Stadnamn i Vik

Av Synnøve Holstad, 1964

A B D E F G H I J K L M N P R S T U V Y Å

o

Bås-

['bao:s-]

Båskori er ein lang, smal teig i Nummedal. Bås- må anten koma av mannsnamnet Bård, eller av bås m, gno. båss m (Sjølvsagt kan det og koma av gno. bátr n men namn som er knytte til sjøen, førekjem visst ikkje i det heile i stadnamn oppe i bygda.)

Aksent 1 tyder på at utmerkingslekken er Bård, for bås m har i samansetjingar alltid aksent 2 og har såleis ein synkopert komposisjonsvokal.

o

Bal-

["ball-]

Balvoll er dei etter måtene flate markene før ein kjem til Bødalen skule (noko er no eit eige bruk, noko høyrer framleis til Tryti). Balvoll har elva, Hopra, på den eine sida, og er eit stykke oppdelt av ei bratt reine.

Ordet må truleg koma av ein stomn bal-. Ein stomn *ball kan og tenkjast sidan ll ikkje vert differiensert til dl. i samansetjingar, bortsett frå mellom vokalar: td. fjedl, men fjellstøl - ein uttale badlvodl er no mest utenkjande til å halda seg noko tid, så tung han er.

Me kan difor tenkja oss ei utvikling balla>badla>badl>bal(l). Jamf. at namnet har aksent 2 og namnet kan difor vera gen. (helst pl.) til gno. bollr m som Fritzner har i tydinga "rundt legeme". Namnet må då koma av nokre runde haugar her er, dei er små, men alltid store nok til å gje namn åt ein voll.

Namnet kan og koma av gno. bali m = "jævn Forhøining eller Vold, der strækker sig langs strandhedden" (Fritzner), og som A. Kjær fører opp som tyding for m.a. Balestrand. Bale kan ha vore bruka ikkje berre om langstrekte reiner ved stranda, men om slike reiner andre stader og, t.d. slik som her ved ei elv.

Ei tredje mogeleg tyding, som eg held for den mest rimelege, er at bal- har samanheng med verbet bala=streva og bal n- strev. Båe desse orda vert bruka i dialekten, sameleis balasamt adj. - strevsamt. Fritzner har gno. baldrast vb = kava, streva.

Jordsmonnet på Balvoll er tunt og skrint, og her er mykje sol, så det har nok ofte vore mødesamt å få graset av rota. Og slikt var ting som talde, om det fortel dei mange småsogene om bitlause ljåar og tungslege gras.

o

Barna-

["badna-]

Barnadalen heiter eit lite dalføre langs Tenålselvi, frå Tenål og oppover mot Stadheim. Førelekken må vera gno. barn n Komposisjonsvokalen kan vera gen. pl. eller han kan ha kome inn for skuld uttalen. Gamalnorsk hadde samansetjingar med genitiv -s: barns, med -a: barna- og i stomnform barn-.

Kva namnet kjem av, veit ingen i dag. Sidan staden ligg nær gardstunet, er det tenkjande at ungane kan ha hatt tilhaldsstad der. Når barn, som så mykje anna, blir bruka i stadnamn, er det serleg i smanband med ei eller anna syrgjeleg hending. Jamf. Indrebø: Norske Innsjønamn. Av interesse for ei mogeleg anna tolking er at Barnadalen ligg berre eit lite stykke frå den gamle kyrkjegarden på Tenål.

o

Beitar-

["bai:tar-]

Beitarhaug er ein skogkledd haug oppe i Midlangslidi. Fyrste lekken kan vera gno. beit f som Fritzner har i tydinga beite n, men det er vandt å skjøna kvifor haugen har fått eit såvore namn, her er ikkje betre beite enn andre stader i lida.

Aasen har beit f "friske Kvister til Foden for Geder eller andre Kreaturer", og ei slik tyding ville høva godt her, for Beitarhaug er visseleg ein stad der dei riste i eldre tider. Dei hadde gjerne visse stader der dei hogg ris til for om vårane, og desse stadene måtte helst liggja lagleg til. Andre slike namn er Rishola og Rispeteigen.

o

Bleie-

["blai:e-]

Denne førelekken har me også berre i eitt namn: Bleiehaugen på Hove. Det er ein stor haug som stikk seg fram frå fjell- og bakkeskråningen bakom. Eg har difor vore inne på at namnet kan koma av gno. blegdi m -kile, som Aasen har i formene bløyg m og blei(g) m (jamf. eventyret: Prinsessa som ingen kunde målbinda, der bløyg er bruka).

Det er likevel mest truleg at Bleie- kjem av gno. blæja f -teppe, dun, for den eine sida av haugen- den som er innmark, og den som mest gjev terrenget skap av ein haug- er vid og slett og firkanta, bortsett frå at ho smalnar noko av mot toppen. Ho ser verkeleg ut som ein duk. Formelt er det og den mest nærliggjande løysinga gno. blæju vert heilt regelrett bleie. Jamf. Indrebø "Norske Innsjønamn" der han fører ei mengd stadnamn på Blei-, Bløy- attende til gno. blæja f.

o

Bleiks-

['blaiks-]

Bleikslid er ein lidateig som høyrer til Stadheim sidan førelekken tydeleg er eit substantiv, kan me ikkje setja han beinveges til gno. adj. bleikr, då måtte namnet vera sekundært t. d. i høve til eit elvenamn *Bleik, eit elvenamn som Rygh reknar med i N.G. Her renn ei elv, Øyasetelvi, nordom teigen. Ho kjem frå Rambera og går nok med grønkvitt vatn om våren og utover sommaren ei stund. Utifrå naturtilhøva er det likevel meir tenkjande at namnet frå fyrst av har vore knytt til same staden som no: Bleikslid ligg nett over skoggrensa, her veks mest sølvvier, og marka held seg kvitgrå her etter at det er vorte grønt andre stader. Bleikslid kan såleis vera sekundært i høve til eit tidlegare namn *Bleik på fjellskråningen her.

Mest rimeleg er det vel at Bleiks- er jamføringsord til bleik m = tøy lagt til bleiking. Bleik m blir bruka i dialekten Ross har bleik m (eller f), Aasen har bleik f jamf. gno. bleikja f.

o

Blikka-

["blIkka-]

Blikkabakkane er ein utmarksteig på Åse. Målføret brukar blik n (utt. blik)=snautt, kvitt berg som er så stort at det viser eit godt stykke i frå. Aasen har blik n i tydinga ein bleik eller kvit flekk t.d. "på en Klippe". Ross har blik n om bein, skoglaus flekk i det heile.

Snautt, kvitt berg skal det ikkje vera i Blikkabakkane. Difor er det truleg at blik her er bruka om snaue markflekker som skin fram mellom skogkrullane, altså same tyding som hjå Ross.

Blikkabakkane ligg beint over gardstunet og er godt synlege derifrå.

o

Bogskinnet, el. Bukkskinnet

["bo:gsjInne el. "bUkksjInne]

Eg har høyrt båe desse namna på ei lita skor oppe i dei bratte Nummestolane. Dei fleste seier bougsjinne, som me må halda for det rette, då ein lydovergang boug>bukk framfor -sk i trykksterk stilling er nokså vanleg, medan bukk>boug framfor -sk i alle høve ikkje let seg forklara som ein lydrett overgang.

Noko appellativ bogskinn n vert ikkje bruka i Vik no, i Nord-Hordaland (Radøy) derimot kallar dei den vesle, trekanta skinnbiten framme mellom bøgene på sauen for eit bogskinn. Korkje Aasen eller Ross har det. Truleg er Bogskinnet samanlikningsnamn til denne vesle skinnbiten. Jamf. gno. bøgr. m (gen. bøgar)= bog m

Dyreskinn vert stundom bruka i norske stadnamn, sjå Indrebø: "Norske Innsjønamn".

o

Boss-

['båss-]

Bosstolane er ein utmarketeig på Fosse. Staden ligg i ei bratt fjellside med eit mest loddbeint hamralag over.

Fyrste lekken kan knapt vera botn m: her er i alle høve ikkje nokon botn slik ordet i stadnamn vanleg blir bruka men formelt kan utmerkingslekken godt vera botn: botnastolane>botnstolane>botstolane>bosstolane.

Truleg kjem Boss- av gno. borg f "Terasse, Flade, som har høit Land eller Fjeld på sin Bagside, men foran falder saa brat af mod det lavere liggende Land, at dets Bestigelse derfra falder vanskelig" (Fritzner). Ei betre skildring av Bosstolane er vanskeleg å gje. Lydleg let Bosstolane seg lett forklara av Borgstolane, med bortfall av g. på grunn av fleirkonsonantisme og assimilasjon av rs til ss.

o

Brim-

["brim-]

Denne utmerkingslekken er bruka to gonger. Brimdalen og Brimteigen.

Namnet Brimdalen vert forklara slik at ein mann frå Bø for ein 70-80 år sidan miste ein brimbutt or kløvi der, og brimen rann ut og ga dalen namn.

Det er mogeleg at soga seier sant, men det ville og høva godt om staden hadde fått namn etter brim m= "Skover, Bundfald, Bærme" (Aasen), for her er tett, delvis nedrotnande bjørke- og ospe-skog av lange, spinkle gamle tre. Denne skogen høvde korkje til lauving eller veding og fekk stå i ro. Brim i denne tydinga må i alle høve vera førelekken i Brimteigen.

o

Brot

["brå:t-]

Brothatten er ein høg fjelltopp mellom stølane Vikjadalen og Gravotn.

Brot- kjem mogeleg av brot m= larm, bråk, som er vanleg nytta i dialekten. Aasen har brot n i same tydinga. Det blæs jamnast oppå Brothatten, og det er vel grunnen til namnet.

I Vik kallar dei øvste delen av ein sokk og det av labben som går opp på leggen for eit brot (bråt), sameleis har me brot på ei trøye og brot på ei erm. Eg har vore inne på tanken om at Brothatten kunne vera jamføringsnamn til brothatt m = ein hatt med brot på. Eg har ikkje funne ordet, så det vert berre gissing, men frå Telemark har Ross "ein viibrota Hatt". Formelt kunne eit slikt appellativ godt tenkjast jamf. skyggehuve, topphuve o.l.

Eit slikt jamføringsnamn høver godt på fjellet, som ikkje er særleg bratt nedst, men vert di brattare lenger oppe.

o

Brott-

["brått-]

Brottledet er ved Hopperstadkyrkja, men folk er ikkje samde om kva som heiter Brottledet. Hermund Skjøro fortel etter far sin at det er sjølve porten inn til kyrkja, medan folk på Hopperstad seier at det er ledet der den gamle kyrkjestigen over Mysestokken til Hønsi og Holstad tek av frå Hopperstadvegen.

Ordet må koma anten av gno. brot n = bryting, nedbryting - og då tyder ledet som er brote-, eller av gno. braut f = oppbroten veg (Fritzner), og tyder då ledet ved vegen.

Den siste tydinga høver i alle fall ikkje på kyrkjeporten, det måtte vera heilt urimeleg å kalla han for vegaledet. På det andre ledet der den gamle kyrkjestigen kjem inn på Hopperstadvegen, kunne nok namnet høve. Om så er tilfelle, kan ikkje namnet vera serleg gamalt, for gjerdet langs Hopperstadvegen er visseleg ikkje av svært gamal dato. Og var namnet så pass nytt, skulle ein ha venta meir samsvar mellom det folk veit å fortelja om det.

Om namnet - som eg trur - fyrst har vore knytta til den noverande kyrkjeporten og seinare vorte overført til den næraste grinda, må det koma av det førnemnde gno. brot n Olaf Hopperstad fortel at for lang tid attende gjekk ikkje vegen som no på sørvestre sida av kyrkja, men på nordvestre sida og opp Bryningadalen. Om det er så, må porten inn til kyrkjegarden ha vore her. Men dette måtte vera svært keiveleg for det kyrkjefolket som kom frå gardane austanfor elva - dei måtte då så å seia gå rundt kyrkja for å koma til porten, og det ville ikkje vera underleg om dei fekk brote seg eit led i steingjerdet.

o

Bruknappen

['bru:knappen]

Bruknappen er eit lite jordstykke - ei lita reine og ein bitte liten flat - som ligg ved Prestbruna på vestsida av Hopra.

Fyrste lekken er såleis grei. Grunnordet må vera gno. knappr m, men det må ha ei anna tyding enn O. Rygh reknar med at knapp har i norske gardsnamn. Knapp må her anten tyda ein liten haug eller eit lite markstykke, og vera samanlikningsord til anten ein rund "hauget" knapp eller ein knapp dømd etter storleiken etter båe deler.

o

Brystbringa

["brYstbringao]

Så heiter ein teig i Bø. Både grunnordet og utmerkingslekken er greie kvar for seg, men saman er dei eit uvanleg stadnamn. Bringa f hadde i gamalnorsk m.a. tydinga "Brystkassen på det menneskelige Legemet" (Fritzner). Brjost n hadde omlag same tydinga, men kunne også tyda diebryst og det indre brystet.

Båe appellativa er i bruk i vikjamålet, men bryst n blir bruka så godt som berre om diebryst, medan bringe f både er brystkassen og det som er innanfor, jamfør "tung for bringa," og "slå seg for bringa". Brystbriga kan då vera jamføringsnamn til bringa med brysta.

Sidan det ser ut til at bringa f har vunne terreng i høve til brjost n, kan og ei anna tyding vera mogeleg: Opphavleg kan teigen ha heitt *Brjost-, men då apellativet bryst så kom til å tyda berre diebryst, vart det naturleg å kalla teigen og med bringenamnet, medan bryst feste seg som førelekk.

Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms