Vik gjennom hundreåri


Den breie og grøderike bygdi Vik har eldgamal busetnad. Området må tidleg ha peika seg ut som ein god stad å slå seg ned. Einskilde område skil seg ut med mange store gravhaugar. Dette er område som har vore mektige og rike og som må ha vore sentra i forhistorisk tid. Eit slikt område er Vik.

Gravhaug i Moane
Vik må ha vore eit senter i Sogn gjennom store deler av bronsealderen og jernalderen (1800 f. Kr - 1050 e. Kr). Dette skuldast nok at jordbruket har stått sterkt i Vik. Andre stader kan det vera sentral plassering i forhold til ferdselsvegen, t.d. leii, som kan liggja til grunn for å verta sentralstader.

Handel, vikingferder
Gardane i Vik ligg på gamle elveterrassar, og det er frampå desse at mange gravhaugar ligg. Fleire gravhaugar har rike funn som viser at vikjene har hatt handel og samkvem med både inn- og utland. Det er spesielt gravfelti på Stadheim og på Hove som har gjeve rike funn. På Hove har gravhaugane vorte bygde ca. 400-500 år e. Kr. På Hopperstad er det gjort funn som viser at det må ha vore reist i viking frå Vik. Det gjeld funn som bronsebollar og bronsefat, utstyr som ein reknar kom til Noreg med vikingferdene.

Storarbeid å byggja ein gravhaug
Dei store gravminni viser at der i forhistorisk tid fanst samfunn med evne til å samordna ein større felles arbeidsinnsats. Byggjematerialet, oftast jord eller stein, er bore eller drege på plass. Eit gravminne med diameter på ca 20 m og høgde 2.5 m inneheld ca. 400 m3 masse. Det gjekk truleg med 200-400 dagsverk til å byggja eit gravminne av denne storleiken. Det kan 20 personar ha greidd på 20 dagar, men strekte arbeidet seg over lengre tid, er det mogeleg at ei slekt kan ha utført byggingi. Er gravminnet bygt på kort tid, er det truleg ei heil bygd eller stamme som har vore mobilisert. Dette syner noko av den kontroll haugbyggjaren har hatt over arbeidskrafti.

Hopperstadkyrkja
To gamle kyrkjer
I siste halvdel av 1100-talet vart det bygt ei stavkyrkje på Hopperstad og ei steinkyrkje på Hove i Vik. Begge kyrkjene er restaurerte og er til gleda for bygdafolk og turistar. Kyrkja på Hove var ei privatkyrkje og tyder på at der var eit høvdingsete med stor velstand.

I tillegg til desse to kyrkjene var det og ei stavkyrkje på Tenål. Kyrkja gjekk tapt i eit ras, truleg på 1500-talet. Denne kyrkja kan og ha vore bygd på 1100-talet. I 1877 vart så den kyrkja som er i bruk i dag bygd.


Mellomalderen
Fram til 1700-talet gjekk livet sin vante gang i hundrevis av år utan store endringar, i Vik som andre stader. Svartedauden herja og la gardar aude. Folk levde av det jordi, fjellet og fjorden gav. Det var jordbruket som livnærte folk, skogbruket har aldri hatt sentral plass i sjølve Vik. Få levde og av det dei kunne hausta frå fjorden.

Fanejunker Adam Reutz
Ekserserplass
I 1726 vart det oppretta ekserserplass i Vik. Dette markerer eit viktig hende i Vik si historie. Med ekserserplassen kom det soldatar og offiserar til bygdi. Etter at Vik frå 1874 vart øvingsstad for Sogns bataljon, starta Viks militære stordomstid. Offiserane som budde og slo seg ned i bygdi, betydde mykje for Viks utvikling. Dei var føregangsmenn innan jordbruket, og dei var sentrale i styre og stell i bygdi. Andre viktige hendingar på 1700-talet var at Vik fekk skulehus alt i 1741. Det var presten Anders Daae som for eigne midlar sette opp skulehuset. Det vart eitt av dei fyrste skulehusi på landsbygdi i Noreg. Huset vart rive på 1890-talet.

1800 - talet
2. desember 1811 hende den største ulukka som har vore i Vik. Nese i Arnafjorden vart råka av eit stort ras, og 45 menneske omkom. Gardane på Nese låg samla i eit klyngetun, difor vart ulukka så katastrofal. Betre vart det ikkje ved at året 1812 var eit naudsår utan like. Det var hardt arbeid for å klara seg. Mange måtte ha hjelp. Men etterkvart baud det seg eit alternativ som mange nytta seg av. I 1839 reiste dei fyrste vikjene til Amerika. Det var Per Ivarson Undi med kone og born som vart dei fyrste emigrantane frå fylket. Seinare skulle svært mange fylgja etter. Viss ein rekna med bygdene Feios og Fresvik, har over 4000 reist frå Vik kommune. I år 2000 er folketalet så vidt under 3000. Det er titusener i USA som har ætterøter i Vik.

Siste halvdel av 1800-talet vart prega av at bygdafolk gjekk saman i lag og foreiningar, og tenesteytande organ vart oppretta. Postkontor fekk Vik i 1844, Vik Sparebank vart skipa 1846 og i 1858 vart eit landboselskap oppretta. Sidan gjekk det slag i slag med skyttarlag, fråhaldslag, sedelighetsforeining, songlag, forbruksforeining, ungdomslag og fleire andre. Folk fekk nye soiale møtestader. Utskiftingane gjorde at klyngetuni vart oppløyste, og det endra arbeids- og levekåri drastisk. I 1865 vart Vik Hjelpefengsel bygt. Sidan den tid har det einaste fengselet i Sogn og Fjordane vore lokalisert i Vik. Fengselet er i dag umoderne og treng opprusting, og kommunen og dei tilsette engasjerer seg sterkt for modernisering av fengselet. Nemnast bør og Vik Meieri som vart oppretta i 1897. Mange meieri har vorte lagde ned, men Vik Meieri eksisterer framleis i år 2000. Meieriet er det einaste i landet som produserer gamalost, og kvart år vert det arrangert ein gamalostfestival.

El-verket 1913
I 1913 vart det fyrste kraftverket i Vik ferdigbygt. "Den største hending i Viks utviklingshistorie" vart det kalla då el-verket var ferdig. Det knytta seg store voner til framtidi med industriutbygging og anna. I 1920 kom då og dei to fyrste industribedriftene i Vik, Vik Trevarefabrikk og Vik Hermetikkfabrikk. Trevarefabrikken sysselsette mellom 10 og 20 personar, og hermetikkfabrikken hadde ca. 60 personar i arbeid frå mai til september. Begge desse bedriftene er no nedlagde.

Rv13 over Vikjafjellet
1950-2000
I 1957 vart vegen mellom Vik og Voss over Vikjafjellet offisielt opna. Eit gamal vegkrav var vorte røyndom. Vik hadde fått ei opi dør til omverdi utan å nytta ferje eller båt. I år 2000 er vegen framleis ikkje heilårsveg, og er stengd i periodar kvar vinter. Vik kommune arbeider hardt for å få heilårsveg. På 1950- og 1960-talet var det to kraftutbyggingar i Vik. Kraftutbyggingane gav arbeid til mange, folketalet auka att i Vik. Mange tente godt og investerte i utbygging av gardsbruki sine. Frå slutten av 1960-talet til ca. 1990 skjedde det ein revolusjon i jordbruket i Vik. Det vart dyrka mykje og bygt mange nye driftsbygningar. Då siste kraftutbyggingi var ferdig, vart det arbeidd hardt for å få nye arbeidsplassar til bygdi. Det lukkast, og Vik Verk vart opna i 1968. Bedrifti produserte rekkverk, skilt, snøskjermar og andre produkt i aluminium. På det meste var der 220 personar i arbeid. Seinare har bedrifti vorte oppdelt i fleire selskap, og til saman er der langt færre arbeidstakarar i år 2000.

Kommuneregulering
I 1964 vart Vangsnes som hadde høyrt til Balestrand lagt til Vik, og Kvamsøy gjekk over til Balestrand. Ny kommuneregulering vart det i 1992 då Feios og Fresvik vart ein del av Vik kommune etter å ha høyrt til Leikanger tidlegare. Desse bygdene og Arnafjorden fekk vegsamband til Vik fyrst på 1970-talet. Vegen til Feios vart opna i 1970, til Framfjorden i 1971 og til Fresvik i 1976.

Sysselsetjing
Vik har frå gamalt av vore ei jordbruksbygd. Men i år 2000 er det i Vik kommune 15.5 % som livnærer seg av jordbruket og 18 % jobbar i industrien. Størst er helse- og sosialsektoren der 21.5 % av arbeidsstokken er sysselsett. Flest tilsette er det i Vik kommune, der er til saman ca. 350 tilsette som utfører 200 årsverk. Folketalet pr. 1.1.2000 er 2965, og det var 1209 registrerte arbeidstakarar i 1999.

Arne Inge Sæbø.
2000-2020 © Torstein Hønsi