Stadnamn i Vik

Av Synn°ve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y

o

Sæ-

['se:-]

Eit stykke ovom bøgarden på Skjørvo er Sæberg, og sameleis har me Sæberg nokså langt nede i Tenålsmarki. Likevel kan det vel tenkjast at utmerkingslekken er gn. sætr n, og namnet fortel då at her har vore mjølkeplassar ein gong i tida.

Men ein anna forklaring har visseleg meir for seg. I gn. finn me - sær adj. i samansetjingar som langsær = som ser langt frå seg, audsær = som er lett å sjå og einsær = det einaste å sjå, det einaste å velja. Sæberg tyder sikkert berget som ein ser ifrå, der ein har god utsyn t.d. heim att til garden. Slik er det på båe desse stadene.

Grunnordet berg gjer stønad til ei slik tolking, for eit berg gjev til vanleg god utsyn, medan det ikkje høver særleg bra som samle- og mjølkestad for krøter.

Sæ- har me også i Sæbrekka som er toppen av ein bratt bakke mellom Seim og Tenål i den gamle vegen frå Vetløyri til Seljadalen. Det er mest truleg at sæ- her og kjem av adjektivet sær, det er i alle høve godt utsyn herifrå. Sæ- kan her formelt og reelt og vera sæ-, stomnen i gn. sær m, for dette var vegen til sjøen for gardane på denne kanten av bygda. Denne vegen blir kalla Sjoarvegen, og eit stykke lenger nede i vegen mot sjøen er Sjoarreina. Men at Sjoarvegen av gn. sjˇr m skulle ha eit namn i vegen av gn. sælr m, er vel lite truleg.

o

Seljer

["selje:r]

Seljer er ein teig på Midlang. No er han dyrka, men før var her berre utmark.

Siste lekken er truleg gjerde med apokope i trykkveik stode. Utmerkingslekken kan vera sel n eller selje f. Sidan staden ikkje ligg langt frå heimegarden, er det lite truleg at her har vore noko sel. Sel- må då koma av selju gen. sing. eller selja gen.pl. av gn. selja f. Her veks mykje selje.

o

Si-

["si:-]

Eit anna opphav må si- i Silegene (silegedna) ha. Det må ha samanheng med siga vb, gn. siga. I målføret har me og sig n (sig) som må vera ei avleiing på pret. partisipp-steget sý må vera laga på presenssteget. Målføret har og silendt adj (sýlent), (Aasen har sidlendt adj), med tyding våtlendt, der si- må vera same ordet som i Silegene. Silegene er ein flat under ein bakke, der skal ha vore våtlendt.

o

Sid-

['si:-]

Sidskar er eit djupt skar som strekkjer seg frå Skjelingavatnet i sør, nordover om fjellryggen og ned att på sørsida av denne fjellryggen. På sørsida renn ei lita grov i skaret, Sidskar-grovi, på nordsida er skarbotnen berre stein og urd. Me kan nok trygt rekna med at der er skaret sjølv som fyrst har fått namnet, og det må koma av gn. sid adj = sid, langt nedhangande. Truleg er førelekken i stomnform slik samansetjingar med adj. som endar på trykksterk vokal, ofte er. Skaret har visseleg fått namnet fordi det grev seg langt ned i terrenget, det er sidt, (jamf. at Aasen har sid i tydinga lågtliggjande).

o

Skin-

["sjInn-]

Skinbotn er ein liten dal i fjellstølen Sendedal. Her er svært avsølt, så namnet han ikkje ha samanheng med gn. skina. Lite truleg er det og at det kjem av skinn n, staden er ein vanleg rundvoren dalbotn.

Til grunn for namnet ligg sikkert skin n til skina vb som blir bruka når krøtera spring for å søkja avkjøling på ein kaldare stad. I Skinbotn er det mykje skugge på grunn av dei bratte fjella rundt.

Til samanlikning kan eg nemna at O. Beito i "Norske sæternamn" tolkar Skinlisæter i Rauland av skina i denne tydinga.

o

Skir-

[]

Eit flisaberg i bakken over Skjørvo-tunet heitte Skirsteinen, det er vekkmint no. Skir- kan visst berre vera gn. skir (adj. til skira) som kunne tyda klår, blank. Når den blåvorne flisasteinen er våt, blir han blank og skinande, truleg er det såleis steinen har fått namn.

o

Skjekrene

["sjekredna]

Skjerkrene er innmarksnamn på Brekke. Her gjekk ein gamal køyreveg før "nyevegen" vart bygd. Namnet må vera samansett av skreid n og ekre f. Skreid tyder her truleg veg, køyreveg mellom årkane på ein gard (Aasen s. 665), jamf. gn. skeid n m.a. i tydinga laupebane, avstand ein må springa i eit laup.

Å tolka namnet slik at det fortel om at her ein gong har vore tevlingstad for laup og riding, vert berre gissing. Vid og flat mark hadde dei ikkje å røra seg på i alle høve, ingen veit heller å fortelja om noko slikt.

o

Skjel-, Skjeldar-

["sjel-, "sjeldar-]

Det fyrste har me i åkernamna Skjelbreii (Hopperstad) og Skjelbreia (Åse), det siste i fjellnamnet Skjeldarkol. Utmerkinglekken er skjaldar gen. av gn. skjoldr m. Det er interessant å sjå kor mykje meir omforma namnet har vorte som innmarksnamn, truleg fordi det då har vorte bruka ofte av få, medan det som fjellnamn har vore nytta av mange fleire og langt sjeldnare av den einskilde.

o

Skjeldarkol

["sjeldarkå:l]

Skjeldarkol er den 1300 m høge fjellrana aust for fjellstølen Fyrjane.

Utmerkingslekken er, som nemnt, skjaldar, gen. av skjolder. Grunnordet derimot er vandt å tyda. Det kan ikkje vera koll m gn. kollr m, slik det før har vore tolka, og slik det og er skrive på kartet. Mot det talar for det fyrste uttalen -kål, me måtte ha lov å venta -kodl, særleg når eg kjem i hug at dette namnet har endra seg lite utmerkingslekken har gammalnorsk form bortsett frå den progressive j-omlyden. No er me og så heldige at me har koll m = gn. kollr m i ěyarkoll (åiarkodl), som er namn på ein stor, rund haug nede i bygda. Dette namnet må også vera nokså gammalt å døma etter genitivendinga, den ubundne forma og at grunnordet ikkje lenger finst i målføret som appellativ. Om ein endå vil føra -kol attende til koll, nektar fjellet sjølv ei slik tolking, Ein fjelltopp, haug e.l. som har namnet koll, har no i alle høve eit noko rundvore skap, (jamf. koll bruka i andre ord t.d. kolle f. i ymse tydingar, kollet adj. o.l.) Hellquist har ei germ. rot *kulna = hovud og frå sanskrit gula-, gulika = kule, hovud. Skjeldarhol er ein lang, kvass fjellrygg, som også er høg og bratt.

I "Norske Innsjønamn" Busk f. s. 102 forklårar Indrebø namnet Kolsjø av kol n "siktande til myrk lit". Likeeins vert ein del gardsnamn og elvenamn i G.N. tolka på same måten. Denne tolkinga høver nok som utmerkingslekk, men som grunnord i namnet på eit stort fjell er gn. kol verre å forklåra, om då ikkje det åleine opphavleg har vore namnet på fjellet. Helst skulle ein då ha venta eit suffiks knytt til stammen - Falk & Torp og Hellquist har røter på -l. Ei slik tyding er kanskje likevel mogeleg: Eit så pass ruvande fjell som attåt ligg ved eit dalføre der jegeren naturleg nok må ha lagt vegen sin, har tidleg tronge eit namn. Utmerkingslekken Skjoldar - må, trur eg, høyra til ei etter måten sein tid truleg var han ein gong eit rosande "motenamn", og visseleg ei tid noko etter at skjolda hadde spela ut si største rolle (jamf. at Skjelbreia og Skjelbreii er namn på dei største og beste åkrane på garden).

Hallquist meiner at noko adj. kolr ikkje har funnest, og om namnet vårt var laga til adjektiv-stomnen, måtte me - som før nemnt ha venta ei suffiksavleiing til stomnen. Kan då -kol vera eit jamføringsnamn til gn. kol n? Det synest unekteleg rart at det høge, bratte fjellet skal ha vore samanlikna med ein oskedunge e.l. men det er mogeleg at det er berre fargen som har tydd noko. Og dersom Hellquist har rett i at adjektivet kolr ikkje har funnest, må kol- vera eit jamføringsnamn som førelekk og, og då blir det ingen skilnad på kol- og -kol.

Skjeldarkol er mest berg og urd så namnet høver. Det kan likevel- etter mi meining- vera grunn til å stella seg tvilande til ei tolking av Kol- av gn. kol n som skal sikta til fargen på staden. I gn. har eg ikkje funne eit einaste døme på kol som førelekk til eit substantiv i den tydinga. Aasen har kolmyrker n, koldjup n og kol- i ein del plante-namn, (men kva kol-er der, torer eg ikkje seia), Ross har dessutan koldjuv n = botnlaust djuv. Me legg merke til at tydinga er kol- her er "som er så mørk, djup at ein ikkje ser i gjennom". Desse orda er i alle høve ikkje noko prov for at kol n har vore bruka som utmerkingslekk til substantiv for å fortelja om mørk let. Derimot tyder kanskje personnamna Kolbrande og Kolbjørn o.a. på ein slik bruk av kol- men også her er det rom for andre tolkingar-. Det må såleis vera grunn til å spørja om ikkje kol i ein del av dei stadnamna som har Kol- som utmerkingslekk, må gå attende på eit ord som har vore bruka til å karakterisera skapet på staden.

Personleg meiner eg at -kol i Skjeldarkol og uvisseleg Kol- i andre stadnamn og, er av same stomnen som gn. k¨la f = "Hævelse, hvad den haver sig ud eller frem af den elles jævne Overflade" (Fritzner), og som me i dag i norske målføre (m.a. i Vik) har i forma kul m med same tyding. Hellquist fører desse og ein del andre m.a. gn. kjˇll m attende til ei ind.germ. rot gu - som er utvida med l og med grunntyding "vera kvelvd". Ordet har i sume språkgreiner fått tydinga konveks i andre konkav bøying -kol har me då fått ved a-omlyd av eit germ. kula.

o

Skjelingen-

["sje:lingjen]

I fjellstølen Skjelingen har eit bruk på Midlang og eit i Bø stølsrett. Stølen ligg svært høgt, over 1000 m. o.h. Eit stykke i frå ligg Skjelingavatnet, det er eit langt og etter måten stort vatn. Mykje tyder på at denne stølen må vera yngre enn dei fleste stølane frå Vikjafjellet: Han er seint buen, her er svært verhardt, og det er langt til bygda. Det er mykje truleg at stølen opphavleg har høyrt til Arnafjord, i alle høve veit ein med visse at det eine bruket (Bø) har fått stølsretten anten som fadder- eller bryllaupsgåve.

Slik stølen ligg til, er det rimeleg å tru at frå fyrst av er det vatnet som har heitt Skjelingen. Suffikset -ing, -ling er og svært vanleg i innsjønamn (sjå "Norske Innsjønamn" Uppl. f. s. 251, 252 og 253).

Stomnen er truleg det same ordet som me no har i skarv n og skjerv n = nake berg. Om stomnen er skarv med i-omlyd frå suffikset -ling eller skjerv, er uvisst, vel helst det fyrste. Det er mykje snaue fjellhamrar rundt vatnet, så tydinga høver godt.

Ei anna mogeleg tolking er gn. skil n, det vil seia vatnet som skil mellom Vik og Arnafjordfjella. Mot denne tolkinga står vossa-uttalen sjŔrlinjen, med tydeleg r.

Ein kunne og tenkja på gn. skin adj. = blank, klår. Det ville rett nok vera underleg om gn. i vart e i dialekten, endå om ein ikkje kan sjå bort frå ei slik utvikling i eit stadnamn. rart ville det og vera om eit så karakteristisk vatn- både når det gjeld form og omgivnad- skulle bli kalla det blanke, jamvel om det høver på vatnet.

o

Skolla-

["skådla-]

Denne utmerkingslekken har me i Skollamyri og i Skollabruna. Det har vore gissa på at Skollabruna har fått namnet av di steinen skulle vera henta frå Skollamyri for det finst ikkje noko namn Skolla- nær brua no. Men ved sidan av brua på Brekkesida er det eit par små, runde haugar med skrinn jord, på dei måtte skolle m, sideform til skalle m (gn. skalli m) vera høvande namn. Appellativet finst ikkje i Vik no, men Ross har skolle m i tydinga "tør, stenig Banke i Ager eller Eng" som beint ut er ei skildring av desse haugane. At namnet no berre finst i Skollabruna, heng vel slik saman: Innmarksnamnet som var nytta etter måten av få menneske, må ha gått ut or bruk av ein eller annan grunn - kanskje av di der kom nye folk på garden, på grunn av oppdyrking e.l. - i så måte har det fått same lagnad som så mange innmarksnamn, medan namnet på brua- for bru må her ha vore før og, om ikkje nettopp på same staden, så i alle høve like ved- overlevde for di det var bruka av så mange fleire.

Når det gjeld Skollamyri, kan det verta tale om fleire tydingar. Der er nokre fjellknausar rundt myra, så utmerkingslekken kan vera den same. Ein kunne og tenkja på gn. skolli m = rev.

Mest truleg er det at namnet kjem av gn. skolla vb = sveva, gynga, som finst i Volundar kvida. Namnet tyder då den gyngande myri, jamf. at folk no snakkar om hengjemyr, dissemyr og søkkjemyr. Opphavleg har kanskje namnet vore appellativisk bruka slik desse vert det no.

o

Skorge

["skårge]

Skorge er heimestølen til Seim. Same namnet er bruka som gardsnamn fleire stader. Der vert det forklåra som ei linn form av eit adjektiv. O. Rygh meiner adj. har vore *skorugr til skor f, medan S. Bugge fører det attende til adj. skordugr til skard n.

Ut frå naturtilhøva er det vandt å seia kva for eit av dei to adjektiva namnet vårt går tilbake på. Eit lite stykke nedom stølen er eit skar og her renn ei grov, og om namnet opphavleg har vore knytt til grova, må ho ha heitt skorduga f (obl. form skordugu). Er derimot namnet primært som stølsnamn, og det kan det vera for nokre små hamralag nedanfor sela og nokre ovanfor lagar som ei stor skor, kjem det truleg av gn. skorugr.

Der gardsnamnet Skorge finst i gamal form, er det skrive Skorgo, altså dativ sing. av *Skorga f, der ein d sjølvsagt kan vera synkopert saman med u'en.

Når det gjeld stølsnamnet vårt, kjem e'en truleg av gn. u, for trykklett gn. u får vanleg veiking til e, men det får trykklett gn. a så godt som aldri. Truleg går difor Skorge attende på eit lint hokjønnsord i dativ sing. Men det er lite truleg at ein støl (gn. appellativ stodull m, setr n, sel n) ville ha fått eit hokjønnsnamn. Difor meiner eg at det her er grunnlag for å tolka Skorge av Skordugu, dativ til grovanamnet Skorduga.

o

Skrubb-, skrubbe-

["skrUbb-, "skrUbbe-]

Finst i namna Skrubbhaugen og Skrubbehaugen. Båe stadene vert skildra som ulende med stein og brattskog. Truleg kjem namna av adj. skrubben som i Vik tyder svært lite fin (om folk) og kronglet, ulendt (om mark). Formelt kan det og koma av skrubb n eller skrubb m, (det siste helst bruka om lite fin mann, slik som skrubb f er eit ruske kvinnfolk)

Namnet har sikkert ikkje noko med skrubb m = ulv å gjera, og visst heller ikkje med plantenamnet skrubbær. Skrubbær er i alle høve ikkje nytta i Vik no, om det har vore i bruk før, veit eg ikkje. Skrubbær må også ha hatt aks. 1, medan namna her har aks. 2.

o

Sluppen

['slUppen]

Sluppen er namn på ei svært bratt og ulendt mark som går i ein spiss opp mot ein foss. Stomnen Slupp-finst i nokre få stadnamn (sjå "Norske Innsjønamn" uppl. f. s. 183)

O. Rygh held det for mogeleg at slupp- i gardsnamna kan vera ei sideform til slopp, gn. sloppr m = vid kappe og ei slik tyding kan tenkjast for vårt namn. Indrebø meiner at Slupp- i nokre av stadnamna kan tyde blaut, sleip, og sluppen altså staden der det er blautt, sleipt.

Sluppen i Vik er no namn på turr, steinet skredjord. Om Slupp- her skal tyda sleip, må namnet opphavleg ha vore knytt til nokre sva under fossen som jamleg held seg våte. Ei anna mogeleg tolking er at Sluppen frå fyrst av har vore namn på fossen. Slupp- kan vera same stomnen som i dansk slubbe vb = "tilsøle", norsk og svensk slubba vb = søla, svensk og islandsk slupra vb (norsk har slurpa, truleg med metatese), sjå Falk & Torp Etymologisk ordbok Band 2 side 216, 227 og 229. I målføret har me slupsa vb = skvetta, spruta og slupsa f = stor skvett, i overført tyding slag. (I avlydstilhøve står slapsa vb og slaps n).

Sluppen måtte då tyda den som sprutar og skvetter, slik fossen også gjer.

o

Sne-

["snI:-]

Snevegen er ein veg som går på skrå opp Prestbakkane. Ordet har vore bruka som appellativ om ein veg som går på skrå, til desse, men er visst borte no. Aasen har snidveg i same tyding. Ordet er truleg ei avleiing på preteritum partisipp-steget til gn. snida. Snid er funne i gamalnorsk berre med tydinga skjering f hjå Aasen har det og den særlege tydinga "skrå stilling eller retning" som me altså har her. Gamalnorsk hadde sneidigata f om veg som gjekk på skrå oppover ein bakke. (I dialekten seier me sniliss (snedlides) om å gå på skrå oppover ei lid.)

o

Snotte-

["snåtte-]

Snottehola var tidlegare eit lite bruk på Skjørvo. Frystelekken er sikker snott m som Ross har frå Sogn med tyding "en liden stump". No er det helst bruka som skjellsord: "Ein go'e snott", ein liten trave, og overført ein vesal fyr, eit inkjevetta. Jamfør også talemåten "å bli ståande som ein snott og ein snorete vott" - å bli til skamme.

o

Snyand

["sny:and]

Så heiter ein fjelltopp sør for garden Åse. Namnet må vera substantivert adjektiv, opphavleg presens partisipp av eit verb snya. Det finst ikkje i målføret no. Ross har (frå Sogn) snya = "drage Aande med Naselyd", pista. Staden har vel fått namn etter kvinande vind det vert sagt om han at "han er ein fæl vindplass".

o

Sola-, sol-,

["so:la-, "so:l-]

Ordet finst i Solasteinen - ein stor stein oppe i Tenolsmarki - og Solåkeren i Bø. På Solasteinen tende der jonsokbål før, vert det fortalt, og denne skikken må vera gammal, trur dei. Førelekken her må visseleg vera gn. sol f (gn. solar), men kvifor steinen er vorten kalla så, kan berre bli gissing. Der er ikkje noko anten med steinen eller lægjet hans som skulle tilseia eit slikt namn, for, så vidt eg veit er det ikkje funne skålgroper eller andre slag rit i han.

Når det gjeld Solåkeren, kan nok namnet koma av sol f. her og, og må då vera eit rosande namn, men det er vanskeleg å skjøna korleis denne vesle nordvendte åkeren skulle kunna få dette namnet. Truleg kjem det av gn. s˛li m = skosole, eit måta namn på denne åkermolen.

Solasteinen kan vel og ha fått namnet frå mannsnamnet S˛li som skal finnast i ein del gardsnamn. Namn på steinar kan nemleg vera gamle, jamfør Systeinen.

o

Sopande, Sopan

["so:pande, "so:pan]

Sopande heiter fjellet på austsida av Dalbotn. Det er verste skredplassen her er. I ěvstedal-lidi er Sopan, her og går mykje skreder. Namna må vera pres. partisipp av sopa, gn. s˛pa = sopa, raka. Sopande vert no bruka som både adjektiv og adverb "i ein sopande kave", i ein fæl fart, "det gjekk sopande", det gjekk svært fort.

Sopande og Sopan lyt ein tolka som substantiverte adjektiv anten i tydinga den skreda som sopar alt med seg, eller den som sopar kastar seg utføre.

o

Spela-

["spe:la-]

Finst berre i Spelavollane (Tryti). Heimelsmannen (80 år) opplyste at namnet visst måtte koma av at der er så fint der oppe. I dialekten har me uttrykket "spelande fin" = utifrå ven. Eg har aldri høyrt spelande bruka som adj. berre som adverb, men frå fyrst av var det kanskje adjektiv. I alle høve er det underleg korleis folk ofte "føler" tydinga i mange namn endå om ordet som appellativ er uskj÷na og ikkje i bruk meir.

Spela- kan og vera spela f som Aasen har med tydinga "en flad Splint, en lang og tynd skive af kl÷vet Træ" og måtte då sikta til lange, smale vollar.

Namnet kan og koma av spel n = moro, påfunn. Staden ligg rett nok langt frå folk, men kanskje kunne han nettopp brukast av den grunn.

o

Spors- eller Sporsmans-

['spårs-, 'spårsmans-]

Nokre svad i stølsvegen til fjellstølen Unnardal kallar dei på Fjærestad og Midlang no alltid Sporsmanssvoi, men han gamle Per Skjørvo meinte at staden heitte Sporssvoi, hermer sonen, Hermund Skjørvo, etter han.

Om Spors- er rette namneforma, kjem namnet truleg av gn. spor n = "-Sted hvor en har sat sin Fod og efterladt sig Mærke" (Fritzner). Når ein kjem i hug at staden ligg i stølsvegen, vert ei slik toking svært rimeleg.

Spor- i gardsnamn vert (N.G. II s. 54 Sporenes i Rauland) tolka i den særlege tydinga hellerit som ser ut som eit spor (etter menneske og dyr). Slik skal og garden Spor < gn. Uxaspor i Askvoll (N.G. B. 12) ha fått namn etter eit rit som framsteller eit oksespor. Om spor i vårt namn kan ha denne tydinga, får stå svarlaust - ei etterrøking av berget måtte til før ein kunne svara på det. Men freistande er det å tenkja seg noko slikt når ein kjem i hug at Veberg (sjå det) berre ligg eit lite stykke ifrå. Om meininga med innrita, magiske spor var å kalla dyra dit, kunne ein venta å finna dei på ein stad som denne.

Om namneforma Sporsmannssvoi skulle vera den rette, kan eg ikkje finna anna tolking på henne enn at ho må vera ei forvansking av tysk Spaziergang. Stølen Unnardal køyrer til prestegarden, og presten eller ein annan "storkar" kan vel ha bruka ordet som desse flate svada, så har einkvan snappa det opp så godt det let seg gjera, og namnet har vorte hangande med berget- det kan sjølvsagt ha vore forvanska seinare og.

o

Stads-

['stass-]

Stadshaugen eller Stadshaugane (Holstad) er nokre haugar med flatar oppå, som stikk seg fram i lendet- den eine haugen skal visst nok vera ein gravhaug.

Fyrste lekken kan knapt vera anna enn gn. stadr m trass i genitiv s'en. Ordet kunne då mogleg tyda stogg, rast men då staden ligg berre ein par hundre meter over det gamle gardstunet, ville det vera underleg om dei kvilte alt her men her er svært fint utsyn så tydinga er ikkje umogeleg.

Ut frå terrenget må ein helst tenkja på stad i den gamle tydinga "framstikkande stad", som me har i gardsnamnet Stadheim (gn.5), og som visst nok berre finst i stadnamn. Men om namnet var så gamalt, skulle me ha venta et det var mykje meir omforma. Genitiv s'en talar og mot at det kan vera så svært gamalt.

Den mest nærliggjande løysinga eg kan finna, er at ordet må da halde seg i tydinga "stad som stikk seg fram" i målføret, om det for det meste elles var kvorve i ein slik tyding slik at me ikkje finn det i gammalnorske skriftlege kjelder.

o

Stanga-

["staonga-]

Stangabrekka finst to gonger, båe gongene som namn på ein bein, kort og bratt vegabakke.

Fyrste lekken må vera stanga gen av gn. stong f, og gota har nok vorte kalla så fordi ho var bein og kanskje særleg avdi ho var bratt.

Når det i Vik seier at noko er stangande bratt, så er det på lag så bratt som det kan bli. Jamfør at gn. har stong også i tydinga stake, altså stang som står loddrett.

Stong f er etter K. Rygh utmerkingslekk i ein par elvenamn som han tyder den beine elva.

o

Staurars-

[steu:rars-]

Både Staurarsgota og Staurarsholmen (båe i Refsdal) må ha fått namn etter gn. staur(a) gardr m = gjerde av staurar.

Appellativet stauragard blir bruka enno, der er berre så lite å bruka det om, no er det berre nettinggard eller strenggard som han vert kalla. Her har me nok hatt stauragard i motsetning til sprakegard. Samansetjinga med - gota tyder og på at Staurars- må koma Stauragards-.

o

Stikkels-

['stIkkels-]

Stikkelsgarden var namn på ein teig i Bø. Der var mykje stein og krattskog der. Heimelsmannen (Anders Bø) trudde ikkje der har vore stikkelsbærbusker der, så namnet kan ikkje koma av det. Stikil m finst ikkje i målføret no, men Aasen har ordet med tyding m.a. pigg, torn. Truleg er det det me har i Stikkelsgarden, som vel har fått namnet på grunn av klungerbusker, bringebærbusker og andre stikkande treslag.

Gn. har stikil m om ytste spissen på eit kuhorn. Ordet må vera avleidd på presenssteget til stinga vb og laga med forminskings-suffikset -il<ila.

o

Stoppe-

["ståppe-]

Stoppeteigen var ein ulendt teig i Bø. Frå Fosse har eg notert Stoplestykke, og heimelsmannen fortalde at det hadde fått namnet fordi det var så stoplete der før, det vil seia fullt av holer og tuver.

På Tenål har dei Stopledalen, men der skjøna dei ikkje namnet. Stopledalen og var ujamn.

Truleg er det same ordet, adj. stoplet, me har i Stoppeteigen. Ross har stoplutt adj = "full av ujævnheder" (om mark, mose, vei), nett same tydinga som i dei nemnde stadnamna.

o

Svinke-

["svinke-]

Ordet har me i Svinkehaugen (Nummedal). Det finst ikkje i målføret, heller ikkje hjå Aasen og Ross. Gammalnorsk hadde svinka vb. = arbeida (Fritzner). Falk og Torp meiner det kunne tyda arbeida med møde, streva, og meiner det er lånt frå engelsk swincan med same tyding.

Svinkehaugen er nokså bratt, no er han dyrka, men han kan godt ha vore ulendt før og strevsam å slå.

Noko anna tyding er uråd å finna, om svinke f då ikkje er eit plantenamn eg har i alle høve ikkje funne noko slikt.

o

Svorte-

["svårte-]

Finst ein gong, Svortemyri på Rislåg. Aasen har svorta f = jarnhaldig sumpjord som kan brukast til fargestoff og svortemyr = myr som inneheld slik jord. Svortemyri har visseleg fått namn av same grunn. I Kyrkjebø (N.G. XII) er det ein gard som heiter Svortemyra.

o

Sy-

['sy:-]

To store steinar - ein i Bø og ein på Tryti - heiter Systeinen. Namnet er greitt, det kjem av gn. sřr gen. til syr f. Grisene har nok søkt ly bak steinen.

Syr, svin (gn. svin n) og gris (gn. griss m) finst alle som utmerkingsord i stadnamn svin oftast (8g.), gris berre 2 gonger.

Her kan stadnamn fortelja om korleis det eine appellativet har tevla ut det andre. Syr er heilt borte, ingen skjønar det meir, svin blir berre bruka som skjellsord, men er skjøna, medan dyreslaget no berre blir kalla med grisenamnet.

Torstein H°nsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms