelltopp på Seimsfjellet. Herifrå er det utsyn både langt inn og langt utover fjorden. Namnet kjem visseleg av gn. viti m, og stadnamnet er eit minne om den tid dei heldt landevakt her og varsla ufred med bålbrenning.

o

Vill-

["vIdl-]

Villøyane heiter nokre flater i fjellstølen Sendedal. Her greinar Sendedalselva seg ut i eit nett med djupe ålar som lagar øyane.

Vill- kan me visseleg føra attende til gn. villr adj. = villfaren, som ikkje tek rett veg. Men truleg går ikkje vill- attende på adj. villr men på villa f, for ei samansetjing av adjektivet vill og substantivet øyar gjev ikkje god meining. Det gjer derimot øyar og villa f, anten ein no tenkjer seg villa som mann på den forvildra elva her, eller på heile den opprevne staden med øyar og ålar.

o

Voke-

["vå:ke-]

Ein par hundre meter i frå ligg Vokeskorane. Det er nokre bergufser med store hillerar innunder. Her må vaktmannen ha hatt tilhalde i kulde og styggever den stunda han skulle passa veten.

o

Vorr-

['vårr-]

Vorrberg heiter eit berg, og også ein teig, i utmarka i Refsdal. Fyrstelekken er visseleg vor m som Aasen har = "en høi Banke af Steen eller Gruus, f.ex. efter Jordskred". Her er nettopp slike jordrygger i terrenget. Formelt skulle me ha venta ei form *vara- eller *varar-, men ordet må vera i stomnform. Som samanlikning kan eg nemna at Indrebø i "Norske Innsjønamn". Busk f. s. 214 meiner at namnet Vorsetvatnet (uttale med både aks. 1 og 2) truleg kjem av vordu gn. til gn. varda f = bergrygg. Både aksenten og terrengtilhøva talar i mot at Vorr- i Vorrberg kjem av vordu. Men dei må koma av same rot og opphavleg ha tydd det same: Ei opphøging i terrenget av stein, grus eller jord. Mogeleg er rota den same som i gn. (varda vb og) vardi m og vord m og varda f blir då jamføringsnamn til den fyrtnemnde som altså har tyding "steinhaug ihopkasta til merke eller vern"

Torstein Hnsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms