Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

o

Danemark-

["da:nemark-]

Finst ein gong, Danemark-gjelet, men kvifor eit trangt gjel har vorte oppkalla etter Danmark er ikkje godt å seia. Det er vel mogeleg at det ligg noko nedsetjande i det.

Om slike namn seier O. Rygh i N.G.F.: "Fremmede Lands Navne er ofte andvendte til Gardnavne i den senere tid". Om Danmark seier Rygh at det svært ofte blir bruka i namn på holmar.

o

Dauars-

["deu:ars-]

Ei lita hole oppe i Nummedalmarka heiter Dauarshola. Dette er eit namn som er vandt å tolka. Mest nærliggjande er det å tenkja på gno. dagverdr m (eller dogurdr m) som me har i Daurmålshaug og Daurmålnipen, daurmål av gno. dagverdarmål. Daurmål er eit ukjent ord i dag, men derimot kan ein endå hugsa gamle folk tala om å eta daur eller daurs, til daurs (= middag ca kl 11).

S'en i dauars- kan vera ein analogisk genitiv s- ei seinare ovring. Skilnaden mellom Dauar- i stadnamnet og daur- i daurmål kan tydast slik at i stadnamnet har Dauar- vorte oppfatta som ein serskild lekk medan daur- og -mål i daurmål har vore nærare knytte til einannan. Grunnen er vel at daurmål var eit appellativ som var dagleg bruka av alle, medan stadnamnet berre var bruka av nokre få då og då.

Tyder namnet Dagverdarhola, må staden ha vorte kalla så for di dei har ete "daur" her når dei slo i marka. Det kan høva bra for hola er flat og fin og ligg i ly for vinden. Hola kan i alle høve ikkje ha vore noko dagtidsmerke.

Formelt er det mogeleg at -gards er siste stavinga i Dauars-. Men det høver dårleg med terrenget. Gard i tyding inngjerdt mark kan det ikkje bli snakk og heller ikkje gard bruka om gjerde.

Segna prøver og å forklara namnet. Ho fortel at ein bjørn drap og grov ned ei jente her, og Bjønnsvoi som ligg like ved, skal han også ha gjeve namn.

o

Deie-

["dai:e-]

Deievollen på Seim er ei stor og nokså flat inngjerdsle. Deie- må koma av gno. deigr adj.= blaut, mjuk, i gno. er det visstnok berre funne bruka om mjukt metall. I stadnamnet må det tyda blaut, myrlendt mark, her er grøfta no, men før var her våtlendt.

Dej- finst i ein del svenske namn. Ein parallell til vårt namn er Dejmyren ("Nårkes sjønamn" s. 80).

Formelt er deie- = deigr adj. med linn bøyging. Eg har og høyrt uttalen daia-, men den er uvanleg.

Islandsk har digna (inkoativ) = mjukna, veikna, laga til eit diga = vera blaut, digr høyrer såleis til andre avlydssteget. (Gotisk deigan v. = gjera mjuk).

o

Dueskaret

["du:eska:re]

Dueskaret er namnet på fjellstølen til gardane Tistel og Holstad. Eit stykke over sela er eit stort skar som fyrst må ha fått namnet. Her ligg ein stein som vert kalla Dua (duao) og som etter folketymologien skal ha gjeve staden namn. Men steinen er ikkje særmerkt anten ved storleik eller legje - ein finn han knapt ved eiga hjelp - så det synest noko underleg at namnet skal stamma frå han. Om fuglen due var kjend i den tida i Vik, er vel heller ikkje visst.

Rettare vil det truleg vera å setja namnet saman med gno. dufa ub. duppa. Aasen har duva = m.a. "lude, bøie sig, i sær om at hænge med Hovedet eller nikke af Søvn". I den tydinga blir duva bruka i målføret: "Han kjem duvande" = han kjem gåande med overkroppen bøygd nok fram. (Frå ei av Johannes Heggland sine bøker: "Han tok til å verta heller tungføtt og duven yver akslene").

Den eine sida av Dueskaret (sjølve skaret) er svært bratt, omlag loddbein, og snau og mørk. Fjellvandraren kan ha fått ein tokke av at fjellveggen "dua" mot han.

Fyrstelekken er vel helst inifintiven duva (jamf. verb bruka som utmerkingslekkar), om då ikkje Dueskaret er sekundært og opphavleg har heitt *Duva e.l. = (t.d. fjellet) "som duvar fram".

o

Dun

["du:n-]

Over Ovri opp mot Eggi er Dunhelleren. Om staden fortalde kjentfolk at orren heldt seg mykje her før, og han let etter seg mykje dun. Orren held seg rett nok helst på opne stader, men utmerkingslekken kan vera teken frå eit namn som no er borte.

Dun- kan og vera myrdun som denne planten heiter i vikjamålet. Opp mot Eggi er store myrar der det veks mykje myrdun, og under helleren låg duna turt medan dei plukka seg nye fang. Eg har høyrt at dei nytta myrdun til putefyll på stølane. Ho vart vel nytta heime og når det vart for lite av fugle- -dun og -fjør til å fylla puter og dyner med.

I "Närkes sjønamn" side 57, tolkar Erik Brevner dun i ein del stadnamn som "ängsull".

o

Dvergar-

["dvergar-]

Dvergarvoll er ein skoglaus liten flat ute i Dalalidi. Like ved ligg Dvergarsteinen, i han er det tre skålgroper. Eva og Per Flett meiner at her ein gong har vore ein kultstad (truleg i bronsealderen eller i eldre jarnalder).

Formelt kan ikkje Dvergar- vera genitiv av gno. dvergr m som hadde genitiv på -s. Gamalnorsk hadde samansetjingar anten i stomnform eller med komposisjonsvokalen -a (gen. pl.): dvergadalr m, dvergmala f. Eit einaste islandsk stadnamn har utmerkingslekken dverg-: Dverghamrane. Dette tolkar granskarane slik at dvergr m var tevla uta av huld f e.l. då landnåmstida tok til. Frå Noreg har me fleire gardsnamn samansette med dverg: Dvergsdal (Jølster), Dvergsdalen (Hafslo), Dvergsnes og Dvergsøya.

Eg har ikkje funne noko døme på samanfelling med -ar etter dverg: aksenten viser og at Dvergar- ikkje kan vera genitiv. Siste stavinga -ar eller -gar må vera gard. Kva slags gard som har hatt namnet, er uråd å vita (kanskje ei utgraving kan gje svaret). Likevel skal det vera tuft etter eit sel, men om garden har vore knytta til stølsdrifta, om han hadde med steinen og stølsdrifta, om han hadde med steinen og kulturen å gjera, eller om han rett og slett berre har vore ei slåttemark frå seinare tider som har fått namn frå steinen og sidan gjeve namn til steinen att, får stå ope.

Segna forklarar skålgropene på sin måte: Dei hadde terga dvergen fælt, i sinne bråsnudde han seg då rundt på hælen. Såleis vart holene til. Folk har såleis tykt at steinen var noko utanom det vanlege. Om det var namnet som gjorde det eller steinen sjølv eller ein tradisjon attende i tida, veit me ikkje, i alle høve finst aldri dvergen elles i segnene om dei underjordiske.

Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms