Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

o

Note-

["nå:te-]

Denne føreleikken finst i tre namn: Det gamle namnet Notesete, no berre Seimstølen, Notedalen - ei svokk med ei lita hes i Refsdal - og Notedalen på Skjørvo.

Ordet kjem sikkert av gn. nota f = brennenesle, som i dialekten no blir kalla brennenota f, men Ross har nota f i såvoren tyding frå Sogn. Om Steimsstølen blir det sagt at der skal vera så fælt med brennenesle, og der hesa i Notedalen i Refsdal var gjerne mest fylt med brennenesle. Note- må koma av gen. notu til nata f.

o

Numme-

["nUmme-]

Forutan gardsnamnet Nummedal har me fjellet Nummestolane lenger ute på Seljadalen. Numme- kjem av *naumu- obl. kasus til Nauma som må ha vore namn på Seljadalsevi. (Namnet er forklara i N.E. s.171).

Fjellet kan ha fått namnet frå elva, men og frå garden. Fjellet ligg rett nok eit stykke utom Nummedal, men garden kan ha vore større før og kanskje femnt om heile dalen, bortsett frå den yste delen som då som no må ha tilhøyrt Hove - Vange der dei har hatt stølsdrift. Då så garden vart oppdelt, vart dal- og gardsnamnet berre gardsnamn, og Seljadalen der førelekken visseleg er selja gen.pl. av sel n- vart namn på dalen. Dalen har såleis truleg fått sitt noverande namn av vangingar og hovingar som har hatt sela sine her.

Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms