Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

o

Gagna-

["gagna-]

Gagnavadet er eit vad i elva utom Nyastøl. Like ovanfor er Grungavadet, det er breidare og har stein- og sandgrunn. Gagnavadet er berre sva, det er smalt og beint.

Gagna har truleg samanheng med gno. gegn adj. = rett, bein, jamf. gno. gagnleid f. = beinveg. Aasen har gegn = bein, rett i mot. Det tyder litt om vadet er langt eller kort når ein skal vassa i iskaldt vatn. Dermed fortalde namna om den skilnaden det var på dei to vadeplassane. Gagnavadet: beint og kort, men også farleg. Grungavadet: lengre og grunnare, men tryggare. Kvifor skulle dei ha to vad så nær ein annan om dei ikkje gjorde kvar sin nytte? Og namnet skulle nettopp introdusera staden.

Namnet kan ikkje koma av gno. gagn n = nytte, for dei måtte ha mykje meir nytte av Grungavadet (sjå under Grung-), heller ikkje av gogn f. = reiskap, slede, for her er ikkje køyrande anna enn om vinteren.

o

Geitur-

["jai:tUr-]

Geiturhaugane ligg eit stykke opp i Nyastøllidi.

Namnet *Geiturdi finst ikkje no, og noka urd som kunne heita så, er her ikkje heller.

Truleg er namnet ei forvansking av gjetord n = rykte, omtale. Her kan ha stått ein grannestrid e.l. ein gong. Jamfør Stridsberg.

o

Graoss-

['graoss-]

Graossmyri er eit lite bruk i Nummedal.

Adjektivet gråsje vert i vikjamålet nytta om overskya og noko surt ver. "Han er graosjen" tyder at veret er noko surt og kaldt. Ross har graossen adj. = gråleg (om veret) og Aasen gråssen adj. = gråtsam. Truleg kjem gråsjen av gno. gråskyjadr, pret. partisipp bruka som adj. Frå den opphavlege tydinga har det så kome til å tyda surt, kaldt som det vert med skydekt himmel.

Om dette er førelekken i Grassmyri, må namnet tyda den sure, kalde myra.

o

Gravotn

["gra:vått*n]

Gravotn heiter stølen til eit par bruk på Åse.

Namnet må opphaveleg ha vore Gravbotn, for eit stadnamn i fleirtal i ubunden form ville vera eit særsyn, og heilt trygt prov er no det omstendet at der er berre eitt vatn.

Fyrste lekken må vera gno. grafar eller grafa-, gen. sing. eller pl. av gno. grof f., og namnet fortel oss at her har det ein gong vore dyregrav(er).

o

Grung-

["grong-]

Grunga heiter ei elv som halvt høyrer til Vik og halvt til Voss. Før ho stuper seg utfor Grungabakkane, og før ho gjer vossing av seg, renn ho flatt og fint, og her ligg fjellstølen Store-Grungjen. Etter fossar og stup når ho ned til Vetle-Grungjen - som er vossastøl, og her renn ho atter stilt og fredeleg til ho kastar seg utfor Grungagjelet, og no vert det berre kant i kant til ho sameiner seg med Sendo i Holo.

Det sermerkte ved denne elva er ikkje at ho renn stille over grunnar, men at ho rid svaberg i sprutande fossedrev, difor vil eg påstå at elvenamnet er sekundært. Noko verkeleg vatn renn ikkje elva igjennom, men på flatane i Vetle-Grungjen vert ho breid og grunn, som eit lite vatn mest. Og eit stykke før ho kjem til Store-Grungjen, lagar ho eit "vatn" av same slaget, men det er mykje større. Frå desse "vatna" må Grunganamnet skriva seg, desse må opphavleg ha heitt Store-Grungjen og Vetle-Grungjen, og så har så stølane seinare teke namna frå dei.

Grungjen kjem sikkert av eit *Grungi-, ei linn form til gno. grunnugr adj, som må vera laga med ga- suffiks til eit substantiv som me har i gamalnorsk i forma grunnr m. Grungjen tyder altså den grunne, eit svært høvande namn på desse vatna. Elvenamnet må vera laga med on- suffiks til stomnen Grung- i namnet på vatna.

Grung har me og i Grungavadet i Hopra (sjå også under Gagnavadet) Grunga- må vera laga på same måten som *Grungi- , men medan *Grungi- har fått substantivisk bruk, er Grunga- truleg bøygingsform av adjektivet, om då ikkje grunnordet vad er sett til seinare.

o

Gu-

['gu:-]

Guhaugen heiter eit bruk på Hove. Haugen ligg tett ved kyrkja, og det er ingen tvil om at han fortel om gamal gudekultus.

Formelt er det vandt å seia noko om namnet. Det kan koma av gno gud n sing. i grunnform, og haugen må vel - om så er - ha vore vigd ein særskild gud. Men Gu- kan og koma av guda n gen. pl., og me skulle då få eit døme på at synkope av ei mellomstaving ga aksent 1.

o

Gum- og Gumola

["gUm- og "gUmo:la]

To gonger har eg notert Gumåkeren og ein gong Gumolabakkane.

Gum- og truleg også Gumola- må koma av godmor f, som vart uttala gåemmou etter det gamle folk seier - no heiter det berre besta f.

Gumåkeren let seg då lett forklara ved vokalbortfall i samansetjing framfor ny vokal.

Namnet Gumolabakkane må vera laga med komposisjonsvokal a- til godmor eller godmol- uttala med l er lettare enn med r. Gumola- kan og vera samansett med eit personnamn Gum-Ola = Ola son til Gumme eller Gume. Frå mellomnorsk har me t.d. Erlendr Gummason. Gummi finst i fleire døme frå 1500-talet. O. Rygh reknar med at det finst i ein del gardsnamn. Han held det for ei kjæleform av Gudmundr.

Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms