Stadnamn i Vik

Av Synn°ve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y

o

Rambera

["rambe:rao]

Rambera er høgste fjellet i midte Sogn, 1624 m.o.h. Ram- finst i ei mengd norske stadnamn, og oftast blir utmerkingslekken tolka som gen.pl. av gn. hrafn m. - bera har vore tolka av gn. bjorg f, men formelt er ei slik tolking umogleg. Bjorg ville ha fått uttalen bjor, jamf. at alle kvinnenamn på -bjorg no blir uttala bjør. Dessutan er det utruleg at eit sterkt hokjønnsord skulle ha fått linn bunden form.

Formelt kan -bera tolkast av gn. -bergum, dativ pl. av berg n. Me kan tenkja oss overgangen slik: Gn. *Rafnabergum > Rambergo > Rambero. Ved kasusfallet har så -bero vorte oppfatta som linn bunden form - kanskje fordi det er berre ein fjellformasjon som heiter så - og har fått dativendinga -o ombytt med ao i staden for -adne som elles er det vanlege.

Det kan sjå ulogisk ut at ein stad fyrst får eit fleirtalsnamn og at dette namnet sidan blir teke for eintal, men når det gjeld dette fjellet, kan det - etter mitt syn - forklarast: Oppe på Rambera er det ikkje berre ein, men mange fjelltoppar. Desse fjelltoppane må fyrst ha fått namnet og i gamalnorsk tid ha heitt Rafnabergum, seinare vart dette namn på heile fjellformasjonen slik det er i dag. Etter at namnet hadde fått uttalen Rambero, skjøna ikkje folk det lenger, og sidan det no var eitt fjell som heitte så, var det naturleg å gje det den eintalsforma som låg nærast.

Ei anna mogleg tolking av bera er gn. beri m = bjørn eller gn. bera f = binne. Formelt kan -bera forklarast som dativform av beri, denne forma kan så under kasusforfallet vorte oppfatta som hokjønn. Fyrstelekken må då vera adj. ram, gn. rammr = sterk, kraftig, eller helst stor. (Jamf. Ramesletten i Fitjar N.G. XI med tolking av M. Olsen).

Slik fjellet tek seg ut nedanfrå Vik, ville det ikkje vera noko dårleg påfunn å gje det namn etter ein stor bjørn.

o

Renn-

['renn-]

Ein grovadal som skjer seg ned i dei yste Steimsreinene heiter Renndalen. Ei lita grov renn igjennom dalen.

Namnet er vandt å tolka. Det kunne tenkjast å koma av eit namn på grova av ein stomn *Renn- med same opphav som verbet renna. (Jamfør at til grunn for namna Renninganeset i Oppstryn og Renninganeset i Lånefjorden kan der etter N.G. liggja eit elvenamn *Renning). Grova kan vanskeleg ha heitt Renna, for då måtte me ha fått ei samansetjing med aks.2 av *Rennu obl. kasus.

Heilt ut kan me likevel ikkje lita på aksenten eit så gamalt namn som dette då måtte vera, kan ha fått aksentskifte. Ein kunne og tenkja på det førnemnde elvenamnet Renning. Ein så sterk synkope som Renningadalr > Renndal ville nok ha gjeve aksent.

Ei tolking av Renndalen som jamføringsnamn til renne f = eit langt uthola tre eller liknande til å renna vatn e.l. i - gn. renna f visstnok berre bruka om tid - støyter på dei same vaskane som eit grovanamn *Renna. Ja, vanskane vert heller større med di me måtte rekna med at ei samansetjing med renne f = vassrenne måtte vera yngre, og difor ville ha halde betre på aks.2.

Namnet kan og ha samanheng med rind, rinde m. I målføret har me rinde m (i samansetjing rinda-), og namnet blir bruka om lange, kvasse jordrygger i terrenget. Dei bratte reinene ned til elva utom Renndalen er svært innskorne og oppdelte, dei kan godt ha vore oppfatta som rindar for dei er mykje like dei stadene som har dette namnet. Namnet må då vera stomnform av rind (Aasen har rind f). Utviklniga av i > e kan forklarast som lægjing framfor konsonantgruppe, ei slik lægjing er rett nok uvanleg i dialekten likevel trur eg at ut frå naturtilhøva er dette den mest rimelege tolkinga på Renndalen.

o

Res-

[]

Resshaug ligg ikkje langt frå Skjekrene på Brekke. Fyrstelekken kan einfelt forklarast av res n. Men ein eldre uttale skal vera ryss. Dersom det er slik, har namnet truleg samanheng med gn. hyssa f = merr (Aasen har ryssa f).

På Hopperstad er åkernamnet Ryssa- der er og ein haug attmed, og på Hønsi har me ěykjahaugen. Alle desse stadene har lege eit godt stykke frå gardstuna. Kanskje viser namna til gamle slakte- og nedgravings- stader for øykjer. (Jamfør N. Lid: "Slakteskikkar").

o

Rivande-

["ri:vande-]

Rivandeflaten er ein liten skoglaus flat oppe i Tenålsmarki. Førelekken er visseleg presens partisipp av riva som i målføret kan tyda "arbeida raskt", "arbeida med ein vinn". Rivandeflaten vert då staden der ein riv arbeidet ifrå seg, med andre ord der ein blir fort ferdig med slåtten.

o

Ror-

[rår-]

Ordet finst i to namn: Rordalen på Brekke og Rorglennene i Nummedal, for siste namnet har eg og høyrt uttalen råirglennedna. Førelekken Rør-, Røyr- vert i N.G. svært ofte tolka av gn. reyrr m = siv (plantenamn). I Rorglennene veks det eit høgt, stivt gras som eit slag siv, og uttalen talar og for ei tolking av gn. reurr m her. Det same gjeld vel for Rordalen, om utmerkingslekken her då ikkje er gn rˇar, gen. av rˇ f = hyrne, krok. Det ville høva godt her, for Rordalen er nedste hyrna av garden Brekke mellom Hopra og merkesgrova med Tryti.

Igdar-
Torstein H°nsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms