Ovri

Pron. "åvri; surname Ovrid; Am. Ovrid.

Ovri (gno. *Ofrin) må tyda noko slikt som 'den øvre/heva marki', kanskje i motsetnad til Undi. Sistelekken er i alle fall vin 'grasmark, beitemark'. Ovri skal etter tradisjonen vera den fyrste garden på Ovrisdalen, og det skulle vera folk frå Bø som slo seg ned her. Sjølv om dette i so fall er ei over 1500 år gammal segn og må takast med ei klype salt, so høyrest det ikkje usannsynleg ut. Bø er 'modergarden' i Vik (Bø tyder berre 'gard'), og at Ovri skulle vera fyrste garden på Ovrisdalen høyrest og greitt ut. Heile dalen har fått namn etter garden, og dessutan var Ovri rekna for ein særs god korngard. Vårstølen til Ovri er Ovrisstølen og fjellstølen er Ovrisfjellet.
Ovri (ON *Ofrin 'the upper/elevated meadows/pastures') is traditionally said to be the oldest farm in Ovrisdalen, and it was told that people from the farm Bø settled there. If this is true, it is a more than 1500 years old tradition. Yet it sounds probable, as we know that Bø is the 'mother farm' in Vik (Bø simply means 'farm'). Also, we know that Ovri has given name to the Ovrisdalen valley, and that Ovri was considered a good place for cultivating grain. The Ovri farms have their spring farms at Ovrisstølen and their summer farms at Ovrisfjellet.
Map

Ovri sett frå Nedstegalden ved Hang

June 23rd 2001

Ovri sett frå Nedstegalden ved Hang

Ovri sett frå Ramberstølen

2001

Ovri sett frå Ramberstølen

Oversikt: Øvregardane sett frå Haukaberget

2001

Oversikt: Øvregardane sett frå Haukaberget

Oversikt: Ovrisdalen sett frå Nummedalsstølen

2001

Oversikt: Ovrisdalen sett frå Nummedalsstølen
o
All pictures on this page are © Torstein Hønsi.
www.vikjavev.no - Torstein Hønsi © 2001
Torstein Hønsi .:. N-6893 Vik i Sogn, Norway .:. (+47) 41 61 18 68 .:. Index pages: Photo | Farms | Mtn. farms