Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

o

Eilve-

["ailve-]

Eilvegarden er på Grønsberg, ein teig ved elva Tura. Legjet kan føra tanken inn på at førelekken kan vera elv, men om så er, er det heilt eineståande med si diftongering av e framfor -lv eg har ikkje funne fleire døme på ai av gno. e framfor -lv, og palatal l som kunne ha verka e>ai finst i alle høve ikkje i målføret no.

Namnet kjem truleg av mannenamnet Eilef, som etter det gamle folk seier, vart uttala ailve, e'en må då vera eit sjeldsynt merke etter nominativ r, eg har ikkje funne det i andre namn.

o

Elgja-

["elja-]

Elgjamyri er den store flaten aust for Hopperstadkyrkja ned mot elva.

Falk & Torp meiner at indg. rot *el- med grunntyding "røre sig i urene og ekle sager, træde i smuss" m.a. er rota i elgja vb. og elgjen adj. som Aasen har i tydinga "føle kvalme" og "kvalm". Dansk dialekt har alske vb. = "søle, smudse". Hellquist har ei germ. rot *ulk. = fuktig.

Båe desse røtene kan vera utmerkingslekken i Elgjamyri.

Namnet må vera gamalt, i alle høve frå ei tid då elgja (og elgjen) hadde ei anna tyding enn den Aasen fann bruka truleg er det svært gamalt, jamf. at islandsk har elgja vb. -prøva å spy.

Grunnordet -myr kan tyda på at Elgja- kan koma av *el- fordi "den fuktige" bruka som utmerkingsord til myr ikkje gjev så god meining. Men -myr kan vera festa til namnet lenge etter det var laga, då folk ikkje lenger visste at elg- tydde våtlende.

o

Engjums-

["aingjUms-]

Finst berre i Engjumsflaten (Nummedal). Ordet kan vel ikkje vera noko anna enn gno. engjum, dat. pl. av eng f. Men ei underleg form er det. Som grunnord ville Engjum i dag ha heitt Engjane (som også er eit gardsnamn i Kvamsøy sokn). Namnet Engjumsflaten må vera laga med genitiv -s til ei stivna dativsform, genitiv s-en kan og vera komen inn seinare. Underlegast er det at dativen har halde på m'en for m var kvorven i dat. pl., jamf. Hatlekolo, Skjørvo, Hallrynjo.

Kanskje er hola oppkalla etter ein mann dei har kalla Engjumen, men om så er, må det vera eit etter måten nytt namn, og det er rart at folk ikkje veit noko å fortelja om det.

Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms