Turistinfo om Vik i Sogn



Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, den lengste fjorden i verda. Mange vegar fører til Vik - riksveg 13 over Vikjafjellet frå Bergen og Oslo, fergesambandet Vangsnes - Hella - Dragvik over Sognefjorden, og det går hurtigbåt til Bergen, om sommaren 2 gonger pr dag.

Vik kommune hadde i 2002 omlag 2900 innbyggjarar. Kommunen har eit variert arbeidsliv, med ei blanding av industri, jordbruk og reiseliv. Kommunen utgjer 5 bygdelag: Arnafjord, Vik (sentrumsområdet), Vangsnes, Feios og Fresvik - rekna frå vest mot aust innetter fjorden. Alle desse stadene har i dag offentlege tilbod som skule, barnehage, bibliotek og grendahus. Det finst ein landhandel i kvart bygdalag. Kommunen har 5 kyrkjer i aktiv bruk. I tillegg til desse har Vik 2 middelalderkyrkjer :
Hopperstad stavkyrkje Hopperstad stavkyrkje Hove steinkyrkje


Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje som om sommaren er ope for publikum. Desse vert brukt til gudstenester, konsertar (Hove), og bryllaup. Vik er elles svært rik på gamle kulturminne, og på ei vandring mellom dei to kyrkjene kan ein sjå Moahaugane - ei særmerkt samling gravhaugar som i hovudsak daterer seg til tida 200 - 400 e.Kr. Vik kan og syna fram det verna området på Vikøyri med eit intakt strandsitjarmiljø med 60 hus.
Frå Vik sentrum Frå Vik sentrum Utsikt frå Kyrelvi Utsikt frå Kyrelvi


Borgstova ligg i sentrum, likeiens motorsamlinga på Kristianhus som har mange gjenstandar frå kystmiljøet ved fjorden. Her ligg og turistkontoret.

Litt ut frå sentrum byr naturen på mange oppleveingar for dei som intresserer seg for friluftsliv og kultur. Høg°ardane Grønsberg på Seljadalen og Le i Framfjorden. På Vangsnes står statua av Fridtjov den Frøkne. Den isolerte veglause garden Finnabotn er ei naturperle.
Fidnabotnen Fidnabotnen Fridtjovstatua på Vangsnes Fridtjovstatua på Vangsnes


Avstanden mellom fjord og høgfjell er kort. På Vikafjellet kan kan du gå på ski til langt ut på sommaren, og nyta eit svalande bad i Sognefjorden. Fresvikbreen ligg innafor kommunen sine grenser. Vik kommune har utarbeid turkart med opplysning om fotturar etter merka stiar. Kartet får du kjøpt i turistinformasjonen, på campingplassar m.m.

På fjellet er det rikeleg høve til aurefiske i vatna og i elvane. Vi kan også tilby laksefiske i Vikja. Hugs å kjøpe fiskekort!
Meir turistinfo:
Vik kommune - Sjå etter menypunktet Turistinfo i toppmenyen. Norsk, engelsk og tysk tekst.
Sognefjord Reiseliv - Norsk og engelsk tekst.
Sognefjord.no - Norsk og engelsk tekst.
2000-2020 © Torstein Hønsi