Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

o

Igdar-

["Igdar]

Igdarhaug er ein liten haug sørvest for heimestølen Gunnarsete.

Igda f finst i gno. som fuglenamn, Hægstad meiner det er eit slag meis. Aasen har igda som namn på erla.

Om genitiven er ekte - og det må me kunna rekna med i eit fjellnamn - må namnet koma av eit hokjønnsord igd som kunne vera sideform til igda f.

I Vik brukar dei igd n om noko som er svært tunt og lite, ofte i høve til det det burde vera. Ut frå naturtilhøva ville denne tydinga høva godt, haugen er svært liten samanlikna med fjellrana attmed. Om så er, må der ha vore ei eldre form eller ei sideform igd f. til igd n.

Hellquist fører igda f og igla f tilbake til ein germansk stomn *eg- med tyding stikka, noko stikkande. Er dette så, må vårt igd n (*igd f)= ein liten, vesal tingest truleg vera laga til fuglenamnet igda (*igd f).

Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms