Gygregryta og Stabburet. Begge stadene ligg ved stølsvegen frå Indrefjorden til Åsdalen og Hallsetdalen. Ei gyger kokte graut i gygregryta, og hadde mjølet i Stabburet. Det var eitt steg unna, men på kartet er det 3-4 km. Veden hogg ho i Stordalen sør for Hallsetdalen og det var to steg for gygri.
Ein dag sette ho kallen til å blåsa på varmen, men då han lot elden slokna vart ho så sint at ho støytte hol i botnen på gryta. Kallen gaulte fælt då han fekk det kokande vatnet i ansiktet.
Det vart og fortalt at det var denne gygri som enda sine dagar då ho skulle innover i Sogn. Ho steig frå Høgstaberget over til Rosete og derifrå til Bungane, men då ho skulle byksa frå Gunnarsete over til Varpet vart det for langt og ho datt ned i Hopre-osen. Det er difor det luktar slik der.
Map Vicinity Info