Guestbook

Search the guestbook    Sign the guestbook

Strending
Location: Bergen

June 11th at 10:19 pm
Det er vel på tide å kåra vinnarane av snjotippen?? Skaren ber i alle fall ikkje så godt lenger på Nonhaugen og comeback over 94 cm skal vel noko til? Men ein skal vel aldri seie aldri...??
Comment: Eg trur du har rett. Sjå framsida.

Reidunn
Location: Røysane

June 27th at 10:46 pm
Torstein, kva skjer med vêrstasjonen på Voll???? Den er sårt sakna. Den er avgjerande i mang ein vêrdiskusjon på jobb.....var det eigentleg på heitt i går (som om det har vore noko tema i år - eg tenkjer me seier; kor kaldt var det i går??), regna det meir i mai i år enn i fjor? For ikkje å snakka om vindstyrken.... Eg står heilt utan bakgrunnsstoff og faktakjelder og kan rett og slett ikkje slå i bordet og avgjera diskusjonar lenger.
Comment: Der temperaturmålaren sto er det komme vinterhage og regnmålaren er i ferd med å bli inne i stova. Inneklimaet på Voll er vel so måteleg interessant for det store publikum, men eg skal sjå om eg får flytta verstasjonen ut på ein gardapåle. Etter kvart har eg planar om ein ny og sværare verstasjon med vifte på termometeret og varmeelement i regnmålaren og greier.

PS: gratulerer med overstått!

Borghild
Location: AttmedSøbbe

June 29th at 9:41 am
Tykkjer verstasjonen godt kan stå i stova og registrera veret på Vodl. Til dømes oppheta diskusjonar eller iskalde skuldrar. Dette kan vere god informasjon til gjestebokji.

<< May 2010 -

June 2010

- July 2010 >>
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms
Valid XHTML 1.0 Strict